Et merkeikon

Vandring

Blåhornet - Kilstisætra

Familietur med utsikt og idyll. Startpunktet på Gjerdeneset ligg etter om lag 5 km køyring på kommunal veg mot Kilsti etter at du har teke av frå veg nr. 63. Her startar skilta rås opp mot Kilstivatnet. Ein går langs vatnet framom ei båtstø. Det er mogleg å trille vogn opp hit ved å nytte grusvegen gjennom tunet på den fyrste garden etter parkeringsplassen. Vidare frå båtstøa fylgjer ein skilta rås mot Ospahjellen. Det er jamn stigning på god rås mot toppen av Blåhornet (741 m.o.h). Merk at råsa deler seg like etter ei myr, mellom nokre bergrabbar. Her tek du til venstre mot toppen. Rekn ca. 1,5 timar opp med born. Toppen byr på overraskande god utsikt og eit storslått panoramabilete over Norddalsfjorden med kringliggande bygder. Råsa nedover mot Kilstisætra fylgjer den sørlege ryggen som utgjer kanten mot Verpesdalen. Råsa er bratt eit kort stykke og går nær stupkanten. Vel halvvegs til sætra kan ein ta av frå åsryggen og fylgje råsa ned til Verpesdalen om ein vil. Kilstisætra var i drift fram til slutten av 1960-talet. Fire bruk på Kilsti og eitt nede i bygda sætra her. Den gongen vart mjølka rodd over vatnet når fjøsstellet var gjort, og boren ned til gardane. Mjølka til Andersgarden nede i bygda vart frakta med taubane (bygd 1938) frå ytste Kilsti. Sætreteigane vart óg slått så lenge det var sætring. Høyet vart køyrt til gards med hest og slede over isen om vinteren. Den fine sandvika nedanfor sætra skuldast at det på 60-talet vart vaska ut sand i området. Staden er ein ynda badeplass for dei aller yngste. Returen til parkeringsplassen går på god rås i lett og idyllisk terreng langs nordaustsida av vatnet. Frå Gjerdeneset direkte til sætra reknar du ein knapp time med små born. (Kjelde: Opptur Geirangerfjorden)

Blåhornet - Kilstisætra

Familietur med utsikt og idyll. Startpunktet på Gjerdeneset ligg etter om lag 5 km køyring på kommunal veg mot Kilsti etter at du har teke av frå veg nr. 63. Her startar skilta rås opp mot Kilstivatnet. Ein går langs vatnet framom ei båtstø. Det er mogleg å trille vogn opp hit ved å nytte grusvegen gjennom tunet på den fyrste garden etter parkeringsplassen. Vidare frå båtstøa fylgjer ein skilta rås mot Ospahjellen. Det er jamn stigning på god rås mot toppen av Blåhornet (741 m.o.h). Merk at råsa deler seg like etter ei myr, mellom nokre bergrabbar. Her tek du til venstre mot toppen. Rekn ca. 1,5 timar opp med born. Toppen byr på overraskande god utsikt og eit storslått panoramabilete over Norddalsfjorden med kringliggande bygder. Råsa nedover mot Kilstisætra fylgjer den sørlege ryggen som utgjer kanten mot Verpesdalen. Råsa er bratt eit kort stykke og går nær stupkanten. Vel halvvegs til sætra kan ein ta av frå åsryggen og fylgje råsa ned til Verpesdalen om ein vil. Kilstisætra var i drift fram til slutten av 1960-talet. Fire bruk på Kilsti og eitt nede i bygda sætra her. Den gongen vart mjølka rodd over vatnet når fjøsstellet var gjort, og boren ned til gardane. Mjølka til Andersgarden nede i bygda vart frakta med taubane (bygd 1938) frå ytste Kilsti. Sætreteigane vart óg slått så lenge det var sætring. Høyet vart køyrt til gards med hest og slede over isen om vinteren. Den fine sandvika nedanfor sætra skuldast at det på 60-talet vart vaska ut sand i området. Staden er ein ynda badeplass for dei aller yngste. Returen til parkeringsplassen går på god rås i lett og idyllisk terreng langs nordaustsida av vatnet. Frå Gjerdeneset direkte til sætra reknar du ein knapp time med små born. (Kjelde: Opptur Geirangerfjorden)

