Ein heil festkveld med det beste vi har! Reunion med Alice og Hildegunn "Strikkebitsj" Moltubakk er på ein og same billett under Trebaatfestivalen, laurdag 21. august.
BILLETTAR LEGGAST UT PÅ SJOBORG.NO,
LAURDAG 29. MAI KL. 09.
https://checkout.ebillett.no/146/events/12829/purchase/setup

--------------------
ALICE
Trebaatfestivalen har i år lukkast å samle orkesteret Alice frå Ulsteinvik, som hadde si storheitstid på store og små lokalar rundt om i Norge på slutten av 70- og tidleg på 80-talet. I ein 5-årsperiode turnerte bandet over heile landet, i hovudsak på danselokalar men også med fleire spelejobbar på velrenommerte stader som Club7, Chateau Neuf-kjellaren, Glopperock og Festigavla.
Trebaatfestivalen har prøvd å få dette til fleire gonger tidlegare år, men først i år vart det mogleg å samle bandmedlemmane til en heidundrande musikalsk festkveld i festivalteltet.
https://www.trebaatfestivalen.no/.../reunion-for...

--------------------

HILDEGUNN "STIRKKEBITSJ" MOLTUBAKK OG LEIF PER
Hvis du spør dei to mest kjende Moltubakkane her i landet om kva som har prega livet deira mest det siste året, vil dei sannsynlegvis seie hytteliv, surdeig og lærarvikar – samt ungar opp og ned føre.
- Eg har hatt svært varierande inntekter siste året, og kreativiteten min har dermed fått seg ein oppsving. «Nød lærer naken kvinne å spinne» - eller, når ein er nyskilt og blakk må ein tenke nytt, seier Hildegunn Moltubakk.
Siste året har Ho teke vikariat både på Cubus og på sentralbordet til Ulstein Group, men den største opplevinga i arbeidsmarknaden kom sist i rekka:
- Det var først da eg fekk prøve meg som lærarvikar at eg verkeleg kjende at eg levde. At folk i det heile tatt har behov for å få adrenalin-kick gjennom strekkhopping og rafting i Sjoa når det finnast tilgjengeleg vikariat i småskulen - ja, det er for meg ei stor gåte, seier Hildegunn, og legg ut om ufordringane med å undervise når klassen har elleve elevar med individuell opplæringsplan, sju er glutenallergikarar, fem har ADHD og dei fire siste er berre heilt vanlege galne.

- Det blir musikk, og det blir grundig ploging gjennom menneskesinnet – på eit svært grunt nivå! Men vi gler oss stort til å kunne sjå publikum i augene igjen – det er det viktigaste, seier Hildegunn – og ho garanterer at ho kjem til å stå på scena så fullvaksinert for korona at det gjallar i veggane.

    Visninger

    20 august:
    • 19:00
    • 19:00
    21 august:

    Kontakt

    Adresse:
    • Sjøgata 10
    • 6065
    • Ulstein
    Telefon:
    E-post:
    Nettside:
    checkout.ebillett.no/146/events/12829/purchase?kanal=dxf

    Hvor er Trebaatfestivalen: Hildegunn og Alice?