Tjuatoten (50-1098 m.o.h.)
Tjuatoten er ein topp over Dragsvik og Balestrand , det er ein tung tur som går oppover fjellsidene over Dragsvik. På toppen får ein ei fantastisk utsikt over Sognefjorden, både utover mot stølsheimen og innover mot Fjærland og Leikanger
Start:
Ta av frå hovudvegen på Dragsvik i retning byggefeltet/ Haukaas Emaljeverkstad.
Startpunktet er skilta og har parkering (langs med vegen). Dei første 400 meterane går langs skogsveg, resten går i skog/fjell terreng. Ved straummastene har ein eit flott utkikspunkt mot sentrum og Esefjorden
Stien vert brattare oppover mot toppen.
Når ein når toppen har ein fantastisk utsikt, og ein kan finne ein gamal solkross på topplatået
Turen tek ca 7 timar og er ganske krevjande
Gode råd:
Turkart kan ein få kjøpt på Turistkontoret
Ein bør ta med godt me drikke då det ikkje er nokon vasskjelder langs ruta
Tilkomst:
Frå Balestrand kan ein kome seg til Dragsvik med buss, med båt, med eigen bil eller til fots om ein ynskjer å legge ei ekstra mil til turen.
For å kome seg til Balestrand kan ein nytte ekspressbuss frå Oslo, Trondheim eller Bergen, ekspressbåt frå Bergen eller med privatbil
Dersom du kjører personbil kjem du til Balestrand via E39 og rv55 frå Bergen og Trondheim, Via E16 og rv55 frå Oslo
Meir informasjon - Balestrand turistinformasjon
www.visitbalestrand.no/ info@visitbalestrand.no
Tjuatoten (50-1098 moh) Balestrand
Tjuatoten (50-1098 m.o.h.) Tjuatoten er ein topp over Dragsvik og Balestrand , det er ein tung tur som går oppover fjellsidene over Dragsvik. På toppen får ein ei fantastisk utsikt over Sognefjorden, både utover mot stølsheimen og innover mot Fjærland og Leikanger Start: Ta av frå hovudvegen på Dragsvik i retning byggefeltet/ Haukaas Emaljeverkstad. Startpunktet er skilta og har parkering (langs med vegen). Dei første 400 meterane går langs skogsveg, resten går i skog/fjell terreng. Ved straummastene har ein eit flott utkikspunkt mot sentrum og Esefjorden Stien vert brattare oppover mot toppen. Når ein når toppen har ein fantastisk utsikt, og ein kan finne ein gamal solkross på topplatået Turen tek ca 7 timar og er ganske krevjande Gode råd: Turkart kan ein få kjøpt på Turistkontoret Ein bør ta med godt me drikke då det ikkje er nokon vasskjelder langs ruta Tilkomst: Frå Balestrand kan ein kome seg til Dragsvik med buss, med båt, med eigen bil eller til fots om ein ynskjer å legge ei ekstra mil til turen. For å kome seg til Balestrand kan ein nytte ekspressbuss frå Oslo, Trondheim eller Bergen, ekspressbåt frå Bergen eller med privatbil Dersom du kjører personbil kjem du til Balestrand via E39 og rv55 frå Bergen og Trondheim, Via E16 og rv55 frå Oslo Meir informasjon - Balestrand turistinformasjon www.visitbalestrand.no/ info@visitbalestrand.no
Kontakt
- Adresse:
- Holmen, sentrum
- 6899 BALESTRAND
- Telefon:
- 57691255
- E-post:
- info@sognefjord.no
- Nettside:
- www.ut.no