Fosseråsa - nasjonal turiststi

Den første autoriserte nasjonale turstien i Noreg Ei mektig naturoppleving nær elva. Fosseråsa er ein av dei finaste og best tilrettelagde turstiane i Geiranger. Råsa er skilta og går frå Geiranger sentrum og opp til Storsæterfossen, ein av dei mange flotte fossane i verdsarvbygda. Turen byr på rike opplevingar undervegs, og består av tre etappar: 1. etappe – til Norsk Fjordsenter Start ved Joker i Geiranger og følg kommunevegen sørvestover (til høgre), forbi skulen og Geiranger camping og over brua. På andre sida av elva følgjer du vegen oppover til venstre. På Gjørva går du forbi den gamle, særprega kraftverksbygningen og kjem opp i trappa av cortenstål. Dei 327 trappetrinna fører deg heilt opp til besøkssenteret for verdsarven Vestnorsk fjordlandskap. Lengde: 0,9 km Høgde: 90 høgdemeter Tidsbruk: ca. 20 min Attraksjonar/opplevingsverdiar: • kraftverket på Gjørva frå 1928, det tredje i bygda • Fossevandringa og trappa av cortenstål med utsynsplatå mot fjorden • Storfossen • Mjelvaverket frå 1907, truleg det første vasskraftverket på indre Sunnmøre • besøkssenteret for verdsarven (Norsk Fjordsenter) med utstillingar, kafé og butikk 2. etappe – til Vesterås (Westerås Gard) Frå Norsk Fjordsenter held du fram over trebrua mot Hotel Union. Der svingar du til høgre, går ca. 100 meter oppover langs vegen før du tek av til venstre ved skilta veg. Ein grusveg kryssar over bøen og går opp i «Mørkja», ei skogsli der gamlevegen til Vesterås gjekk. Stien er dels gruslagd og dels steinsett. Nokre parti er enno ikkje utbetra, men på heile strekninga er det ein brei og tydeleg sti som slyngar seg oppover den lune skogslia. Råsa endar ved fjellgarden på Vesterås. Lengde: 1,5 km Høgde: 230 høgdemeter Tidsbruk: ca. 45 min Attraksjonar/opplevingsverdiar: • sjølve råsa (stien) • ruinar etter gamle høyløer • edellauvskog • gamle murar • idyllisk skogsvandring med fuglesong 3. etappe – til Storsæterfossen Frå fjellgarden Westerås følgjer du vegen søraustover (til høgre) forbi hyttene, og svingar straks opp traktorvegen til venstre. Det står turskilt i vegskiftet. Traktorvegen kryssar dei brattlendte bøane. Deretter går du til venstre gjennom ei lita grind og er over på råsa. Store delar av råsa vidare opp til Storsæterfossen er steinlagd, og ho går i slynger opp lia. Om lag halvvegs møter denne råsa gamleråsa opp frå Vesterås. Dette kan vere ei alternativ rute for tilbaketuren ned att, men merk at her er det ikkje noka tilrettelegging, berre ein naturleg sti, og terrenget er litt meir krevjande. Storsæterfossen ligg i dalmunningen inn mot den flotte Vesteråsdalen. Frå hovudråsa går det ein kort sti ned til platået over fossen. Herifrå kan du gå vidare bak sjølve fossen på ei smal rås. Eit gjerde sikrar deg mot avgrunnen. Lengde: 1,5 km Høgde: 240 høgdemeter Tidsbruk: ca. 45 min Attraksjonar/opplevingsverdiar: • Westerås gard (restaurant og hytteutleige, ope i perioden mai-september) • kulturlandskapet kring Vesterås • Liastølen • Storsæterfossen • fjord- og fjellutsyn • blomeenger Turruta er skilta frå startpunktet og i alle stikryss. Undervegs er det sett opp fleire informasjonstavler som fortel om natur- og kulturhistoria. Alle tavlene tek utgangspunkt i vatn. Svært mange går Fosseråsa, særleg den første delen. Men det er også råd å nyte naturen her så å seie åleine – berre du og suset frå fossen, fuglesongen og vinden som kviskrar i lauvet. Det er ei god naturoppleving! God turutrusting Turopplevinga er best dersom du er fornuftig kledd og skodd, og har med deg rett utstyr: • Bruk fjellsko eller gode joggesko. • Kle deg etter vêret. Hugs at det kan vere kaldare og meir vind høgre oppe i terrenget. Særleg haust og tidleg vår kan det vere lurt å ha med hue og vindtett jakke. Ha gjerne ei ulltrøye inst. • Ta gjerne med bygdenært turkart. Det kan du kjøpe for 10 kr på Joker, Turistinformasjonen og Besøkssenter verdsarv / Norsk Fjordsenter. • Manglar du utstyr, kan du låne ein tursekk med førstehjelpsutstyr, kart, turkoppar m.m. på Besøkssenter verdsarv (depositum). Her er det òg etablert ein utstyrsbase med anna relevant friluftsutstyr (utleige). • Du kan bestille «Fosseniste» og drikke på Cafe Ole i Geiranger sentrum. Bestill dagen før du skal gå turen, via post@olebuda.no eller tlf. 95 24 64 88. Sporlaus ferdsel – gode naturopplevingar for alle Ferdast mest mogleg sporlaust i naturen. Då bidreg du til at andre òg får gode naturopplevingar, og til at dyre- og planteliv ikkje vert uroa eller skadd. • Rydd etter deg og ta med all søppel heim. • Bruk WC der det finst. Naturen er ikkje eit toalett. Må du på do ute i naturen, så legg avføringa i groper minst 60 meter unna vatn og i god avstand til stiar der folk ferdast. • La ville dyr og fuglar vere i fred. • Plukk ikkje blomar som er freda. Elles kan du gjerne plukke deg ein bukett, men ta aldri med rota. • Lat att grinder etter deg, og forstyrr ikkje dyr på beite. • Hugs bandtvangen 1. april–31. oktober av omsyn til beitedyr. • Hugs forbodet mot eld i skogsmark frå 15. april–15. september. • Lat kulturminne få stå i fred. Dette gjeld òg gamle murar.  • Bygg ikkje små vardar som minne etter deg sjølv. Skriv heller namnet ditt i turboka der du har høve til det. Vi ønskjer deg ei god turoppleving langs Fosseråsa. Vi set pris på å få ei tilbakemelding frå deg. Send oss gjerne nokre ord på e-post til post@verdsarvfjord.no   

