Hopp til hovedinnhold

I vel hundre år var fyret arbeidsstad og bustad for vakter, betjenter, avløysarar og familiane deira, og fungerte som eit lite samfunn.

Fyret blei bygd etter ei grusom ulykke i mars 1869, då 18 fiskarar fra området omkom i ein storm. Ulla var eit stort fiskevær på denne tida, og hadde nær tusen fiskarar på slutten av 1800-tallet. I 1944 blei området bomba av allierte fly, og både fyret og boligen brant ned til grunnen. I 1950 blei det heile bygd opp igjen, og Ulla Fyr var bebudd heilt fram til 1975, då det blei automatisert og avfolka.

I 1999 blei Ulla Fyr freda saman med åtte andre fyr i Møre og Romsdal, og det er i dag mogleg å leige til overnatting eller til ulike anledningar.

Ulla er ein værhard og tøff plass, men likevel fins det ei rekke sjeldne planter her, som for eksempel orkidear. Det er den kalkrike sandjorda i kombinasjon med beite som gjer Ulla spesiell i botanisk samanheng.

Tilkomst og parkering

Parker på Ulla. Ein kan også velje å parkere lengre ute mot fyret, om ein ikkje ønsker å gå så langt. Følg grusvegen heilt ut. Enkel trasè. Turen kan og utførast av rullestolbrukarar. Ein kan parkere ved fjøs på Ullasida, men ikkje sperr for dørene eller tilkomsten ellers til fjøset. Ellers kan ein parkere ved strand lenger ut mot fyret.

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Kvernholmen
  • 6290 Haramsøy
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.ullafyr.com

Fasiliteter

Parkering:
Barnevennlig:
Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Sesong:
  • Sommer
  • Vinter
  • Vår
  • Høst

Hvor er Ulla Fyr?