Dette er ein særdeles vakker sykkeltur tettpakka med naturopplevingar i Astrups rike. Turen startar i Skei sentrum ved nordsida av Jølstravatnet, ein kjent stoppestad for turistar med blant anna hotell og den populære gåvebutikken Audhild Viken. 

Første delen går på gang- og sykkelveg med utsyn til Jølstravatnet, eit av Nord-Europas beste aurefiskevatn. Når du kjem til overgangen mellom Jølstravatnet og Kjøsnesfjorden, røyser dei høgaste fjella i Jølster seg, og inst kjem også Jostedalsbreen krypande ned mellom fjella. 

Den kjente kunstnaren Nikolai Astrup måla fleire av bilda sine herifrå, og du vil truleg kjenne igjen motiva. Grovanipa markerer seg sterkt i landskapet når du står på Kjøsnesbrua, og er eit ynda fotomotiv. 

Når du syklar langs Kjøsnesfjorden mot Sægrov, vil du ha stupbratte og høge fjell på begge sider, og saman med det irrgrøne vatnet og utsikt mot breen syklar du midt i mot noko av det vakraste Norge har å tilby.

Ein kort og flat tur som passar for heile familien.

Kontakt

Adresse:
  • 6843 Skei i Jølster
Telefon:
+4757721955
E-post:
post@sunnfjord.no
Nettside:
www.sunnfjord.no

Hvor er Sykkelrute - Skei - Sægrov - Skei?