Et merkeikon

Sport

Basic FjordSafari og vandretur til geitestølen Leim

Turen startar med Basic FjordSafari, som går inn i hjarta av Nærøyfjorden med den storslegne Sagfossen som vendepunkt. I Aurlandsfjorden legg me til ved brygga i Skjerdal og startar fotturen opp til geitestølen Leim. Frå brygga går stien opp til bilvegen/gamlevegen som me føljer med flott utsyn over fjorden opp til Skjerdal gardstun. Vidare er det gardsveg opp til målet, stølen Leim. Det er flotte fossefall å beundra undervegs. Vandreturen frå fjorden og opp til Leim tek omlag 1,5time og er rundt 3km lang. På Leim er det omvisning og innføring i tilverkinga av geitosten. Etterpå nytast lunsj ute på terrassen med ostesmaking til forrett og hovudrett basert på lokale og eigne råvarer. Det vert tid til å nyta utsikta og helsa på geitene før me vandrar attende til gårdstunet i Skjerdal og returnerar til Flåm med bil. Turen kan gjennomførast i all slags vèr. Krevst ingen forkunnskapar av deltakarane, men bør ha bra fysisk form for å gå opp bakkane. Passar for dei som ynskjer ein aktiv tur og ei anleis oppleving av Aurland og dei særeigne tradisjonane du finn her i området. Turen går frå 0 til 360meter høgde. Du treng gode tursko og vanlege uteklede, eventuelt regnklede. Drikkeflaske må vera med. Stølen er åpen frå 1 juli til 31 august. Turen er også tilgjengelig frå 15 juni, då har me medbrakt lunsj frå lokal leverandør og får ost på stølen.   Varigheit: 5,5 - 6 timar Pris: Vaksne kr 1490,- Barn kr 990,- Avgang:  15. juni - 31. august kl 09:00 (med unntak av måndagar) Online Booking: www.fjordsafari.com

Fjord RIB Adventure + fossevandring

Kombiner RIB-turen Fjord RIB Adventure med ein vandretur til den imponerande Feigefossen! Etter ein times RIB-tur på Lustrafjorden med natur og frisk luft, er det mogleg å oppleve forfriskande fossebrus på nært hald. Me gjennomfører over fyrste halvdel av RIB-turen og går i land i Feigum på sørsida av Lustrafjorden. Frå Feigum startar ein enkel fjelltur opp til eit utkikspunkt nær Feigefossen der ein kan nyte synet av det 218 meter høge fallet. Dei som er ekstra eventyrlystne kan ein gå heilt opp til foten av fossen der ein garantert vil få ei kraftig og forfriskande oppleving! Stien til fossen er godt opptrakka og går ved sida av Feigeelva. Om våren og etter regntunge dagar kan stien vera sleip, så godt skotøy er å føretrekkje. Etter fosseopplevinga går me tilbake til RIB-en og glir heile vegen tilbake til Skjolden. Varigheit: Ca. 3-3,5 timar Sesong: April - Oktober Summer schedule: 20. Juni – 26. August - Kvar dag utanom søndag kl. 12.00. Oppmøte ved Skjolden Brygge 15 minuttar før avgang. NB! Send oss gjerne ein epost eller ring for bestilling av andre tidspunkt enn dei faste avgangane. Vanskegrad: Lett/middels Inkludert i turen: Varm flytedress, redningsvest, briller, lue og vottar. Anbefalt utstyr: Kle deg etter værforholda. Varme klær, gode vandresko og ein regnjakke.  Prisar: Vaksne: 800,- NOK  Barn (4-14): 550,- NOK Meir informasjon: Kontakt post@adventuretours.no eller book online på www.adventuretours.no http://www.facebook.com/AdventureToursNorway  

Fjord- og fjellturen sykkelrute (76 km)

Dette er ein variert, lettsykla tur som passer godt for ein weekend. Fjell- og fjordturen er lagt opp som ein rundtur frå Rosendal, men du kan og starte frå andre stader. Det kan vera best å følgje ruta den retninga me skildrar her, då stigninga over fjellet frå Omvikdalen er mindre krevjande enn frå Matre. Hardangerfjordekspressen (www.rodne.no) tek deg frå Bergen til Rosendal på under 2 timar. Kjem du kvelden før er det god tid til å oppleva baronibygda før du tek sykkelen fatt. Putballbanen, der du kan spele fotballgolf, ligg i gåavstand frå sentrum. Det same gjer Steinparken, eit vakkert område langs elva som syner steinsortar frå Folgefonna Nasjonalpark.   Rosendal – Omvikdalen – Matre – Skånevik (26km): Eit besøk på det vesle slottet Baroniet Rosendal, eller Kvinnherad Kyrkje, bør du få med deg før du set deg på sykkelen. Sykkelturen over til Skånevik er ein flott etappe gjennom jordbruksbygda Omvikdalen. Frå Rosendal sentrum følg rv. 551 sørover mot Uskedalen. Etter omlag 3,5 km kjem du til bensinsstasjon i Omvikdalen. Dette er siste moglegheit for å proviantere før turen over fjellet til Matre. I Omvikdalen finst fleire museumstun, til dømes Nistovetunet med røykestove frå 1700-talet og Hauahuset (Tvedt-stova). Desse vert opna på førespurnad. Det er 2 km svak stigning opp Omvikdalen, deretter ca. 10 km jamn stigning, før det vert bratt ned til Matre. Her er utsynet utover Matrefjorden fabelaktig. Ferja over frå Matre til Skånevik tek 25 minutt. I bluesbygda Skånevik går det føre seg mange aktivitetar heile sommaren. I Skånevik er det og mange fine badeplassar, og sentrum innbyr til ein koseleg spasertur. 76 km Baroniet Rosendal Peparen, Skånevik Langturforslag 29 Ein avstikkar av ruta kan gjerast ved å sykle Skånevikstranda til Etne, ei strekning på 26 km. Moglegheit for transport tilbake til Skånevik med lokalbuss. For fottur, prøv Postvegen frå Skånevik til Etne.   Skånevik – Valen – Husnes – Uskedalen – Rosendal (50 km):  Turen startar med ein 20 minutts ferjetur frå Skånevik til Utåker. Etappen byr på flott utsikt og nærkontakt med fjordlandskapet heile vegen. Du syklar gjennom frodige og vakre bygder og kan ta avstikkarar til mellom anna den flotte Handelandsdalen. Ved Sunde kan ein ein ta avstikkar til Halsnøy (Ranavik) eller Stord (rutetider www.norled.no). Vidare går ruta forbi Husnes, den største tettstaden i Kvinnherad. Her kan du velje om du vil køyre innom sentrum eller følgje rv. 48 forbi Opsangervatnet. Ta gjerne ein avstikkar til Herøysund (2 km), eit gammalt knutepunkt for dampskipstrafikken med husflidsalg og snikkarverkstad. I Uskedalen kan du vitje Bygdatunet Rød og Haugland skulemuseum. Tilbake i Rosendal ventar Hardangerfjordekspressen som tek deg attende til Bergen. Om ein ønskjer å sykle over til Stord eller tilbake til Bergen kan dette gjerast over Tysnes. Sykkelturen kan og kombinerast med "Skjergardsturen" eller "Nordsjøsykkelruta". Ein kan og starte turen i Skånevik.   Tips I Rosendal: Ta ein spasertur i Steinparken, eit hyggeleg område langs elva som viser steinsortar frå Folgefonna Nasjonalpark. Baroniparken ligg og i gåavstand frå sentrum og innbyr kanskje til ein romantisk kveldstur? Eller prøv putball (fotballgolf), som er moro for små og store. I Skånevik: Opplev "Fjordspa" hos Skånevik Fjordhotell. Sett av tid til å oppleve eit fjordcruise med Åkrafjorden Oppleving og sjå ein av dei 10 vakraste fossane i verda, Langfoss. NB! Sykkelturen er ikkje eigna for barn.