Fossestien i Eldalsdalen, Viksdalen

Fossestien er ein vandreveg frå Gaularfjellet til Viksdalen, 21 km med høgdeskilnad på 500 m. Stien fylgjer gamle stiar opptrakka av dyr og menneske. På strekninga er det 14 større fossar og 7 vatn. Denne flotte naturstien fylgjer den eine hovedgreina av Gaularvassdraget, som vart varig verna i 1993 etter mange års strid. Fossestien er tydleg merka med raud F'ar, retningspiler, namneskilt og avstandar. Vandringa går vekselvis på sti, trebruer og klopper langs elva og i ulikt skogsterreng. Du passerar fleire stølsområde der ein støl framleis er i dagleg drift. Nedste dalen har eit trant juv med bratte sider, ein liten canyon. Stien går gjennom frodig vegetasjon med rikt dyre- og fugleliv, men også tett forbi kulturlandskap med aktiv gardsdrift. Langs stien finst mykje skogsber og sopp av mange slag. Det er kjø (aure) langs heile elva og i alle vatna. Fiskekort kan du kjøpe på forretningane og overnattingsstadane i området. Du kan starte vandinga på fleire stadar langs stien.  4 stadar er tilrettelagde med skilt, kart og parkeringar: Tornesstølen, Longestølen, Likholefossen og Eldal. Du kan gå deler av stien eller heile turen. Stien er kupert og fottøyet må vere godt. Vandrevegen høver ikkje til sykling eller riding. Ta med niste, fotoapparat og fiskestong.   Tornesstølen - Longestølen, 6 km: 2 - 3 timar Longestølen - Likholefossen, 7 km: 3 - 4 timar Likholefossen - Oppedal, 6 km: 2 - 3 timar Likholefossen - Eldal, 9 km: 3 - 5 timar   Besøk Fossestien i Viksdalen, overnatting hos Hov Hyttegrend fra kr. 400,- for 2 vaksne og 2 barn. Prisen inkluderer transport til startpunkt for stien, i tillegg til eit kart over Fossestien.

Goksøyra (1337 m.o.h.)

