Til Askrova kjem du med rutebåt frå Florø. Ved kaia der rutebåten legg til er det ein daglegvarebutikk. Til saman er det 9 km med asfaltert veg på Askrova. Terrenget er for det meste flatt mellom ferjekaia og Valvik. Vil du sykle til Hammerseth/Vallestad er det 2 bratte stigningar før du kjem over toppen. Frå øya er det ei storslått panoramautsikt mot hav og omkringliggande øyar.
Verdt å få med seg:
- «Trollhola», ei hole frå urtida. Hola er på storleik med ein katedral, og inneheld fleire holegangar, eit vakkert og spennande naturfenomen.
- Tursti til Skaratoppen (219 m.o.h.), ein fin familietur. Ca. 50 minutt til toppen.
- Ved Hammerseth-vatnet er det rasteplass og grill, og høve til å fiske ørret.
- Grillhytte på fjellet
Sykkeltutleige: Nærbutikken Tansøy, tlf. 57 74 51 12.
Lengde: Rutebåtkaia – Valvik, 4,5 km
Rutebåtkaia – Hammerseth, 5 km
Sykkeltur Askrova
Til Askrova kjem du med rutebåt frå Florø. Ved kaia der rutebåten legg til er det ein daglegvarebutikk. Til saman er det 9 km med asfaltert veg på Askrova. Terrenget er for det meste flatt mellom ferjekaia og Valvik. Vil du sykle til Hammerseth/Vallestad er det 2 bratte stigningar før du kjem over toppen. Frå øya er det ei storslått panoramautsikt mot hav og omkringliggande øyar. Verdt å få med seg: - «Trollhola», ei hole frå urtida. Hola er på storleik med ein katedral, og inneheld fleire holegangar, eit vakkert og spennande naturfenomen. - Tursti til Skaratoppen (219 m.o.h.), ein fin familietur. Ca. 50 minutt til toppen. - Ved Hammerseth-vatnet er det rasteplass og grill, og høve til å fiske ørret. - Grillhytte på fjellet Sykkeltutleige: Nærbutikken Tansøy, tlf. 57 74 51 12. Lengde: Rutebåtkaia – Valvik, 4,5 km Rutebåtkaia – Hammerseth, 5 km
Kontakt
- Adresse:
- 6900 FLORØ
- Telefon:
- 57 74 30 00
- E-post:
- mail@fjordkysten.no
- Nettside: