Bestill

Vi feirer 50-årsjubileum med ein ny versjon av den aller første framsyninga Teatret Vårt sette opp. Kjetil Bang-Hansen har børsta støv av manuset frå 1972 og flytta det til vår tid. I rollene som dobbelt sett med einegga tvillingar har vi henta inn radarparet Nils Vogt og Kim Haugen.

Tvillingene er ein komedie om kvardagsmirakel, feilaktig identitet og dobbeltsyn. Eit skipbrot skil to tvillingpar frå kvarandre. Det viser seg at begge tvillingpara oppheld seg på same stad under like namn, noko som skaper både forvirring og en slags gryande glede hos kona til ein av dei. Eit sirkus av misforståingar og komiske situasjonar utspelar seg før forvekslingane kan oppklarast.

Teatret Vårt hadde hausten 1972 premiere på Tvillingene i Ørsta. Fire aktørar frå den opphavelege framsyninga kjem tilbake hausten 2022. Regissør Kjetil Bang-Hansen lager no ein heilt ny versjon saman med scenograf Helge Hoff Monsen. På scena møter vi et stjernelag med blant andre Kirsten Hofseth, Nils Vogt og Kim Haugen.

Tvillingene reiser på turné i Møre og Romsdal - det er 50 år sidan sist! Velkommen til jubileumsfeiring med latter, nye sprell og gjensynsglede!

Visninger

Fosnavåg konserthus
31. oktober:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Holmefjordvegen 6, Fosnavåg
  • 6090
Telefon:
E-post:
Nettside:

Hvor er Teatret vårt: Tvillingene // Fosnavåg?