Stad Rosendal. Turkart Folgefonna nasjonalpark. Rosendal Turgruppe sitt rutekart. Start- og sluttpunkt Neslia. Parkering Følg fylkesvegen frå Rosendal sentrum 2 km mot Løfallstrand. P-plass der skogsvegen tek av frå riksvegen. Merking Informasjonstavle ved P-plassen. Inga merking langs skogsvegen, men nokre skilt er oppsette. Det er fleire vegdele undervegs, hald alltid til høgre for å følgja hovudvegen til Sjethaug. Gradering Grøn. Eigna for barnevogn, sykkel og for motorisert rullestol. Høgdeskilnad 30 – 290 moh. Tidsbruk 2 timar t/r. Gode råd Raste- og utsiktsplasser undervegs. Frå Sjethaug kan ein fylgja T-merka sti til stor varde på Navarhaug 501 moh. Herfrå er det T-merka stiar til Vevik, Skålafjell (Navarhaug), Åsvodl, Kjeldestøl, Skåladalen/Ludnabekk, Nordlifjell og Myrdal. Sjå m.a. Rosendal Turgruppe sitt rutekart, og bruk fantasien for å setja saman interessante turar. Turomtale God 3 km grusveg med jamn stigning. Det er fleire vegdele oppover, hald alltid til høgre for å følgja hovudvegen til Sjethaug.

Frå rasteplassen Sjethaug, med den fine turhytta, kjem ein tett på Rosendal med vidt utsyn til grannebygder, fjell, dalar og fjordlandskap.

Alternativt kan ein parkere ved kyrkja og følgje skilting til Sjethaug derfrå.  

Kontakt

Adresse:
  • 5470
  • Kvinnherad
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
www.visitsunnhordland.no

Hvor er Tursti til Skålafjell (Sjethaug)?