Parkering, start- og sluttpunkt: Kvinnherad kyrkje.

Merking: Skilt til Kvinnherad kyrkje frå kaiområdet i Rosendal. Skiltsøyle ved kyrkja. Frå P-plassen 500 meter til Bjørke, der informasjonstavle er oppsett ved snuplass 150 meter før vegbommen. Frå Åsvodl viser skilt og T-merking opp lia.

Høgdeskilnad: 100 – 490 moh.

TUROMTALE: Frå P-plass ved kyrkja 500 meter til snuplass på Bjørke. Derfrå grusveg til Åsvodl der vegen flatar ut. Skilt her viser til T-merking. Først skogsveg 300 meter og deretter sti med delvis "Sherpatrapper" opp lia til toppen.   

Den store topp-varden vart oppsett til Rosendal Turnlag sitt 100 års jubileum i 2001. Herfrå er det 360 graders utsyn til fjell og dalar, hav og fjordlandskap, og verdas 3. lengste fjord, Hardangerfjorden.

GODE RÅD: Frå Skålafjell er det T-merkte stiar til Vevik, Sjethaug/Neslia, Kjeldestøl, Skåladalen/Ludnabekk, Nordlifjell og Myrdal. Bruk fantasien for å setja saman interessante turar. 

Turskildring Ut.no

Kontakt

Adresse:
  • 5470 Rosendal
Telefon:
+47 53 48 42 80
E-post:
turistinfo@kvinnherad.kommune.no
Nettside:
ut.no/turforslag/1112154435/tursti-til-skalafjell-fra-rosendal-kvinnherad

Fasiliteter

Avstand:
  • 6.5km
Vanskelighetsgrad:
  • Middels (blå)
Total stigning:
  • 260m
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Tursti til Skålafjell?