Vakre Stardalen er målet for denne turen. Turen startar i Skei sentrum med utsikt over Jølstravatnet. Du syklar langs trafikkert veg dei første kilometrane før du kjem til Klakegg. Frå Klakegg går turen innover til Fonn langs lite trafikkert og flat fin veg. Stardalen er aktiv jordbruksbygd og i kulturlandskapet kan du treffe på både sauer og kyr.

Dette er ein innhaldsrik sykkeltur i vill vestlandsnatur, tett på Haugabreen og med moglegheit for kafébesøk. Turen startar i Skei sentrum med utsyn mot Jølstravatnet. Her kan du besøke den populære gåvebutikken Audhild Viken eller handle med deg proviant til turen.

Dei første kilometerane går på trafikkert bilveg i ope landskap, forbi jorder og små og store vatn, før du tek av mot Stardalen ved Klakegg. Om du syklar med born, anbefaler vi deg å starte turen her for å unngå ei trafikkert strekke.

Stardalen blir kalla "bygda under breen" og har eit majestetisk landskap. Dei bratte fjella du er omringa av skapar ein vakker kontrast til det flate og opne landskapet du syklar gjennom. Her kan du utforske naturen nær brearmen Haugabreen inst i dalen, eller ta avstikkarar til fleire sidedalar, med blant anna bygningar frå tidlegare tiders stølsdrift.

Det er store sjansar for å møte på geiter, sauer eller kyr i den aktive jordbruksbygda, og om du blir svolten undervegs, har Stardalen sin eigen sommarkafé. Dette er turen for deg som ønsker å komme tett på variert og mektig vestlandsnatur.

Last ned turbeskrivinga her.

 

 

Kontakt

Adresse:
  • 6843
  • Sunnfjord
Telefon:
+4757721955
E-post:
post@sunnfjord.no
Nettside:
www.sunnfjord.no

Hvor er Sykkelrute - Skei - Stardalen - Skei?