Goksøyra er selve monumentet i Eresfjord, der den fra den flate bygda rager rett opp til 1315 moh. Fenomenal flott tur. Først bratt og god sti opp skogslia til Ufssalen (546 moh). Deretter høyfjellsterreng etter god sti til ca 800 moh. Derifra følger du steinvarder til topps. Fra toppen av Goksøyra har du en fantastisk utsikt. Turen følger god sti helt til ca 800 moh. På den lille knausen du passerer på 781 moh, kan du velge å gå rett opp den litt brattere fjellknausen istedet for stien videre. Det enkleste og letteste er likevel å følge stien. Etter at denne forsvinner i terrenget runder du svakt oppover mot høyre. Hold til høyre for den store botnen (Kvilhaugbotnen ) og videre opp til en flat ryggformasjon. Her følger du opp langs venstresiden av bekken. Noen steinvarder viser veien. Oppe i neste botn ligger det en snøskavl. Denne kan du krysse rett over eller følge steinryggen på venstre side. Når du har passert snøfeltet er du snart oppe. Det første du ser er den store masta, toppvarden på Goksøyra ligg rett til høyre for denne. Utsikta kan ta pusten fra deg! Turbeskrivelse: Når du kommer til Eresfjord fra Eidsvåg tar du til venstre mot Øverås før brua over Eira. Fra retning Åndalsnes følger du Rv 660 til rett over brua over Eira og tar til høyre. Ca 800 m. lenger fremme, ved Fagerslett, tas til venstre mot Grandsetra. Følg denne en liten kilometer oppover til en tømmerlunneplass på venstre side av veien. Parker her. Derifra går det også en skogsvei opp til høyre. Det er her du starter. Følg denne som etter hvert går over til sti. Du kan også parkere noen hundre meter lenger opp, ved vassverkinntaket. Kart: Sunndalsøra 1420 III og Eresfjord 1320 II.

Guidet tur over Romsdalseggen med Uteguiden

En av verdens mest spektakulære fjellturer i følge Lonley Planet! Vi vet hvorfor! Det er en fjelltur der høydepunktene kommer tett, og med en utsikt som tar pusten fra de fleste! I følge Lonley Planet (2011) er dette en av verdens mest spektakulære fjellturer, og den står på manges liste over fjellturer en bare må gå. Vi veit kvifor! Det er en fjelltur der høydepunktene kommer tett, og med en utsikt som tar pusten fra de fleste! Vi guider deg trygt over Romsdalseggen, og deler samtidig av våres lokalkunnskap for å gi deg en bedre opplevelse av området du er i. Underveis, kan en nyte utsikten til Trollveggen, Romsdalen og elven i midten av dalen, og utsikt utover fjorden. Turen tar deg mellom fjell som strekk seg over 1800moh, og vi er på grensen til to nasjonalparker, Reinheimen og Dovrefjell & Sunndalsfjella.  Det blir fleire stopp underveis, og vi nyter også en medbragt lokal lunsjpakke som vi har med frå ein lokal produsent. Turen over Romsdalseggen er en lang (10km) og krevende tur med rundt 1000 høydemeter både opp og ned. Men den er verdt det! Er du i god form og vant til å gå i fjellet på naturlige stier, der det tidvis er luftig, er dette en tur for deg. Fakta om turen Oppstart 0815 og varighet på turen er 8 timer.  Høydemeter opp: 970 meters / 3182 feet Høydemeter ned: 1215 meters / 3986 feet Distanse: 11 kilometers / 6 Miles Tilleggsinformasjon Ta med Lette turklær etter været Vann- eller vindtett jakke Fjellsko Fleece eller ull-genser Lue og hansker om det er kaldt Sekk – 20-25L En flaske vann (1 liter) Ekstra energi er å anbefale Fotokamera Inkludert Lokalkjent guide Lokal lunsj Førstehjelp- og sikkerhetsutstyr   Bussbillett til Romsdalseggbussen er ikke inkludert Sikkerhetsregler Du er pliktig til å lese våre sikkerhetsregler og sende inn egenerklæringsskjema for å delta på våres kurs og turer. 

