Den gamle storlåven på garden 1800 m² er forvandla til eit moderne læringssenter. Utstillinga «Reisen i jorda» strekkjer seg over fleire etasjar, der du kan gå djupare og djupare ned i jorda – eller du kan starta i djupet og jobba deg oppover til epletreet på toppen. Her kan du oppdaga både fakta og finurlege økosystem på morosame måtar. I løpet av reisa kjem du til både Meitemarkteater, Liggjekino, Titteskapsbikube, Faktaspelet og mykje meir.

På toppen av låven vil det utover året dukka opp temautstillingar, og dei minste kan køyra traktor her på regnvêrsdagar. Innimellom vert det dessutan spela dokketeater her.

På uteområdet møter du ville kaninar og kosete grisar, søte lam og kaklete høns – og mange andre dyr. Du kan rusla langs bugnande bed og i den duftande Stjernehagen, nye leikeplassar og klatrepark.

Økokafeen Kafé Frau har ny kafémeny med økoblings, sommarens supper, bakst og økologisk iskrem. I den vesle butikken finn ein både økologiske og kortreiste varer.

På Sommarprogrammet finn du bl. a Økolab- aktivitetsveke for aldersgruppa 7-12 år, matinékonsertar på utvalde laurdagar, daglege omvisingar til faste tider, temadagar og mye meir. 

Kafé og butikk i heile opningstida

Velkommen til Økoparken!

Fra NOK 445,00

Kontakt

Adresse:
  • Gunnars veg 6
  • 6630
  • Tingvoll
Telefon:
413 31 114
E-post:
post@okoparken.no
Nettside:
www.tingvollokopark.no

Hvor er Tingvoll Økopark?