Ulvik Turlag vart skipa 11. september 1988 på Jonstøl. Ulvik Turlag har som motto "Me turar pao". Turlaget inviterer til flotte turar for born og vaksne. Ulvik Turlag skipar til fjellturar i tida mai-oktober med lokalkjende, erfarne leiarar som er lommekjende i områda rundt Ulvik og omegn. Foreininga er ansvarleg for å vedlikehalde merka stiar for å sikre seg for at stiane er trygge og gode å finne fram på. Turlaget har òg fleire lokale initiativ for å inspirere turglede for lokale, små og store. Mellom anna står Ulvik Turlag bak den årlege "Stølstrimmen"; ei lokal orientering i dei fantastiske stølsområde rundt Ulvik med trekking av premiar for dei som har vore innom alle områda. 

Kontakt

Adresse:
  • 5730 Ulvik
Telefon:
+47 90 18 11 17
E-post:
ulvik.turlag@dnt.no
Nettside:
ulvik.dnt.no/

Hvor er Ulvik Turlag?

Fjord Norways sekundærlogo