Ruth Bakke er fødd og oppvaksen på Værlandet. Ho tek deg med på vandring i den flotte i den flotte naturen med spanande flora og fauna, og unik geologi. Du kan lære om kystkulturen, vitje museum og utstillingar, vere med på guida sykkeltur på vegen og bruene som knyt saman Værlandet og Bulandet (Nordsjøporten).
Ruth er også guide på bussturar på øyane, og organiserer turar med buss om ein ikkje har eigen transport. Ho snakkar norsk og engelsk. Ho skreddarsydd turar og opplegg etter dine interesser og spesielle ynskje både for venner og par på tur, familiae og større grupper.
Ruth Bakke samarbeider med både overnattingsaktørar og aktivitetsaktørar i området. Ta kontakt for uforpliktande tilbod!
Her er nokon av turane du kan bli med på
Guida rundtur på Værlandet og i Bulandet
3-4 timers rundtur! Ruth Bakke lager eit opplegg som er tilpassa deg med besøk til eit eller fleire av dei følgande stadane:
- Engelbua museum
- Landøystein
- Temaparken
Rundturen kostar 600 kr. per time. Billettar på musea og på Landøystein kjem i tillegg. Born betalar halv pris. For større grupper kan ein leige buss. Bussleiga vert fordelt på deltakarane. (ca. 1500,- kr. per time)
Guida sykkeltur til Bulandet
Sykkeltur over dei mange bruene som knyter saman Værlandet og Bulandet. Opplev kystkulturen, og ha ei fantastisk naturoppleving frå sykkelsetet. Kanskje dukkar havørna opp for å halde deg med selskap? Turen tek ca. 2 timar og kostar 600 kr. per time.
Ruth hjelper deg med å få leigd sykkel av lokale aktørar dersom du ikkje har med din eigen
Guida rundtur på Værlandet og i Bulandet med korte stopp på naturlege utsiktspunkt
Vi opplever det spesielle landskapet med sin særeigne geologi, alle øyane, bruene, historiske hendingar og livet i dag.
Turen tek omlag 2 timar og kostar 600 kr. per time. Born betalar halv pris.
Guida tur med eigen transport
Kjem du til Værlandet og Bulandet med eigen bil eller buss? For 600 kr. per time guidar Ruth deg rundt på øyane. Velkomen ut i øyriket!