Bestill

Trugeturen på Hanguren passar godt for deg som vil ha ei frisk vinteroppleving i vakker natur - utan ski på beina. Vi tilpassar turplanen til deltakarane. Dette er ein teknisk enkel og familievenleg tur. Hvis du er av den lekne typen, vil du kanskje nytte moglegheita til å skli ned små skrentar, klatre i eit tre eller følgje rypespora.

Guiden går gjennom bekledning og utstyr, og sørger for at alle er utstyrt og klare for ein trugetur til fjells. Vår guide rustar deg med ekstra klede og varmt fottøy om naudsynt. Vi bruker stolheisen til å nå startstaden for trugeturen, på toppen av Hanguren, om lag 800 meter over havet. Her oppe er det ofte sur vind, så du set fort pris på dei gode og varme kleda.
Det er ôg mogeleg å kombinere trugeturen med ein tur med Voss Gondol. Dette avtalar vi før turen. Merk: Ved dårlege snøtilhøve i Bavallen kan det bli naudsynt å bruke gondolbanen for å kome til topps.

Vi returnerar til heisanlegget og tek stolheisen ned att til startstaden vår. Heisturen ned er både luftig og morosam!

Sesong
Vi opnar førjulssesongen allereie 20.november! Fram til 12.desember kan du bli med på rabatterte trugeturar som har til formål å skape god førjolsstemning. Kombiner trugeturen med eit jolebord på Voss, så blir opplevinga komplett! Sjå info om prisar nedanfor.
Ordinære turar arrangerast dagleg så lenge heisanlegget i Voss Resort er åpent. 2022-sesongen startar 10.desember 2021 og sluttar 20.april 2022.

Krav til deltakarar
Dette er ein enkel og familievennleg tur. Turen passar for friske deltakarar som vil bruke litt tid ute i vinterfjellet. Turen går i fjellterreng, så vêret kan være surt og kaldt. Returen med stolheisen kan opplevast som luftig for dei som har høgdeskrekk.
Du treng ikkje tidlegare erfaring frå trugeturar eller frå andre turar i vinterfjellet.

På turen trenger du følgende klede:
- Langt ullundertøy.
- Varme ullsokkar.
- Vind- og vasstette klede (skallbekledning).
- Varme, vasstette fjellstøvlar/vinterstøvlar.
- Lue
- Hansker eller vottar.
- Solbriller om naudsynt.

Det er lurt å ta med ein liten ryggsekk, ei vannflaske og litt tursnacks. Guiden tek med lokal turmat som vi lagar på leirbålet. Bålkjelen gjev varm drikke til alle. Hvis vêret er dårleg, går vi saman og byggjer eit improvisert ly for nedbør og vind. Du oppdagar raskt at tida ved bålet gjev deg høve til å nyte skogens ro – fjernt frå kvardagen. ​

Nedre aldersgrense er 8 år. Gruppestorleik: 2-16 deltakarar. Merk: Vi må ha minst to påmeldte for å gjennomføre turen.

For meir informasjon, sjekk nettsida eller kontakt oss på tlf eller epost.

Kilde: Visit Voss

    Kontakt

    Adresse:
    • Vangsgata 28
    • 5700 Voss
    Telefon:
    93484041
    E-post:
    post@wildvoss.no
    Nettside:
    www.wildvoss.no/trugetur-hanguren

    Hvor er Trugetur på Hanguren med Wild Voss?