Fjordalangs mellom vakre bygder (27 km) Skånevik - Etne

Turen startar i Skånevik, også kalla "Sunnhordlands perle", m.a. grunna sin sørlandske byggestil. Kom gjerne på vitjing til bluesfestivalen i juli. Sykkelturen mot Etne går vestover forbi Fjordhotellet og den idylliske badeholmen Peparen. Etter 700 m passerar du idrettsanlegga, 500 m seinare Leknes, der den gamle postvegen mot Etne kryssar vegen. Dei neste 4-5 km går mellom trivelege grender i småskala kulturlandskap, før Taraldsøy kjem fram på høgre hand. Ut fjorden er der nydeleg utsikt mot Halsnøy og den karakteristiske Sydnessåto. På Ebne ser du 4 gravstøtter på jordet ved sjøen, desse er del av det største gravfeltet på Skånevikstranda. På Sandvik kan du ta ein avstikkar ned til ei stor badestrand. Utanfor Børkjenesklubben møtest Ølensfjorden og Etnefjorden, og her vender du nasen austover mot Etne. Etter nokre svingar kjem du til Svindal og Holmaseid. Nordstranda stiger bratt opp frå vegen, riktig stupbratt blir det ved Dysjanes. Neset er ein mykje brukt fiskeplass. Du nærmar deg Etne, og ved Fjøsnaneset ser du over mot industriområdet Tongane. Ved gamle Enge skule tek du til høgre over Etneelva. Inn mot sentrum passerar du SKAKKEsenteret, bygdas kulturelle storstove, sjekk gjerne kinoprogrammet. Du finn fleire spise- og overnattingsstader i Etne, der du kan slappe av etter sykkelturen. Turistinformasjonen er på Fugl Fønix hotel. Vanskegrad: Middels Lengde: 27 km Underlag: Asfalt Maks. høgde: 70 m

Flatråkervassdraget (31 km)

Sykkelturen til Flatråkervassdraget startar i kystlandsbyen Våge og går gjennom skogkledte områder og  langsetter blenkjande vatn. Ein syklar gjennom små alléar av velduftande furutrær og  gjennom tronge gardstun der husa står heilt inntil vegen. Kvar ein sving og kvar ei slette freistar deg til å  ta ein stans for å ta inn over seg idyllen og roen. Her får ein vegen mest heilt for seg sjølv. Berre beitande dyr, vinden som bles gjennom trekronene  og dekka som fer over asfalten gjer at det ikkje er heilt stilt. Ruta har ei totallengde på 31,24 kilometer og ei total høgdestigning på 509 meter. Turen sitt høgste punkt er på 144 moh. Det kjem ein til etter 21 km. Start ved ferjekaien i Våge. Etter ca 350 meter, ta til høgre i rundkjøringa på riksveg 49 mot Hodnanes og Stord. Følg riksveg 49 sørover til Flatråker, der ein kjem til vegkrysset som tek deg austover, langsetter Flatråkervassdraget. Ein har då sykla 13,4 kilometer. Langs vassdraget er det berre ein asfaltert veg som ein fylgjer. Ein passerer Midtvatnet og kjem etter kvart til Nordbustadvatnet der ein syklar langs austsida av vatnet. Her kjem ein til ei lita stigning på 71 høgdemeter og opp til 144 moh. Her får ein framifrå utsikt over Nordbustadvatnet og nedover dalen. Etter 21,6 kilometer kjem ein attende til riksveg 49 ved Holma og ein tek til høgre i krysset og fylgjer riksvegen nordover attende til startpunktet i Våge. Ein passerer på denne strekninga kommunesenteret i Uggdal der ein kan ta ein avstikkar ned til badeplassen Kjevikjo for å kjøla seg ned.

Kajakkpadling i Valldal - The Adventure Valley

Opplev Norddalsfjorden og UNESCO fjorden Tafjord på guide tur i havkajakk. Opplev den fantastisk flotte Norddalsfjorden og Tafjorden med sin storslåtte natur. Fosser som dundrer ned i fjorden, fjellgårder som ligger idyllisk til og ikke minst en fjord som er skjermet for større båter og cruisetrafikk. Tafjorden er på UNESCO verdensarvliste på lik linje med Geirangerfjorden og Nærøyfjorden, men er bortgjemt og uberørt av de store turistmassene. Det blir gode muligheter for å ta bilder, nyte en deilig lunsj med lokale delikatesser og ta inn de store inntrykkene. Undervegs på alle turen vil guiden vår gi deg kunnskap om lokal historie, kultur og natur, og sørge for at du kan få en avslappet og fin tur. Er vi skikkelig heldige er det muligheter for å se både nise og ørn rundt oss. Om ønskelig tar vi også med enkelt fiskeutstyr og håper på napp. Et utvalg av turer vi tilbyr:  Familietur 3t. En lett tur perfekt for en familie som ønsker en felles aktiv naturopplevelse. Hvor langt vi padler tilpasses hver enkelt gruppes ønsker og lyster, og det er gode muligheter for leik og sprell. Fjordtur 4t. - Vår bestselger! En effektiv rundtur der du opplever mye på kort tid. Vi starter i Valldal og padler ca 3km innover fjorden før vi krysser over til andre siden og tar lunsj på en gammel fjordgård. Her nyter vi utsikten og en deilig lunsj før vi padler tilbake til Valldal. UNESCO Tafjord 7-8t. - Guidens favoritt! Dette er kajakkturen som har alt! Dagstur fra Valldal til Tafjord, der en får oppleve den ukjente UNESCO fjorden Tafjorden. Fossefall, høye fjell, dyreliv og spennende historier er noe av det vi byr på. Kajakk og fjelltur til Vikasætra – 5-6t. Turen der vi kombinerar kajakk og fjelltur! Vi padler fra Valldal langs Syltefjellet og krysser fjorden der vi går i land. Herfra går turen til fots opp 450 høydemeter til Vikasætra som er en gammel seter med lang historie og fantastisk utsikt over fjorden og Valldal. Vi tilbyr også skreddersydde opplegg, gjerne over flere dager.  Velkomen til Valldal og ditt neste eventyr! 

