Velkommen til Syse Glas; eit hyggjeleg glasblåseri i Ulvik sentrum med bygdablåsaren Silje Syse i spissen. I hyllene finn du fargesprakande, flotte glasverk til både kvardag og fest. Potteskjularar, mjølkeglas, mugger og pynt til dei ulike høgtidene er blant noko av det spanande utvalet glasblåseriet har å by på. Få med deg nokre glas frå den stilfulle Hardangerglas-serien, pryda med den tradisjonelle åttabladsrosa frå regionen. Er du heldig, kan du kanskje få med deg glasblåsaren "i action"! Det er òg høve å ta del av glasblåsinga og få laga sine eigne glasverk under rettleiing frå Silje Syse.  

Kontakt

Adresse:
  • Tyssevikvegen 9-11
  • 5730 Ulvik
Telefon:
95 99 35 50
E-post:
silje@syseglas.no
Nettside:

Hvor er Syse Glas?