Gullstien frå Buavåg til Hovda

Turen går ut til gullgruvene på Hovdaneset, der det blei utvunne gull mot slutten av 1800-talet. Gullstien er del av Nordsjøløypa, som følgjer gamle stiar og vegfar gjennom sju land rundt nordsjøbassenget. Stad:  Buavåg, Hovda Turkart: Sveio  (1 : 50.000) Start og sluttpunkt: Ved vegen til Kvitaneset i Buavåg, ca 500 m sør for Buavåg fergekai. Sluttpunkt i gardstunet på Hovda. Følg hovudvegen tilbake til Buavåg. Parkering: Ved starten av vegen til Kvitaneset. Merking: Merka med blå N (symbolet for Nordsjøløypa) og blå maling. Gradering: Grøn Høgdeskilnad: 15 – 25 moh. Tidsbruk: Ca 1 time Sesong: Heile året Utstyr og påkledning: Gode tursko/fjellsko eller støvlar. Nokre våte parti. Skilting: Blå merking, N for Nordsjøløypa, pilskilt ved stiskille. Turskildring: Følg hovedvegen sør/vestover til stemmen i Buatjørna. Her følgjer du blåmerka til Nordsjøløypa i utmarka. Snart kjem du ut på hovudvegen igjen og følgjer denne 3-400 m til skilt merka Gullstien. Hald fram gjennom utmarka i litt kupert, myrlendt terreng. Ta gjerne ein avstikkar til nausta i Geitavika, som grunna den utsette hamna ligg langt inne på land. Ved gullgruvene er det sett ut benker for en rast. Det er òg sett opp informasjonstavle. Gruvene er fylt med vatn (OBS! Det er djupt ned, og gruvene er ikkje sikra). Turen frå gruvene går vidare i lett terreng ytst mot Bømlafjorden, dels i myrlendt utmark og dels på grusveg. Frå gardstunet på Hovda kjem du inn på riksvegen og går dei siste 2-300 m på vegen tilbake til utgangspunktet. Frå infotavla fører vegen ned til restane etter gullvaskeriet, der stein frå gullgruvene blei tatt i land og knust. Det gamle sjøhuset like ved fungerer som kulturbygg, og her blir historia om gullgruvene formidla (ope etter avtale). Ved sjøen er det fint å bade. Andre aktivitetar i området: Badeplass i Grunnavåg ved Kvitaneset, og i Storavatnet på Bua. Båthamn med gjesteplassar i Buavåg.

Kattnakken, Stord

Stad: Stordafjellet, Lundsseter Turkart: Stord – Fitjar  (1 : 50.000) Start og sluttpunkt: Parkeringsplass på Heio Parkering: Ta av frå E39, anten i Førlandskrysset nord for Rommetveit eller i Ådlandskrysset nord for Leirvik, vegen er båe stadar merka «Fjellgardane». Frå Presthaugkrysset følgjer ein vegen til Lundseter fjellstove og vidare ca. 3 km til parkeringsplass på Heio. Vegen opp til Heio kan vera stengt med bom ved Lundarstøl om vinteren. Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka med T. Gradering: Blå - Lett fottur Høgdeskilnad: 724 moh. Tidsbruk: 1-2 t Turskildring: Ein spenstig toppur til fjelltoppen Kattnakken 724 m.o.h. Høgdeforskjell frå parkeringsplass til toppen - 300 m. Flott utsikt frå toppen i godt ver. Turen tek omlag 1-2 timar, på grusa anleggsveg, alternativt sti. Delvis bratte parti. Turkart kan kjøpast hjå bokhandlarane og i Kundetorget. Om ein ynskjer ein lengre tur, kan ein ta turen over til Stovegolvet. Følg merking til du kjem til skilt som viser vegen til Stovegolvet.   Heio er ei ca. 400 daa stor gras- og myrslette (morene) som frå gamalt har vore viktig sauebeite for bøndene på Stord. Vegetasjonen er dominert av kysttypiske artar, myr- og lyngsamfunn med noko blåbærlyng og graseng innimellom. Om vinteren er Heio mykje brukt som skiområde. «Steinen» som ligg heilt nord på Heio er eit mykje brukt turmål om vinteren. Vegen opp til Kattnakken fjernsynsmast vart bygd i 1968. Masta (Stord Kringkastar) kom i drift året etter. Vegen er sprengt inn i fjellsida og har jamn stigning mot toppen. Stordøyo er eit geologisk interessant område, mest som eit høgfjell ut mot havet. Det meste er gabbro og gang- og dagbergartar av gabbro. Fjellformasjonane i dette området har mange geologiske godbitar å by på. Kattnakken er namnet på den nordaustre delen av det flate fjellpartiet som strekkjer seg frå Stovegolvet i sør via Skorafjellet til Midtfjellet i nord. Høgaste punktet på Kattnakken er 724 m.o.h. og dette er nest høgste punktet på heile Stordøyo. Berre Mehamarsåta mot nord er høgre (749 m.o.h.). Utsikten frå Kattnakken er storslått: - mot nord ser ein Fitjarfjellet, Reksteren og Tysnes - mot aust ser ein rett ned i Langenuen, skipsleia mellom Stord og Tysnes. Bakom ligg Huglo, før Hardangerfjorden skiljer mot dei store fjellmassiva i Kvinnherad. Folgefonna er ekstra vakker i solskinnet. Legg merke til den nakne Nordhuglo og Tysnesskorpo. Bergarten er hard og sur med liten eller ingen vokster. - mot sør får ein først eit flott inntrykk av det furukledde låglandet sør på Stordøyo, med Ådlandsvatnet og dei grunne vikane langs Hystadlandet mot Rommetveit. Berggrunnen i låglandet på Stord og Tysnes er kalkhaldig med frodig skog. På sørenden av øya ser ein Aker Stord og deretter Klosterfjorden og Bømlafjorden, Føyno og Sveiolandet lengst borte. Det store samferdselprosjektet «Trekantsambandet» går i dette området. - mot vest er det utsyn til Bømlo og Fitjarøyane, med Selbjørnfjorden og Austevoll i nordvest. Stovegolvsfjellet stengjer noko av utsynet mot sørvest.