Kystrunden i Sveio (49 km)

Vanskegrad: Middels/krevende Lengde: 49 km Underlag: Asfalt og grusveg Start i Sveio sentrum og følg sykkelsti skilta til Bergen langs Rv47. Like ved sykkelstien på Bjelland ligg eit verna våtmarksområde med rikt fugleliv. Her er det fugletårn og tursti. Frå Haukås held ein fram på sykkelsti langs E39, forbi bensinstasjonen, til Rød. Ta av frå E39 ved skilt til Auklandshamn. Turen går på smal og svingete bygdeveg med noko trafikk. Ved Langavatnet er det tilrettelagt bade- og fiskeplass (fiskekort). På Eikeland driv Sveio kystlag kystkultursenter og museum, ope etter avtale. I krysset med skilt mot Tjernagel kan ein ta ein avstikkar til friluftsområdet Slettene med badeplass, tursti og toalett. Elles held turen fram mot Tjernagel. I Auklandshamn er det butikk, og ved butikken startar tursti til Emberlandsnipen med flott utsikt over Bømlafjorden. På Tjernagel er det ridesenter, og ein liten avstikkar fører ned til den gamle handelsstaden. Tjernagel er eit historisk viktig område med mange fornfunn. Tjernagelshaugen, som blei riven på 80-talet, var eit viktig landemerke og er nemnt i Snorres kongesoger. Frå Tjernagel svingar vegen til venstre mot Bua. Badeplass ved Storavatnet like ved vegen. Det nyrestaurerte kvernhuset ved Loknaelva er verd eit besøk. I krysset med skilt mot Buavåg og Bømlo kan ein velja ei kortare rute og ta rett fram mot Sveio sentrum igjen (alt.a). Elles kan ein halda fram vidare sørover langs riksvegen forbi ferjekaien i Buavåg (toalett, venterom mm). Her kjem ein inn på Nordsjøsykkelruta som er merka vidare mot Haugesund. I Grunnavåg sør for Buavåg er det bademoglegheit i sjø, ca 5 min på sti frå vegen. Skilt ved vegen fortel om gravrøysene på Kvitaneset like ved, og om gullgruvene på Hovda. På Hovda er det rasteplass med utsiktspunkt der Bømlafjorden opnar seg mot Sletto. Frå Eltravåg kan ein følgja Markavegen til Nordskog (alt.b) og tilbake til Sveio. Elles kan ein halda fram vidare sørover. Ved Lyngholmsvegen kan ein ta ein kort avstikkar til minnestøtta over DS "Thor"s forlis i 1906. Turen går forbi Vandaskog og Mølstre, i Mølstrevåg er vegen skilta til Ryvarden Kulturfyr – ein avstikkar på ca 3,5 km kvar veg, men vel verd eit besøk! Turen tilbake til Sveio sentrum kan gå på lite trafikert grusveg over Paddevegen (c), eller om Vikse og Tveit om ein ønskjer ein lenger tur. Då held ein fram til krysset i Vågedalen, der ein tek til venstre og kryssar Rv47 på Byrkjeland. Tveitevegen (omveg på ca 5 km) er merka som sykkelsti, grunna stor trafikk og manglande sykkelsti er det ikkje tilrådd å følgja riksvegen forbi Tveit. Resten av turen går på sykkelsti forbi byggjefeltet Krossleitet, i undergang under riksvegen og tilbake til utgangspunktet i Sveio sentrum. Tekst sist oppdatert 6. sept 2018

Sykkelrute Litlabø, Sagvågsrunden (18 km)

Ein variert rundtur der ein får med seg innland og kyst. Turen startar ved båthamna i Leirvik. Ta til høgre i rundkjøringa fortsett forbi Galleri Giga. Følg sykkelrute nr. 1 forbi Esso og ut av sentrum. Ruta går i svak stigning forbi Knutsaåsen Aldersheim til vegen stopper. Vegen deler seg, følg vegen som går gjennom ein undergang. Det er no grusveg. Etter det siste huset på denne vegen, går vegen slakt nedover på ein kjerreveg. Følg skilting nr. 1, og vegen kjem igjen på Gruvevegen. Passèr gamle skulen på Stuva og vidare gjennom Litlabø. Det er mange fine gardar og flott kulturlandskap langs vegen. Etter ca 6,5 km kjem ein avkjørsel på høgre side som går til Gruvemuseet på Litlabø. Her vann dei ut svovelkis frå 1865 til 1968. Museum og fint uteområde med vandrarløype. Frå Gruvemuseet syklar ein vidare på gangsti langs Storavatnet. Etter ca 3 km kjem ein til kryss i Sagvåg. Ein kjem no over på vestsida av Stord. Følg sykkelskilt nr 1 mot Haugesund (til venstre) på Sagvågsvegen mot Sagvåg sentrum. I Sagvåg sentrum er det daglegvarebutikk og bensinstasjon. Ca 100 m frå Sagvågsvegen, til høgre før daglegvarebutikk, ligg Sagvåg kai. Her er eit fint område med benker, bord og informasjonstavle. Følg vegen vidare frå Sagvåg sentrum mot Leirvik, og sykle på gangsti forbi skilt til Kunsthuset på Almås (avstikker 0,9 km til venstre) og litt seinare Sætravik badeplass (avstikker 1,2 km til høgre). Etter ca 3,5 km møter vegen E 39. Hold til venstre og følg skilting mot Leirvik over gangbru (som går over E39) og vidare på baksida av Heiane Storsenter. Følg blå skilting mot Leirvik forbi Langeland skule. Vegen møter Verftsvegen. Her kan du ta en avstikker ned til Kværner Stord, Sunnhordland sin største industriarbeidsplass. Alternativt følg gangsti vidare mot Leirvik sentrum, langs Andedammen og ned til Kulturhuset og båthamna.

Runde om Kvalvåg-Halseid (37 km.)

Vanskegrad: Middels Underlag: Asfalt Ved start frå Golfparken startar turen med å trille nedover mot sentrum. I første krysset svingar du til venstre og tek inn på sykkelstien på høgre side etter ca 50m. Sykkelstien held fram langs RV 47 nordover. På Bjelland er det slutt på sykkelstien på venstre side av vegen, då svingar du til høgre og følgjer skilt mot Kvalvåg. Etter ei stund kryssar du E39 på bru og held fram ned ein bratt bakke. Bakken sluttar i eit kryss og ein krapp sving, så ver ekstra varsam her. I krysset svingar du til høgre og fortsett sørover. På vegen sørover kan du tidvis sjå sjøen, du passerer Fjon og eit anlegg for oppdrett av smolt. Etter eit par bakkar til når du E39 der du svingar til venstre. Her må du følgje hovudvegen eit par hundre meter. I krysset følgjer du skiltet mot Søre Våge, mot høgre. Denne vegen skal du følgje ca ti km der du òg er ein tur innom Haugesund kommune. Her er det fleire vatn du kan bade i, men nokre vatn er drikkevasskjelde der det ikkje er tillate å bade, sjekk skilting. Når du kjem til krysset mot RV 47, hald fram til høgre på sykkelstien. Etter ei stund går sykkelstien gjennom ein undergang og held fram nokre hundre meter før du fortsetter til venstre på ein gamal bit av riksvegen. Du kjem no inn på vegen mot Buavåg, følg denne til venstre nedover til du ser sjøen. Innst bukta tek du av vegen på høgre side og fortsetter langs ei idyllisk elv opp att til RV47. Her er det sykkelsti på høgre side av vegen og denne følgjer du nokre hundre meter til den sluttar ved skilt til Tveit. Sjølv om det er raskast å følgje riksvegen nordover mot Sveio, tilrår me at du følgjer skilta mot Tveit. Du passerer bla Husavatnet på venstre side, der det er ein fin badeplass. Rett etter vatnet følgjer du skiltet vidare mot Tveit og fortsetter 3,8 km, før du igjen når riksveien og kan følge sykkelstien nordover. Ved Krossleitet tar du til høgre og følgjer skiltet for sykkelstien, under riksvegen. Nedst i bakken tar du til høgre att og held fram på sykkelstien gjennom sentrum, forbi skulen og til venstre opp mot Golfparken.

