Stad

Halsnøy, Ålamarkjo

Turkart

Fritidskartet Halsnøy/Fjelberg, målestokk 1:20.000. Til sals hos Buketten, Sæbøvik. Eides Bensinstasjon, Eidsvik. Fjelberg Landhandel, Fjelberg.

Start-og sluttpunkt

P-plass ved Gravdalsvatnet, på vegen mellom Gravdal og Sjøvangen (Sjoango).

Parkering

Køyr gjennom rundkøyringa på Tofte og ta av mot Høylandsbygd. I krysset ved den krappe venstresvingen i Gravdal, ta av til høgre mot Sjøvangen. Køyr oppover den lange bakken og langs Gravdalsvatnet til liten P-plass på høgre side av vegen ved sørenden av vatnet.

Merking

Informasjonstavle ved P-plass.

Skilta og T-merka.

Gradering

Blå. Lett fottur, ein støvel etter DNT-systemet. Rundløype.

Høgdeskilnad

80 - 220 moh.

Tidsbruk

1.5 time som rundtur t/r. Håfjellet. 3,5 time dersom lang rundtur om Tjobergshaugen.

Gode råd

Delvis våt og fuktig sti, bruk eigna fottøy.

Turomtale

Frå P-plassen 100 meter på skogsveg opp til ei lita høgd der stien tek av mot venstre. Stien kjem opp til toppen frå nordaust. Frå Håfjellet kan alternativ retur vera ned mot aust til P-plassen, først på sti og så på skogsveg. Følg då merking mot Tjoberghaugen ned til stidele og så mot venstre til skogsveg. Frå der skogsvegen kjem ned på hovudvegen, er det om lag 200 meter nordover attende til P-plassen. Stien til Tjobergshaugen går sørvestover frå stidelet. Oppgangen til Tjodbergshaugen frå aust er bratt. Frå Tjoberghaugen kan ein gå den lange rundturen om skytebanen attende til P-plassen ved Gravdalsvatnet. Bruk fantasien for å leggja opp interessante turar.

For oppdatert turskildring, sjå www.ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5454 Sæbøvik
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Håfjellet?