Kongevegen Fjellpasset - 3 dagar

Følg i spora etter dei norske mellomalderkongane. Gå frå Øye opp austsida av Filefjell til toppen på Murklopphøgda, og ned vestsida til Maristova og Borlaug. Vandre bekymringslaust heile fjellpasset av Kongevegen på tre dagar - mens vi fraktar bagasjen. Pris: 2960 NOK Per Pers. dersom to eller fleire søv i samme hytte. Bestill her ANKOMST: Du har kome deg til Filefjellstuene på Filefjell med bil eller buss og kan sjekke inn for ein hyggeleg kveld og ei god natts søvn. DAG 1: Etter frukost sørger hotellet for transport til Øye, der «Kongevegen Fjellpasset» startar. Herfrå vil du gå delstrekninga Øye-Tyinkrysset på cirka 12 kilometer opp austsida av Filefjell. Turen følger den autentiske kongeveglina oppover til Støndafjorden, vidare opp vestsida av Begna til Varpebrue. Du passerer Skogstad, ein tradisjonsrik gjestgjevargard og skysstasjon, nemd alt i 1663. Kongevegen går gjennom tett granskog før du møter fjellbjørk og hei. Typisk for kongevegen bølger den opp og ned.  Vidare går du langs Fløgstrøndfjorden. Rett før Kølabrune (Kølabrua) er det kraftig stigning før det flatar ut mot Tyinkrysset. Då er du komen 900 m.o.h. og du endar dagen der du starta, ved Filefjellstuene. Turen tek 3,5 til 5 timar. Les meir om delstrekninga Øye-Tyinkrysset her. DAG 2: Etter frukost startar du ved Filefjellstuene og følger autentisk kongeveg vestover opp mot Kyrkjestølen på delstrekninga Tyinkrysset-Kyrkjestølen. På Kyrkjestølen kan du ta kaffepause med tradisjonell norsk mat og få ein omvisning på stølstunet. Deretter startar du på den berømte delstrekninga over toppen av Filefjell, Kyrkjestølen-Maristova, som tek deg til Kongevegens høgste punkt, cirka 1250 m.o.h. Vegen over Murklopphøgda er spanande med storslått utsyn til tindene i Hurrungane. Du passerer Stiftstøtta, ein marmorbauta som markerte det gamle skiljet mellom Akershus og Bjørgvin stift. Her er fin rasteplass. Oppe på fjellet er terrenget lettgått og flatt før stien går bratt ned att mot Maristova på cirka 800 m.o.h. Maristova har ei historie med overnatting og samferdsle sidan første halvdel av 1300-talet. Her skal du overnatte i hytte hjå Maristuen Fjellferie. Bagasjen din er blitt frakta hit. Turen tek 4-6 timar. Les meir om delstrekninga Kyrkjestølen-Maristova her.  DAG 3: Etter frukost startar du ved Maristova og går ned vestenden av Filefjell, delstrekninga Maristova-Borlaug. Turen går på autentisk kongeveg, natursti, litt asfalt, forbi elv og over bekkar, over fjellvidde og gjennom lun granskog. På vegen passerer du ulikt kulturlandskap, gardar og ruiner etter gamle buplassar. Turen er 7 kilometer lang og har ein høgdeskilnad på 300 meter. Like etter start Maristova kan du ta ein kort omveg om Honingane, eit gamalt stølsområde med bygningar tilbake til mellomalderen. Eit smykke på denne strekninga er Brattebakken bru, ei hengebru bygd etter inspirasjon av kongevegbruene du møter andre stadar på kongevegen. Etterkvart endar du i grenda Borlaug. Turen tek cirka 2 timar pluss eventuell matpause. Her tek du rutebuss tilbake til Filefjellstuene (sjå rutetider under), der bagasjen din er køyrt tilbake og turen «Kongevegen Fjellpasset» sluttar. Les om delstrekninga Maristova-Borlaug her. I PRISEN FÅR DU: 3 overnattingar i hytte 3 frokoster der du smører lunsjpakke for turen Sengeklær og romvask Transport til startpunktet ved Øye Bagasjetransport Filefjellstuene-Maristova 2. dag og retur 3. dag EKSTRA TILBOD, IKKJE INKLUDERT I PRISEN: Middag Kveldsmat Buss frå Borlaug til Filefjellstuene siste dag Guiding/historiefortelling BUSS: Rute 603 (Lærdal-Fagernes) passerer Borlaug klokka 11:47 og er ved Tyinkrysset klokka 12.15. Rute NW 162 (Bergen-Lillehammer) passerer Borlaug kl. 13.01 og er ved Tyinkrysset kl. 13.23 (atterhald om ruteendringar). Alternativ: Solheim Taxi.