Rundtur Leirvik - Fjellgardane (20 km)

Leirvik – Hystadmarkjo – Fjellgardane – Ådlandsvatnet Ein fin dagstur gjennom flotte naturområde og koselege byggjefelt. Underlag: Asfalt/grussti Vanskegrad: Middels Lengde: 20 km Tid: 2 ½ time Maks. høgde: 160 m. Start i Leirvik sentrum/ved Kulturhuset, sykle gjennom sentrum, opp Torggata og vidare oppover Borggata. For å besøkje Sunnhordland Museum kan du no ta av til venstre inn i Skrivarvegen og så første til høgre. Opp bakken finn du Sunnhordlandstunet, eit tun med elleve gamle hus, fornalderutstilling, kafé i helgane og mykje meir. Så fortsett du til venstre på Skrivarvegen, forbi Kyrkja og oppover Hystadvegen. Etter 2,3 km er det mogleg å ta til høgre og inn på Valevegen(30-sone). Dette er ein smalare veg med lite trafikk og fin utsikt mot sjøen. Alternativt kan ein følgje Hystadvegen vidare. Etter 3 km kjem ein til verksemda Apply. Her fortsetter du vidare opp til venstre langs Storhaugvegen. Vidare 0,7 km kjem du til eit gangfelt der du tek til høgre inn på ein grusplass. Her byrjar vegen gjennom Hystadmarkjo, det største området med svartorskog i Nord Europa. Benkar og toalett. Du må trille sykkelen gjennom den om lag 2 km lange løypa, men det er verdt turen. I enden av Hystadmarkjo kjem ein til ei stor båthamn. Sykle langs hamna og føl Sjoarvegen opp att til Hystadvegen, der du tek til høgre. Etter tilsaman 7,3 km er det mogleg å ta ein avstikkar inn til venstre til Stord Golfpark. Her er det ein fin grusveg rundt golfområdet. Når du har sykla 7,7 km kjem du til Rommetveit skiltet. Ta av til høgre forbi Samhaldet og opp ein smal lokal veg(Krokane). Her syklar du gjennom eit lite, idyllisk kulturlandskap. Etter 0,8 km er du nede på Klingenbergvegen. Dersom du tek til høgre kjem du ned til Breidvik, ei lita badestrand med brygge, bord og benkar. Sykle tilbake opp Klingenbergvegen, forbi HSH og ut på Rommetveitvegen. Når du har sykla om lag 11 km kjem du til E39. Her kryssar du vegen og syklar opp Fjellgardsvegen. Etter 4,8 km kjem du til Saneset. Like før E39 tek du av til høgre ned på ein liten grusplass, og følgjer ein smal grusveg langs Ådlandsvatnet. Etter knapt 1 km kjem du til stranda ved Ådlandsvatnet. Her er det fint å bade, og det finns bord og benkar. Når du har sykla 0,5 km til kjem du til eit kryss under Ådlandsbrua. Her syklar du rett fram mot Krækjen Oppdrettsanlegg og opp bakken til venstre. Du kjem då ut på Ådlandsvegen som du følgjer ned att mot Stord Kyrkje. Føl så Hystadvegen til høgre og vidare tilbake til Leirvik sentrum.

Rundtur Tysnes (43 km)

Turen går Våge – Uggdal – Onarheim – Lundegrend – Våge. (43,5km.) Dette er ein interessant sykkeltur gjennom svært variert naturlandskap som startar i kystlandsbyen Våge. Ein syklar gjennom ubebygd strøk, over blømande enger og gardstun og gjennom skogkledte områder. Store delar av turen går langs Hardangerfjorden med utsikt til Kvinnheradsfjella og med Folgefonna i bakgrunnen. Utsikta er framifrå heile vegen, og det som gjer denne ruta spesiell er mangfaldet og variasjonen ettersom ein syklar både vestsida, austsida, nordsida og på tvers av øya. Ein får med seg både fjord og fjell, kyst og innland. Ein kryssar gardstun med beitemark og blømande enger. Det vesle av trafikk ein støyter på er for det meste ein og annan traktor som har med seg velduftande, nyslått gras på ein hengar. Ein passerer vassdrag og fossefall, båthamner og tjærebeisa bygningar i solsteiken. Her vert samtlege sansar stimulert medan ein tek inn over seg kor fint det kan vera å sykla  bortimot heilt åleine mellom fjord og ruvande fjelltoppar. Ruta har ei totallengd på 43,54 kilometer og ei total høgdestigning på 685 meter. Turen sitt høgste punkt er på 166 moh. Det kjem ein til etter 14 km. Start ved fergekaien i Våge. Etter ca 350 meter, ta til høgre i rundkjøringa på riksveg 49 mot Hodnanes og Stord. Etter 4,8 km, etter ein har passert Uggdal kyrkje og like før rådhuset i Uggdal, kjem ein til skilting mot Onarheim. Ta til venstre, austover mot Onarheim (13km). Ein fylgjer då Uggdalsdalen tvers over Tysnesøya. Ved passering 8 kilometer kjem ein til den gamle ferdslevegen i Uggdalsdalen som er eit freda kulturminne der det finst mange spor etter menneske som levde her i førhistorisk tid. Den gamle ferdslevegen gjekk mellom Uggdal og Onarheim, og mange stadar er  han enno synleg. Informasjonstavle står ved innfallsporten til ferdslevegen. Inst i Uggdalsdalen startar ein på ei stigning til ein kjem til høgste punkt langs løypa ved avkjørsla til Singelstad.  Ein er då på 166 moh. Denne motbakken utgjer ei stigning på 90 høgdemeter fordelt på ei distanse på 3,27 kilometer. Når ein passerer 15,6 km ved Onarheimsvassdraget kjem ein til ein rasteplass med lavvo der det er veldig fint å ta ein stans.Etter 17,8 km kjem ein til Onarheim kyrkje der det er skilta nordover mot Lunde (16 km). Ein tek då til venstre og fylgjer vegen nordover mot Lunde i dette krysset. Etter 24 km kjem ein til Årbakka. Her er ein landhandel der ein kan få fylt på vassflaska og få kjøpt litt mat og drikke. Ein kan her ta ein avstikkar ned til sjøen og sjå gamle Årbakka handelsstad og Årbakkavollen, eit fornminne frå eldre jernalder med bautasteinar og restar etter gravrøysar. Like etter, ved 25,5 km kjem ein til badestranda Klubbavikja / Ølfarnes der ein òg kan leggja inn ein liten stans eller ein avstikkar ned til stranda. Dette er ei av Tysnes sine flottaste strender med utsikt mot Melderskin, Folgefonna og Hardangerfjorden. Etter 26,7 kilometer kjem ein til Hovland og eit vegkryss der ein svingar til venstre, vestover skilta mot Lunde. Her startar òg turen si hardaste stigning opp mot Skaret. Stigninga er på 142 høgdemeter på ei distanse på 2,16 kilometer. Vel framme ved Skaret  etter 27,8 kilometer kjem ein til ein rasteplass der det høver seg godt å ta ein pust i bakken etter den harde stigninga. Her kjem fossane rennande ned frå fjellheimen og ein er ved startpunktet for fotturen til Hovlandsnuten. Etter 33 kilometer kjem ein til eit vegkryss der ein tek til venstre og fylgjer riksveg 49 vestover mot Lundegrend og Våge. Det gjenstår herifrå 10 kilometer til Våge. Nokre hundre meter etter krysset kjem ein til Lundegrend og ein daglegvare der ein kan fylla vassflaska og få kjøpt mat og drikke. Ved passering 43 kilometer er ein attende i rundkøyringa i Våge og ein tek til høgre i denne for å returnera til kaien og fullenda rundturen.

