Tysnesfest er ein familievenleg musikkfestival på idylliske Tysnes ein times tid sør for Bergen. Når ein går av ferja i Våge er ein midt i smørauga av Døds Challenge, Ta Sjansen, Klovnar, tivoli og marknadsdagar.
Hovudarenaen for konserter er ved skulen, ca 10 minutter å gå fra ferjekaien.
Korleis komme seg til Våge på Tysnes?
Reis med offentleg transport: Frå Bergen tar du bussen til Halhjem. Derifrå går ferja over til Våge. Då er du midt i festivalområdet. Det blir også satt opp hurtigbåt frå/til Bergen sentrum og frå Os til/frå Våge. Rutetider kjem snart!
Med bil: Følg E39 sørover frå Bergen til Halhjem fergekai og ta ferja over til Våge. Parker på festivalparkering på Windsor. Me anbefaler då å kjøyre tilbake til Bergen via Lukksundbrua og Eikelandsosen. Me anbefalar alle å reisa kollektivt, for å holda trafikken i Våge på et minimum.
Artistar: I 2022 kjem blandt anna Ronan Keating, Chris Holsten, Kjartan Lauritzen, CC Cowboys, Staysman, Halva Priset, TIX, Synne Vo og mange fleir! Følg med!
Overnatting:
Båthavn: Her kan du legge til kai i båthavna midt i sentrum av Våge, like ved fergekaien. Båtplassen kostar 650 kr for heile festivalperioden inkl. kaptein. Overnattingsgjester i båten kostar 500 kr per person (for heile festivalperioden onsdag - sundag).
Les meir her: tysnesfest.no/informasjon/
Camping: På Camp Tysnesfest opnar det onsdag i festivalveka. Du må ha festivalpass for å bu på campingen og det går festivalbuss til og fra campingen til festivalområdet. Campingen brukar å vera populær, så bestill i god tid.
Les meir her: tysnesfest.no/camping/
Festivaler
Tysnesfest
Tysnes
Visninger
Våge (Tysnes)
- 06. juli:
- 07. juli:
- 08. juli:
- 09. juli:
- 10. juli:
Kontakt
- Adresse:
- 5680 Tysnes
- Telefon:
- 90528038
- E-post:
- oystein.vaage@tysnesfest.no
- Nettside:
- tysnesfest.no