Bestill

Med kjende hits frå heile karriera i tillegg til heilt nytt materiale, inntek Trine Rein kulturscena i 2022 med si ikkje alt for alvorlege konsertframsyning "Femti-ish Feit og (enda mer) Bitter'." Krydra med ein god porsjon humor og eit snev av sjølvironi skal vi gjennom heile skalaen på kjensleregisteret - her blir det mange latterkuler, men også litt alvor og ein klump i halsen.Repertoaret bindast saman med gode minne og historier frå eit langt liv i musikkbransjen. Trine stiller med fullt band på scena - det blir ikkje spart på noke - så her blir det masse trøkk og ein uforgløymeleg kveld i godt lag! Spørsmål du kan være trygg på at du skal få eit klokkeklart svar på: Kjem Lars Monsen? Kvar er Lars Monsen? Er det sant at du er gift med Lars Monsen? Har du funne ein slankekur som fungerer? Kan det skuldast overgangsalderen? Du tener fett, gjer du ikke? Kor mange Spellemannsprisar har du vunne? Kvifor blir du ikkje spelt på radio lenger? Trine Rein har nytta det siste året til låtskriving. I 2019 kom singlane 'Live & Forgive' og 'Where Do We Go'. Frå opphaldet i Nashville i fjor vinter har ho foreløpig slept 'You Make Me  Oooo', 'Joy', 'Mother', 'Get Your Act Together', 'Fighter', 'Prove Myself` og `Heroine`. Trine jobbar no med fleire nye singlar som skal kome ut i år, og over nyttår blir   desse samla i eit album og blir med på turné.

    Kontakt

    Adresse:
    • Ørsta Kulturhus & Kino
    • 6153 ØRSTA
    Telefon:
    E-post:
    Nettside:
    checkout.ebillett.no/207/events/36102/purchase?kanal=dxf

    Hvor er Trine Rein Femti, Feit og (enda meir) Bitter?