Kongevegen og andre historiske vegar i Lærdal

Kongevegen over Filefjell frå 1793 gjekk gjennom Lærdal og er stor ingeniørkunst frå si samtid. Store deler av vegen har vore intakt gjennom over 200 år og dei siste åra har dessutan eit storstilt restaureringsarbeid gjort at dette er ein perfekt vandrarveg gjennom nydeleg og dramatisk terreng. Spesielt er delen av Kongevegen som går frå Seltun til Borgund stavkyrkje ei perle. Her passerer ein mellom anna den historiske husmannsplassen Galdane, går gjennom den vakre Øygardsvegen, forbi nyrestaurerte Husum hotell i sveitserstil og den imponerande vegarkitekturen i Vindhellaskaret (biletet) før ein kjem ned ved Borgund stavkyrkje bygd kring 1180. Heile denne turen er vel 10 km lang og berre nokr hundre meter går på asfalt, ved Husum hotell. Ein kan også gjera to rundturar i dette området; anten gå Seltun – Galdane – Sjurhaugen, så gå nedover att på asfaltvegen nokre hundre meter langs elva før ein tek seg opp mot Steineåsen/Seltåsen, der Kaptein Finnes veg frå 1845 går; denne er på nivå med Kongevegen sjølv når det kjem til vegarkitektur. Siste dryge kilometeren til Seltun går delvis på asfalt, delvis på grusa gang- og sykkelsti. Når det gjeld Vindhellavegen kan ein gå denne vegen til eller frå Borgund stavkyrkje og Sverrestigen frå slutten av 1100-talet andre vegen; her er Rimskjold like aust om Husum hotell det vestlege endepunktet. Frå Borlaug til Maristova ligg også Kongevegen intakt det aller meste av distansen, og frå Maristova vidare til Kyrkjestølen på «toppen» av Filefjell heilt intakt – dette er ei flott vandring frå den trange dalbotnen til høgfjellet eller omvendt, og det er overnattingsmoglegheiter både på Borlaug, Maristova og Kyrkjestølen om ein vil dela opp distansen. Les meir om Kongevegen over Filefjell på visitkongevegen.no

Kulturhistorisk løype i Fitjar

Stad:  Fitjar sentrum Turkart:  Stord-Fitjar  1:50.000 Start og sluttpunkt:  Start og slutt ved parkeringsplassen, kommunehuset/Larsen. Parkering:  God plass på offentleg parkeringsplass ved rådhuset. Merking:  GRØN Merka etter internasjonal standard med Informasjonstavle og 7 retningsskilt. I tillegg er her 5 kulturhistoriske informasjonstavler. Høgdeskilnad:  13 – 118 moh. Tidsbruk. Om lag 1 time. Lengde: 2 km. Skildring :  Lett tur med mange kulturopplevingar som passar for små og store. Frå parkeringplassen ligg parken lett synleg nord for kyrkja. Vidare på flat asfaltveg som er lett tilgjengeleg for barnevogn og rullestol-brukarar. Ta vegen mot venstre, forbi bedehuset for å komme til Kongsbrunnen. Ta same veg attende til bedehuset, men gå over riksvegen og vidare på sti gjennom kyrkjegarden. Ut frå kyrkjegarden går du tvers over asfaltveg og fortsetter opp den slake bakken, på nordsida og forbi Rimbareid skule. Vidare tar stien av mot vest oppover trapper og på sti mot Rimsvarden. Her har ein flott utsikt over Fitjarvikjo og Austevoll. Du må gå same veg attende ned til "Sjøsbrekko". Her kan du ta til venstre og komme strake vegen attende til parkeringsplassen. Det er sett opp flotte kulturhistoriske informasjonstavler ved fleire historiske stader. Desse fortel om Fitjar si historie. Ei er plassert ved  Håkonarparken og statua av Håkon den Gode (laga av Anne Grimdalen, 1961). Her vert det fortalt om Håkon den gode og slaget på Fitjar i år 961. Ved Kongsbrunnen får du informasjon gjennom tekst og teikning om brønnen og kongsgarden. Ved sørsida av kyrkja finn du skiltet som fortel om den gamle steinkyrkja som sto her. Oppe ved Rimsvarden, som er ei stor bronsealder-røys, fortel ei eiga informasjonstavle det dei veit om grav og kva som er funnet i den.