SUP Norway - Fjord expeditions

SUP NORWAYs stand-up paddlingturer er den perfekte måten å se skjønnheten i de norske fjordene. Dette er et eventyr uten sidestykke som de fleste turister aldri får oppleve! Det er en helt spesiell følelse å stå på SUP ved siden av et 1500 m høyt fjell og vite at det er en 800 m dyp fjord under føttene dine. Her blir du møtt av delfiner og nyskjerrige seler. Er du heldig så får du også øye på en sjø ørn eller to. Enten om vi padler opp til en tordnende foss, filmer delfiner, ler rundt kveldsbålet eller bare slapper av i naturen så blir du slått av disse enestående opplevelsene. Med 20 timers lys er dagene lange og padlingen avslappet. Din drikkeforsyning kommer fra hundrevis av fosser hvor filter ikke er nødvendig. Det beste vannet du noen gang vil smake! Hvis du er ute etter eventyr og utrolig natur, så finner du det hos SUP NORWAY. Dette er definitivt en tur som står høyt oppe på listen til eventyrere! Hos oss blir du en del av naturen, isteden for å være en passiv observatør. Du er i trygge hender hos vår guide. Titus er en erfaren ekspedisjonsleder, senior SUP instruktør og ex Royal Marine Arktisk overlevelse ekspert. Han er dedikert til å gi deg den beste opplevelsen som er mulig. EXPEDISJON VIDEO Facebook: https://www.facebook.com/supnorway1/videos/2362752910705825/ Youtube: https://youtu.be/rrok3J2geps Vimeo: https://vimeo.com/368309698 GODT Å VITE Noen SUP-opplevelse og moderat trening kreves Alt SUP & sikkerhetsutstyr leveres 3 måltider om dagen Utstyrsliste og detaljert oversikt Minimum alder 18 (16 hvis ledsaget av foreldre) INFORMASJON og BESTILLING   WEB:            https://supnorway.com/ E-POST:       post@supnorway.com TLF:              +47 93453114                         +47 45171499

Siggjo rundt (27,3 km.)

Når du kjem frå Trekantsambandet og har sykla over Bømlabrua, kjem du til Gassasundet. Her i vegkrysset til Moster er det ein parkeringsplass og dette er startpunktet vårt for Siggjo rundt. Det er her du kjem ut att på riksveg 541 i dette krysset etter denne rundturen. Men fyrst skal du sykla på ein fint tilrettelagt gang og sykkelsti på 4km mot Siggjo. Denne fylgjer du på utsida av Stokkajuvstunnelen. På gamlevegen her kan ein sjå ned mot den gamle ferjekaien i Siggjarvåg som no er nedlagt. Etter dette er det slutt på sykkelstien for ei stund. Etter 10,5 km kjem du til krysset ved Ekornsætre. Her tek du til venstre mot Langevåg. Når du kjem litt inn på Erslandsvegen kan du sjå Siggjo reisa seg flott på di venstre side. Etter 13,8 km kjem du til Tormodsætre. I dette krysset fylgjer du framleis vegen til Langevåg, til venstre. Her vært vegen litt smalare, og noko svingete. Du fylgjer Erslandsvatnet eit stykke og nærmar deg ein liten rasteplass på høgre sida vegen. Her får du eit idyllisk utsyn over Sakseidvågen.  I  "Sakseid t-en" etter 16,3 km svingar du til venstre, mot Håvik . Du passerar den gamle prestegarden på Finnås på høgre  side, før du kjem til den koselige stranda i Åreiddalen. Frå Åreiddalen og til Håvik er det 5,5km. Frå Håvik til Røyksundkanalen er det omlag 2km. Dit kjem du ved å sykla rett fram i indre Håvik. Når du kjem til krysset ved Røyksund, skal du nok ein gong svinga til venstre, om du ikkje vil ta ein snartur til Moster. Frå krysset og til Gassasundet, er det no berre 1 km igjen før rundturen er fullendt. Ruta har ei totallengd på 27,3 km og ein høgdeskilnad på 114 meter.

Skjergardsturen 138 km

Om: Skjergardsturen er ein rundtur på sykkel, som er 138 km lang. Den er innom desse plassane: Mosterhamn/Rubbestadneset – Brandasund – Leirvik – Fitjar – Bekkjarvik – Hufthama. Ruta går i eit variert kystlandskap langs asfaltert veg med høvesvis liten biltrafikk. Skjergardsturen har ein ferjetur (mellom Sandvikvåg kai, Fitjar og Husavik kai Austevoll). Om ein ynskjer kan ein nytte snøggbåten mellom rutene, sjå www.skyss.no på Sunnhordlandsruta for å planleggje turen og kombinere med snøggbåt.   Start/mål: Skjergardsturen har start i Mosterhamn eller på Rubbestadneset på Bømlo. Den avsluttast på Hufthamar/Austevoll. Hurtigbåt går innom både Rubbestadneset og Hufthamar, samt Bergen om ein ynskjer å ha Bergen som start/stoppestad. For rutetabell sjå Sunnhordlandsruta på www.skyss.no. Det er og mogleg å avslutte i Haugesund.   Familievennlig: Ruta er lettsykla. Passar ikkje for mindre barn på eigen sykkel.   Skilting: Ruta er ikkje skilta med sykkelskilt. Hardangerfjordekspressen som går i rute mellom Bergen – Flesland – Os- Rosendal gjer det enkelt å nå Rosendal på under 2 timar. Sjå www.rodne.no for rutetabell Rutebeskildring Turen er på 138 km og passar godt å ta over 3-5 dagar. Mosterhamn – Rubbestadneset 25 km: Om ein kjem til Mosterhamn følg rv 542 nordover, gangsti einskilde strekningar. Ved Stokkajuvet tunnel er det eit godt alternativ utanom. Følg skilting mot Rubbestadneset. Rubbestadneset – Brandasund – Svortland ca 40 km: Frå Rubbestadneset til Brandasund er det 22 km. Ruta går 3 km tilbake langs vegen frå Rubbestadneset, deretter tvers over øya til Svortland/Bremnes. Fylkesvegen nordover til Brandasund er variert og morosam å sykle, smal og kupert i enkelte parti. Vegen går over fleire øyer med bruer mellom og det er god sikt utover skjergarden. Den idylliske gamle gjestgjevarstaden Brandasund heilt ute i havgapet har butikk og serveringsstad. Retur same vegen til kommunesenteret Svortland/Bremnes. Avstikkar kan takast til Hiskjo – vestnorsk kystlandskap på sitt barskaste og mest sjarmerande. Svortland – Leirvik 37 km: Frå Svortland ta sydover mot Mælandsvåg og Sakseid (11 km). Vegen er smal og svingete og ein del kupert, men flott for sykling. Etter Sakseid austover mot Håvik (6 km) og Trekantsambandet. Trekantsambandet har gode sykkelvegar over bruene, og er ei turoppleving i seg sjølv. Ved Heiane næringsområde følg sykkelskilting nr.1 mot Leirvik sentrum. Leirvik – Fitjar ca 30 km: Frå Leirvik følg sykkelskilting (nasjonal sykkelveg nr. 1) til Heiane og Fitjar. I Sagvåg kan du ta av til Litlabø og vitja eit tidligare gruvesamfunn for utvinning av svovelkis, no museum. Etter Sagvåg er resten av denne strekninga meir kupert. Ved Storavatnet i Fitjar går ruta på vestsida av vatnet, småkupert og med flott utsikt vestover. I nordenden av vatnet er ein fin badeplass med toalett. Følg sykkelskilting (nr. 1) mot Fitjar/Bergen til Fitjar sentrum. Fitjar – Bekkjarvik – Hufthamar 31 km: Frå Fitjar sentrum til ferjeleiet Sandvikvåg er det 7 km. Ferja til Husavik tek 20 minutt. Følg skilting til venstre mot Bekkjarvik. Bekkjarvik er ein idyllisk gamal handelsstad der det er fint å ta seg ein rast – eventuelt overnatte. Frå Bekkjarvik kan du ta ein avstikkar, og sykla over Selbjørn, og over bruene til Stolmen og Kvalvåg. Nordover til Storebø følg rv. 546 på vestsida av Huftarøy. Kommunesenteret Storebø har servicefunksjonar. Frå Hufthamar kan du ta ein avstikkar til Austevollshella og sykle heilt vest på øya til Store Kalsøy og Kalve. Alternativt avslutte turen og ta hurtigbåten til Bergen.

