Drifta av hjortefarmen består av sal av livdyr til andre hjorteoppdrett, førehandsbestilt omvisning for grupper og enkeltpersonar og sal av hjortekjøt. Hjortefarmen har sitt eige godkjende slakteri på garden.

Hjort har erfaringsmessig gode føresetnader for oppdrett. Levealder for ei hind ligg gjennomsnittleg på 17 år, og ho får (avhengig av vekt) kalv som 2 eller 3-åring. Dei er å rekne som fullvaksne når dei er 5 år og har då ei vekt på 60-90 kg. Bukkane er noko seinare og er fullvaksne ved 6-8-års alder. Dei veg då 80-120 kg. Ein kronhjort kan bedekke eit stort tal med hinder.

Hjorten et det meste, men har evna til å velje ut beiteplanter med høgare næringsinnhald. Dette gjer den særleg i produksjonsperioden, som er sommarhalvåret. I denne perioden er det viktig at den har tilgang til proteinrik og lettfordøyeleg kost. Når ein kjem til vinterhalvåret, vert stoffskiftet kraftig redusert og ein får då lite igjen for å fôre med same næringsrike kosten. På hjortefarmen får hjorten silo, høy, kraftfôr og noko gulrøtter og eple i sesongen – i tillegg til gras og greiner.

 

  • Facebook logo
  • Trip Advisor logo

Kontakt

Adresse:
  • 6870 ORNES
Telefon:
91532784
E-post:
urnesgard@urnes.no
Nettside:
www.urnes.no/hjortefarm/

Hvor er Urnes Gard og Hjortefarm?