Bestill

Første gong Torstein Flakne og Claudia Scott stod på ei scene saman var under den norske finalen i Melodi Grand Prix i 1986. Med songen ‘Rock'n'Roll Band', skrive av Claudia og Torstein, serverte dei kanskje Melodi Grand Prix's mest rockete innslag nokosinne.

Staden var altså Stavanger, Claudia var artisten, backing-bandet var Torsteins Stage Dolls supplert med Ronni Le Tekrø.?

Det vart den ville festen til ein 3-minutt der det låg igjen øydelagte gitarar og pyrobomber på scena etterpå.

- Kanskje like greit vi ikke vant, da hadde det blitt månelyst, ler Claudia.

Sidan har desse to etter kvart meritterte artistane blitt to av våre mest folkekjære.

Torstein Flakne, primus motor i The Kids og Stage Dolls. Rekka av kjende låtar han har stått bak og vore involvert i er endelaus. Nyleg vart han òg innlemma i Rockheim Hall of Fame saman med resten av Stage Dolls.

Claudia Scott, ein av dei viktigaste artistane våre innan countryrock og americana, eit førebilete for ei rekke av dei yngre artistane i landet i sjangeren. 2 Spellemannprisar har ho òg tatt med seg på ferda, i tillegg ei rekke soloalbum for eit stadig større trufast publikum.

Desse to har no altså slått gitarane og stemmene sine saman og du kan oppleve dei i ein akustisk setting der dei framfører sine velkjende låtar blanda med gode historiar frå vegen.?

- I år har vi 35 års jubileum for første gang vi opptrådte sammen, og det må markeres, sier Torstein. Vi har hørt på hverandres låter, kommet med innspill her og der, og resultatet har blitt utrolig bra. Vi gleder oss som småunger til å fremføre dem for vårt publikum.

- I tillegg er vi veldig glade i å mimre litt, fortelle artige historier og anekdoter fra et etter hvert innholdsrikt liv som artister. Æ glær mæ, humrer Torstein.

Og «vi glær oss» vi og, dette blir stas å få oppleve.

Visninger

Fosnavåg konserthus (Fosnavåg)
04. november:
19:30

Kontakt

Adresse:
  • Postboks 97
  • 6099 Fosnavåg
Telefon:
+4792042074
E-post:
bjorn@fosnavagkonserthus.no
Nettside:
www.fosnavagkonserthus.no/flakne-scott-m3pcb9/

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Parkering:

Hvor er Torstein Flakne & Claudia Scott akustisk // Fosnavåg konserthus?