Storavatnet rundt (16 km)

Ein fin tur rundt det største vatnet på Fitjar, Storavatnet. Middels vanskegrad. Lengde: 16 km. Tid: 1 t. Maks. høgde: 68 m. Underlag: Asfalt Turen startar i Fitjar sentrum, der du blant anna finn Syklist Velkomen overnatting og sykkelutleige. Følg RV 545 forbi Fitjar kyrkje og vidare sørover. Etter ca 2 km kjem du til eit plantefelt. Her kan du velje å parkere sykkelen og følgje turstien til Rimbareid på venstre side. Skilt med kart ved starten av turen. Turkart kan kjøpast på turistinformasjonen. Når du har sykla ca 1 km vidare på RV 545 kjem du til eine kanten av Storavatnet. Her endar og "gamlevegen" frå Fitjar, som er eit alternativ til hovudvegen dersom du ynskjer ein mindre trafikkert trase opp til Vik. Vegen byrjar til høgre for Fitjar kyrkje (skyssbrekka). Vidare følgjer du gang- og sykkelvegen mot Tveita. Etter nye 2 km kan du ta av til venstre på ein grusbelagt parkeringsplass. Derfrå går det ein tursti som er mykje brukt av lokalbefolkninga. Turen delar seg i to: ein veg går sørover til Sørlivatnet og Klysgard, medan den andre går nordover til Botnavatnet og Kidno. Følg vegen vidare forbi Årbøelva til krysset ved nærbutikken Joker. Her er det bord og benkar, og passar fint til ein pause om lag halvvegs på turen. Ta så av RV 545 og inn til høgre mot Koløyholmen. Du syklar 1 km på ein smal landeveg og tek deretter av til høgre mot Fitjar i krysset ved Øvrebygda Bedehus. Etter 4 km kan du ta til høgre ved ein liten parkeringsplass. Her ligg Breiavikjo, ein offentleg badeplass som er ein del av Storavatnet. Det er langgrunt vatn, bord og benkar og toalett. Vidare syklar du 1 km til du kjem til eit kryss. Her tek du av til venstre og inn på Vestbøstadvegen. Vegen til høgre tek deg inn på "gamlevegen" og vidare ned til Fitjar/Vik. Følg Vestbøstadvegen langs sjøen til du kjem tilbake til Fitjar sentrum.

Sykkelrute Husnes båthavn - Kaldestad - Sunde - Husnes

Denne sykkelturen tek deg på mindre vegar rundt i Husnesområdet. Start ved Husnes båthavn, som fleire gonger er kåra til norges beste båthavn. På veg opp frå sjøen passerer du Kvinnherad golfklubb og Undarheim golfbane, ein bane med 9 hol. Til venstre ser du også aluminiumsfabrikken på Husnes, SørNorge Aluminium.  Ta til høgre i første kryss og fortsett mot Husnes kyrkje. Ta igjen til høgre ved kyrkja og fortset til neste kryss. Ta til høgre også der. Ta til venstre mot Sunde i neste kryss (ikkje til Bogsnes) I neste kryss syklar du rett fram på Kaldestadvegen, ikkje mot Husnes sentrum. Så er det litt stigning og svingar på vegen opp mot Kaldestad. Oppe på Kaldestad er det fin utsikt utover fjorden. Startpunkt for tursti til Kaldestadåsen finn du her. Etter å ha passert Grønstøl og vegen igjen går nedover i ein liten dal skal du ha av til høgre på Vågsvegen. Følg Vågsvegen forbi juletreplantasjar og små hyggjelege tun. Ved skilt til Bjelland kan ein ta av og gå turstien til Bjellandsneset.  Fortset Vågsvegen til Sunde, der du først passerer Sunde båthavn og over brua inn i gamle Sunde sentrum. Ta til høgre etter brua og fortset forbi den gamle hermetikkfabrikken som no er lakseslakteri. Litt vidare ser du Sunde kai på motsett side av vågen. Herfrå går hurtigbåtar både mot Bergen og Stavanger. Forset innover vågen og ta ikkje av til venstre mot Husnes, men kjør over brua og ta til venstre mot Rosendal når du kjem til neste kryss. Herfrå går vegen oppover til Reset og Fv 48/Vikefjellsvegen, som ein følgjer eit stykke til Postvegen kryssar Fv48. Fin utsikt over Opsangervatnet med Husnes på motsett side av vatnet.   Ta av frå fylkesvegen der Postvegen er skilta på grusvegen ned mot Opsangervatnet. Postvegen kjem ut på vegen ved Husnes sentrum. Ta til venstre mot lysskulpturen "Samspel" og fortset til rundkjøringa ved Statoilstasjonen på Husnes. Ta då til høgre mot Golfbanen/kyrkja og returner til Husnes båthavn.

Sykkelstreif i Njardarlog (Tysnes)

