Ta rutebåten frå Florø – Villevika, enten 14.30 eller 16.00 .

Sykle ca 2 km og ta av til Uradalen. Du kan sykle eit par hundre meter før du må setje sykkelen frå deg. Gå til fots oppover skogsvegen og kryss elva. Gå skogsvegen til endes. En fin tur.

Gå tilbake til sykkelen og fortsett nordover.

Når du kjem til Seljestokken syklar du gjennom eit steinbrot. Det vart starta opp i 2005 og driv fortsatt på. Steinen blir brukt i asfalt.

Rett etter steinbrotet kjem du til Seljestokken Båtverkstad.

Neste garden på høgre side er Breivika. Derifrå går det sti til høgre for garden opp til der radiostasjonen Roska låg under 2.verdskrig. Der låg dei gøymde og melde frå når dei såg fiendtleg skipstrafikk på sjøen. Til slutt greidde dei tyske soldatane å finne stasjonen og Atle Svardal som satt der vart skoten, medan den andre Fredrik Persen vart teken til fange. Turen tek om lag ein time t/r og du finn meir informasjon om den her: https://ut.no/turforslag/119393/villevika-radiostasjonen-roska-breivik.

Vidare kjem du til den vesle bygda Husefest før du tek til på langstrekninga til Botnane. Her er det ope terreng og fin utsikt mot øyane Hovden (Kinn) og Frøya (Bremanger). Rett etter Husefest går kommunegrensa mellom Kinn og Bremanger.

Vegen her kom først i 1993, så før den tid måtte dei som budde i Botnane i båt. Her har det skjedd fleire båtulykker gjennom tidene.

Les gjerne meir om historia frå Botnane og Årebrot på deira heimesida her : https://botnane.no/historikk/

Mellom Årebrot og Botnane er det 40 gravrøyser og det er gjort eit godt arbeid med å rydde rundt desse. 8 av desse ligg i Botnane og fleire er lett synlege frå vegen. Ein reknar med at alle vart bygd i eldre bronsealder, kring 1800 – 1000 f.Kr. Desse kystrøysene er mellom dei fremste kulturminna frå bronsealderen som er bevart i Norge, i god stand etter meir enn tusen år.

Etter litt meir sykling kjem du til gravplassen i Botnane. Der startar Diktarstien med diktet Tri grannar. Her er det eit informasjonsskilt om gravplassen. Gravplassen vart tatt i bruk i 1899 og vigsla i 1900.

Ved kaia i Korsnesvika stoppa ferja før. Jan-Magnus Bruheim som har skrive dikta til Diktarstien hadde sine daglege turar ned hit for å sende og hente post. Diktet her er Still sjø, og skiltet fortel om kaia som samlingsstad 1965 – 1993.

Rett etter avkøyrsla til kaia går det sti opp til Opnaren. Dette er ein godt merka sti med røde sløyfer. Når du kjem opp får du ei flott utsikt over Botnane og vestover mot Hovden og Frøya.

Like etter kjem du til neste punkt på Diktarstien. Øyi mi kalla Bruheim Flotholmen. Diktet Ved fjøre sjø heng på holmen, og ved starten av stien som går ned dit, av omsyn til dei som ikkje kjem seg ut på holmen.

Inst i bukta ligg Grendahuset, der Bruheim budde frå 1978 til 1985. Det gamle skulehuset frå 1927 fekk sitt eige dikt i Huset som talar. Det og diktet Den annsame heng på baksida av huset. Ved inngangen heng hovudskiltet om forfattarskapen til Bruheim og tida hans i Botnane. Her heng det og eit skilt med namna på alle som støtta arbeidet med stien. Grendahuset kan leigast til diverse arrangement og der finns ei leiligheit det går an å leige.

Fotefar i stein er skrive om ein stein med avtrykk av ein barnefot. Den ligg ved Søre elva, 3-400 meter bak grendahuset. Av omsyn til dei som ikkje kan gå dit kjem det opp eit dikt- og informasjonsskilt der stien dit startar.

Ved sjøen ligg det raste- og parkeringsplass, med dikt, kart og informasjon om Diktarstien i Botnane. Her står tre godt synlege søyler i cortenstål.

Du kan lese meir om Diktarstien her: https://botnane.no/diktarstien/

På andre sida av vegen til raste/parkeringsplassen går det ein traktorveg oppover til Nordalsvatnet. Syklar du vidare forbi Nordbotten vil du sjå fleire gravrøyser.

Turen frå Villevika til Nordbotten og tilbake er på ca 30 km.

Om du har heile dagen på deg kan du sykle vidare, vegen går langs sjøen så det er ein lettsykla tur.

Om du reiser med båten klokka 16 (gje beskjed om at du skal til Villevika) og skal tilbake med kveldsbåten så har du nok å gjere på for å fylle tida.

Kontakt

Adresse:
  • 6723 SVELGEN
Telefon:
577 43000
E-post:
mail@fjordkysten.no
Nettside:

Fasiliteter

Sesong:
  • Sommer
  • Vår
  • Høst

Hvor er Sykkeltur Villevika - Botnane?