Bestill

Tolvtetten gler seg til å presentere jubileumsrepertoaret sitt. Dei har plukka fram songar frå repertoaret gjennom desse åra, i tillegg til heilt nytt stoff. Publikum vil få høyre songar frå ulike sjangrar; viser, pop, gospel, jazz m.m. Koret vil synge både med og utan akkompagnement, og vise ulike sider av koret, både med og utan solistar. Dei garanterer at her er noko for einkvar smak.

Tolvtetten er heldige å ha fått med seg fleire gode musikarar som dei gler seg til å synge saman med. Den eminente pianisten Oddbjørn Blindheim har vore med på mange av koret sine show og framsyningar tidlegare, og dei er svært glade for å ha han med igjen. Vegard Kvamme Holum har også vore med på tidlegare framsyningar, og han stiller igjen opp med trompeten.

I tillegg til dei to musikarane har koret fått med seg bandet Oaksound som kveldens band. Dei dyktige musikarane er: Ståle Rasmussen -gitar/vokal, Jostein Storøy – piano/keyboard, Øystein Djupvik – bass og Bertil Tødenes – slagverk.

Gjennom konserten vil publikum få vite litt om koret si historie og vise fram bilde frå dei ulike periodene og frå mange av dei store showa dei har hatt med både song, skodespel og musikk.

Dirigent gjennom dei siste 26 åra er framleis Unni Kvamme.

Visninger

Fosnavåg konserthus (Fosnavåg)
01. oktober:
19:30

Kontakt

Adresse:
  • Postboks 97
  • 6099 Fosnavåg
Telefon:
+47 920 42 074
E-post:
bjorn@fosnavagkonserthus.no
Nettside:
www.fosnavagkonserthus.no/tolvtetten-fe3x6c/

Fasiliteter

Parkering:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:

Hvor er Tolvtetten - jubileumskonsert // Fosnavåg konserthus?