Ta sykkelen fatt og opplev Gudeøya Tysnes! Ein informativ vegvisar, Sykkelstreif i Njardarlog og brosjyra Gudestreif i Njardarlog gir deg kunnskap og informasjon om kulturskattane på Tysnes. Tavler er sett opp og her finn du òg sitjebenkar. God pedaltur! Velkommen på sykkel i Njardarlog! Nytt sykkelkart med beskrivelsar finn du her. Tilgjengelig på turistinformasjonane i regionen. 1. Tysneset Kultplass, soldyrking, ekserserplass med gapestokk, minne frå fleire kyrkjer. Frå Våge tek du av mot Lunde i rundkjøyringa, RV 49. Etter 3.5 km tek du, mot Godøysund. Fylg skiltet til Tysnes. Ver grei, gå vegen, med steingarden på venstre hand, ned til kyrkjegarden. På vegen vidare mot Lunde, kan du sykle opp til Myrdal. Vil du opp på Tysnessåto (753 moh), byrjar merka sti bak Myrdal Gard. 2. Årbakka Gravfelt og handelsplass. Rett etter Lunde tek du av frå RV 49 og syklar forbi Vevatnet på ein pittoresk veg, med fint tilhogne stabbesteinar, som opna i 1936. Frå høgdedraget, 85 moh, trillar du vidare til Hovland. Her budde Axel Mowatt (stamfaren til Baroniet) og Claus Pavels Riis (songen "Anne Knutsdotter"). Ved Årbakka Handelsstad, svinger du ned til venstre. 6 høgreiste bauta-steinar frå jarnalderen! Kulturminnetavla fortel deg heile soga. 3.Flakka kalkomn Kalkbrenning, ei stor næring. Med utsyn mot Kvinnheradsfjella kjem du fyrst til Onarheim og så til Flakke kalkomn, i drift til 1902. På Tysnes si austside, ligg eit belte av kalkstein som var nytta som råstoff. Her er og ei nedlagt svovelgruve, som du kan vitje, men hugs lys, her er bekmørkt! Meire info på kulturminneplata. 4. Flatråkervassdraget Rundtur med sykkel eller kajakk & kano blant ferskvassholmar! Til Flatråker er det 12,2 km. På Hodnaneset ferjekai er det kiosk. Ynskjer du ein avstikkar, sykklar du langs med Flatråkervassdraget. Vil du heller bruke armane kan du ringe Kenneth Kajakk, 905 19 237 og padle omkring holmar og sund. Sjekk med Kenneth eller turistinformasjonen! 5. Flygansvær Fort Kanonstillingar frå 2. verdenskrig Nå skal du ut til pittoreske Reksteren, som fekk bru på slutten av 1970 talet. Frå krysset ved Søreide, 1 km før Uggdal, tek du av til Reksteren. Fram til Flygansvær er det 13 km. Storslått utsyn over Selbjørnsfjorden mot storhavet. Dette var ei strategisk plassering for den Tyske okkupasjonsmakta. Her hadde dei kontroll med skipsleia og innsegling frå Nordsjøen. Kulturminnetavle med detaljert informasjon. 6. Hope Kyrkjegard «The spooky churchyard»; avkristna og gløymd i 1922. Ein skoddefull vinterdag i 2008 fann me ein overgrodd gravplass, med over 100 år gamle skeive gravstøtter. Der stod dei innimellom kratt, røter og skog, omkransa av ein mosegrodd steingard. Ved inngangen eit lite likhus i sveitserstil med klokketårn. Hjarteleg velkomen til ei særmerkt oppleving! Tavle med info om jaktebygging, oppgangssaga nede i fjøra og Spanskesjuka. 7. Uggdalsdalen Oldtidsvegen mellom Uggdal og Onarheim. Kulturmiljø og spor etter eldre vegfar. Vegen er fleire stader halvannen meter brei, steinsett og går over to vad. Vegen går gjennom to større område med gravrøyser, der det og er funne hustufter. Kan vera ein av dei eldste kjente vegane i Hordaland. Informasjonstavla finn du på venstre side av vegen attmed ein steingard 3,1 km frå Uggdal. Vegstrekkja tek omlag ein halv time å gå.  

Sykkeltur Villevika - Botnane

Ta rutebåten frå Florø – Villevika, enten 14.30 eller 16.00 Sykle ca 2 km og ta av til Uradalen. Du kan sykle eit par hundre meter før du må setje sykkelen frå deg. Gå til fots oppover skogsvegen og kryss elva. Gå skogsvegen til endes. En fin tur. Gå tilbake til sykkelen og fortsett nordover. Når du kjem til Seljestokken syklar du gjennom eit steinbrot. Det vart starta opp i 2005 og driv fortsatt på. Steinen blir brukt i asfalt. Rett etter steinbrotet kjem du til Seljestokken Båtverkstad. Neste garden på høgre side er Breivika. Derifrå går det sti til høgre for garden opp til der radiostasjonen Roska låg under 2.verdskrig. Der låg dei gøymde og melde frå når dei såg fiendtleg skipstrafikk på sjøen. Til slutt greidde dei tyske soldatane å finne stasjonen og Atle Svardal som satt der vart skoten, medan den andre Fredrik Persen vart teken til fange. Turen tek om lag ein time t/r og du finn meir informasjon om den her Vidare kjem du til den vesle bygda Husefest før du tek til på langstrekninga til Botnane. Her er det ope terreng og fin utsikt mot øyane Hovden (Kinn) og Frøya (Bremanger). Rett etter Husefest går kommunegrensa mellom Kinn og Bremanger. Vegen her kom først i 1993, så før den tid måtte dei som budde i Botnane i båt. Her har det skjedd fleire båtulykker gjennom tidene. Les meir om dette her Les gjerne meir om historia frå Botnane og Årebrot på deira heimesida her Mellom Årebrot og Botnane er det 40 gravrøyser og det er gjort eit godt arbeid med å rydde rundt desse. 8 av desse ligg i Botnane og fleire er lett synlege frå vegen. Ein reknar med at alle vart bygd i eldre bronsealder, kring 1800 – 1000 f.Kr. Desse kystrøysene er mellom dei fremste kulturminna frå bronsealderen som er bevart i Norge, i god stand etter meir enn tusen år. Etter litt meir sykling kjem du til gravplassen i Botnane. Der startar Diktarstien med diktet Tri grannar. Her er det eit informasjonsskilt om gravplassen. Gravplassen vart tatt i bruk i 1899 og vigsla i 1900. Ved kaia i Korsnesvika stoppa ferja før. Jan-Magnus Bruheim som har skrive dikta til Diktarstien hadde sine daglege turar ned hit for å sende og hente post. Diktet her er Still sjø, og skiltet fortel om kaia som samlingsstad 1965 – 1993. Rett etter avkøyrsla til kaia går det sti opp til Opnaren. Dette er ein godt merka sti med røde sløyfer. Når du kjem opp får du ei flott utsikt over Botnane og vestover mot Hovden og Frøya. Like etter kjem du til neste punkt på Diktarstien. Øyi mi kalla Bruheim Flotholmen. Diktet Ved fjøre sjø heng på holmen, og ved starten av stien som går ned dit, av omsyn til dei som ikkje kjem seg ut på holmen. Inst i bukta ligg Grendahuset, der Bruheim budde frå 1978 til 1985. Det gamle skulehuset frå 1927 fekk sitt eige dikt i Huset som talar. Det og diktet Den annsame heng på baksida av huset. Ved inngangen heng hovudskiltet om forfattarskapen til Bruheim og tida hans i Botnane. Her heng det og eit skilt med namna på alle som støtta arbeidet med stien. Grendahuset kan leigast til diverse arrangement og der finns ei leiligheit det går an å leige. Fotefar i stein er skrive om ein stein med avtrykk av ein barnefot. Den ligg ved Søre elva, 3-400 meter bak grendahuset. Av omsyn til dei som ikkje kan gå dit kjem det opp eit dikt- og informasjonsskilt der stien dit startar. Ved sjøen ligg det raste- og parkeringsplass, med dikt, kart og informasjon om Diktarstien i Botnane. Her står tre godt synlege søyler i cortenstål. Du kan lese meir om Diktarstien her På andre sida av vegen til raste/parkeringsplassen går det ein traktorveg oppover til Nordalsvatnet. Syklar du vidare forbi Nordbotten vil du sjå fleire gravrøyser. Turen frå Villevika til Nordbotten og tilbake er på ca 30 km. Om du har heile dagen på deg kan du sykle vidare, vegen går langs sjøen så det er ein lettsykla tur. Om du reiser med båten klokka 16 (gje beskjed om at du skal til Villevika) og skal tilbake med kveldsbåten så har du nok å gjere på for å fylle tida.

