Bestill

Bli med oss til fjells og opplev vinterlandskapet med truger på beina. Turen startar i Flåm med bil til Aurlandsfjellet og me tek eit stopp på det kjente utsiktspunktet Stegastein. Me byrjar trugeturen, og får ei innføring i korleis gå på truger og historia bak trugene. Guiden fortèl lokale historiar, og ein kan nyte storslagen utsikt over det flotte og dramatiske landskapet. Me serverer varm drikke undervegs.

Kvelden avsluttast med god stemning på Ægir Bryggeri & Pub. Nyt den gode peisvarmen og ein Ægir Vikingplanke—ein fem-rettars vikinginspirert øl– og matmeny! Her vert dei lokale matrettane skreddarsydd med det lokale ølet for at smakane skal passe perfekt saman.  

Turen passar for nybyrjarar, frå 6 år og oppover.  Varigheit på Trugetur er 2,5time Matservering Ægir frå 18:00-20:00

Prisen for vaksne er 1295,- (18 års grense grunna alkoholservering)

(Barn kan kjøpe trugetur (kr. 795) og alternativ mat/drikke på Ægir)

Dagleg avgang kl 15:30 frå 1. februar - 16 april

26. desember - 31. mars: 11:45 - 14:15

15:30-18:00/18:30

Oppmøte: 15 min før avgang i FjordSafari resepsjonen (Flåm indre hamn)

Minimum 2 personar

Booking

Fra NOK 1295,00

Kontakt

Adresse:
  • P.O. Box 68
  • 5742
  • Aurland
Telefon:
+47 57633323
E-post:
post@fjordsafari.com
Nettside:
www.fjordsafari.no/aktivitetar/november-mars/vinterfjordsafari-ogheilaftern

Hvor er Trugetur og heilaften på Ægir BryggeriPub?