Sykkelutleie - Kragset Hamn

Kragseth Hamn ligger på Hakallestranda i Vanylven kommune. Anlegget består av i alt 5 sjøhus, alle med svært høy standard. Dere blir innlosjert i arkitekttegnede sjøhus som ligger i havkanten med egen havn og en sjarmerende liten sandstrand. Innredningen er nøye utvalgt og alle har sin egen personlige sjarm. Nyt den fantastiske utsikten mot Stadt, Storhavet og Haugsholmen! Fire av sjøhusene er nyoppført, arkitekttegnet, og har høy standard. Vannbåren varme, skifer på gulv i 1. etasje og flislagte bad. Tre av de nye sjøhusene har tre dobbeltrom, felles bad med dusj/wc i underetasjen og stue/kjøkken i 2 etasje. Husene tar hver 6 personer, totalt 18 personer. Det største nye sjøhuset har fem soverom, to bad (ett med stort badekar), ett gjestetoalett, stue, kjøkken og hems. Huset tar totalt 9 til 14 personer, (dersom hemsen tas i bruk). Skipsekspedisjonen er opprinnelig fra 1920. Den har fem soverom, ett bad, ett gjestetoalett, stue og kjøkken. Sjøbuda tar totalt 8 personer. Total overnattingskapasitet: 40 personer Kurs/Konferanse I møteloftet på den opprinnelige Skipsekspedisjonen fra 1920 er det et autentisk miljø og tradisjon i veggene. Alt av nødvendig utstyr for et faglig innhold: trådløst breiband, projektor og lerret, overhead og flip-over. Loftet har kapasitet til 30 personer. Mat(laging) - en del av opplevelsen Havet her byr på kanskje Norges beste råvarer; sprellende fersk fisk, blåskjell fra rent og giftfritt hav, store saftige kamskjell, og, hvis dere er heldige, en eller flere skulende hummer(e). Dra ut med båt, kom inn med råvarene og tilbered maten selv, eller la oss lage til havets festbord! Aktiviteter Med utgangspunkt i at vi alle er forskjellige og med ulik erfaring kan vi sette sammen flere landaktiviteter som utfordrer både de kreative og de filosofiske typene i en gruppe. Fasiliteter Trådløst nettverk for internett i alle hus, eget fisketilberedingsrom. Utleie av båt m/motor, utendørs boblebad, grillhus, kajakk og sykler. Eiendommen ligger på Hakallestranda, en liten perle ved Sunnmørskysten. Ca. en time fra Stadt/Vestkapp, Ørsta/Volda, Ulsteinvik, Herøy og Måløy. Ca. 2 timer fra Ålesund og Stryn. 7,5 kjøretimer til Oslo. Fly til Ørsta/Volda Lufthavn, Hovden, ca. en time med bil derfra. Kragset Hamn kan ordne med transport tur/retur på forespørsel. Ca. 2 timer med bil fra Ålesund Lufthavn, Vigra.

Toppturhelg på Sunnmøre

Sunnmøre er et av Norges flotteste områder for toppturer. Sammen med lokalkjent tindeveileder skal vi jakte på den beste snøen, de fineste toppene og de beste nedkjøringene. Vi bruker taxibåt og ferge for å nå uberørte fjell, og har base på et av Sunnmøres flotteste hotell. Sammen med lokalkjent tindevegleder skal vi bruke en langhelg på å jakte den beste snøen og fantastiske nedkjøringer på Sunnmøres vakreste topper. Dette er drømmeturen for deg som er glad i ski og toppturer. Med base på ærverdige Villa Norangdal med lokalkjent tindeveileder ligger alt til rette for at vi kan plukke de flotteste toppene og de beste nedkjøringene som ligger i kort avstand fra hotellet. Hvilke topper vi velger kommer helt an på vær- og føreforhold, men vi har fjell som Slogen, Skårasalen, Blåbretindene, Blæja, Kvitegga, Randers topp eller Kolåstinden – for å nevne noen favoritter. Ofte bruker vi taxibåt eller ferge for å krysse Hjørundfjorden for å komme til startstedet for toppturen. Bare det er en opplevelse i seg selv! Etter en lang dag på ski returnerer vi til Villa Norangdal. Et særegent og vakkert overnattingssted hvor hvert enkelt rom er unikt innredet etter tidsepoker, og hvor norsk fjellsporthistorie sitter i veggene. Det er få ting som er deiligere enn å senke seg ned i det oppvarmede utendørs boblebadet med magisk utsikt til fjellene etter en lang dag på ski. Opplevelsen toppes med en bedre middag, før vi avslutter kvelden med planlegging av neste dag foran peisen i Slingsbystuen. Pris inkluderer: Erfaren og lokalkjent tindeveileder fra Hvitserk Overnatting i del av tomannsrom Alle måltider inkl jus, kaffe og te Lokale, godkjente tindeveiledere. 1 guide per 6 personer Ferge og taxibåt, dersom vi benytter oss av det.  Pris inkluderer ikke: Transport tur/retur Norangdal. Det letteste er privatbiler, evt leiebil fra Ørsta eller Ålesund. Vi trenger privatbiler til å kjøre til utgangspunktet for toppturene. Hvis vi kommer tilbake et annet sted en der hvor bilene blir parkert så tar vi taxi tilbake til utgangspunktet, og deler regningen. Mineralvann og alkoholholdig drikke utover jus, kaffe og te til måltidene. Påmeldingsfrist: 1.februar 2013

Tysnesruta sykkelrute (71 km)

Tysnes kan syklast både rundt og på tvers over fjellet mellom Onarheim og Uggdal (Fv79). Du kan også ta ein avstikkar ut til Reksteren (Fv 83). Reksteren er den nest største øya i Tysnes kommune. Vegane på Tysnes er for det meste smale og følgjer terrenget. Trafikken er stort sett roleg. Ein rundtur på Tysnes er som ei konsentrert vestlandsoppleving. Langs vegen finn du kulturminne frå jarnalderen og fram til nyare tid. Frå Tysnes er det enkelt å kome seg vidare til Bergen, Leirvik eller Rosendal. Leirvik - Hodnanes - Onarheim - Gjermundshamn - Løfallstrand - Rosendal: Om du kjem frå Leirvik tek du ferja over frå Jektevik til Hodnanes. Herfrå følgjer du fylkesveg 78 til Lunde. Etter 5 km kjem du forbi kalkomnen på Flakka, eit minne frå den tida ein brende kalk av steinmassar frå området og mellom anna eksporterte til England. Du kjem forbi Onarheim, som på 1300-talet var sete for Onarheimsgildet, og vidare til Årbakka med gravrøyser, bautasteinar og den gamle handelsstaden. Forbi Hovland følgjer du skilting mot Lunde, og kjem forbi Vevatnet, som mange meiner er knytt til gudsdyrking i førkristen tid. Du kan skimte Tysnessåto (753 moh). Frå Lunde kan du ta til venstre på Rv 49 mot Våge, ferja over til Halhjem og vidare til Bergen. Alternativt kan du sykle til høgre på Rv 49 mot Gjermundshamn. Dei neste 3 mila går i skogsterreng og langs fjorden. Frå Lukksundbrua er det flott utsyn til fjorden. Ølve er ei vakker bygd med fin utsikt både til Kvinnherad-fjella og Hovlandsnuten. I Gjermundshamn tek du ferja over til Løfallstrand (25 min.), og derifrå 5 km til Rosendal For Tysnes er det også utarbeidd ein eigen brosjyre som heiter "Sykkelstreif i Njardarlog - i historiske fotefar på Tysnes".