Ornes - Nystølen - Kinsedal

Turen startar ved stavkyrkja på Ornes. Til venstre for muren rundt kyrkja går det ein gamal kjerreveg i god stand som fører fram til garden Urneskroken som no er fråflytta. Denne garden var i full drift fram til omlag 1970. Før du byrjar på "nedstigninga" til Urneskroken (ca. 300 m før du kjem ned til garden) går det ein godt synleg sti til høgre mot Nystølen. Stien passerer Kvannegjelet, går opp Galdane der stien går i sju krappe svingar opp til Rognelid. Her er det flott utsikt til Solvorn og Mollandsmarka. Du passerer ei grind som er grense mellom fjellbeite og heimebeite. Stien går vidare slakt oppover, og du får fin utsikt over Kroken og Høyheimsvik. Stien går forbi "Durao" (du høyrer, men ser ikkje elva) og går til Geithaug. Herifrå er det flott utsikt over Luster, Høyheimsvik og Gaupne. Når du kjem opp av skogen er det noko dårleg merka sti, men det ligg ei hytte til høgre for stien og ei tjørn på venstre side. Når du passerer tjørna kan du og sjå sela på Nystølen som ligg omlag 900 m.o.h. Frå Nystølen går stien i ned mot Kinsedal. Stien går i ope lett terreng, som etter kvart går over i lauvskog nedover mot stølen Kveken. Dette er ein gamal vårstøl tilhøyrande Ornes. På andre sida av dalen ligg Dalastølen, tilhøyrande Kinsedal, noko høgare enn Kveken. Normal gangtid frå Ornes til Nystølen er omlag 2,5t. Terrenget er bratt. Frå Nystølen til Kveken er det omlag 30-40min. gangtid. Dette er lett turterreng.

Osberget

Kort om turen Dette er et velegnet turområde for store og små, som passerer et flott utsiktspunkt hvor du kan se rett ned på Ulsteinvik sentrum. Men se hvor du går, så du ikke ramler utfor fjellet!Rett bak denne flotte utsiktsplassen finner du Trollskogen, en skog som egner seg ypperlig for barnelek. Denne løypen tar deg ikke med opp på Osbergets høyeste punkt, men det er vel verdt et besøk. Se panoramabildet som viser deg noe av det du kan se fra toppen av Osberget. På nordsiden av Osberget har Hødd IL satt opp en postkasse. Her er det også en liten 'benk' hvor man kan sitte og følge med på solnedgangene om våren og høsten - et fantastisk skue! Turen er ca. 2 kilometer, men du kan vandre her i timesvis uten å bli lei. Med en god bok og kaffe på termosen er det bare å nyte dette området. Samme som start. Rutebeskrivelse Det er flere startmuligheter for denne turen, men her starter vi fra Osnesbrunene, Vi går sørover og tar av mot venstre, opp Osnesvegen, krysser 'Vikebakkvegen' og følger denne oppover til den treffer 'Øvrevegen'. Her er det en gang- og sykkelsti på oppsiden av veien. Vi brekker av i svingen og følger en liten synlig rås som går bakom 'skarp sving'-skiltet. Du følger denne råsa ca. 130 meter, og kommer inn på en kryssende sti. Dette er hovedstien som vi skal følge. Ta til venstre her. Etter ca. 60 meter kommer du til et nytt stikryss. Går du sørover, kommer du ned til parkeringsplassen. Har valgt denne lille ekstra runden slik at du kan se de andre turstiene i området. Disse er også vel verdt et besøk. Etter ytterlige 30 meter deler stien seg. Vi følger den sørlige stien. Vi vil komme inn på dette punktet igjen mot slutten av turen.Denne sørlige stien er tydelig, og vi passerer ytterligere flere stidelinger. Den første stidelingen tar deg nordover mot toppen av Osberget. Det går et lite brukt tråkk videre mot utsiktspunktet, fra Osberget. Denne ruten blir ikke beskrevet her. Men det er vel verdt å ta turen opp! Vi fortsetter vestover langs stien. Det er noen klopper over enkelte fuktige områder, stien er tydelig hele veien frem til dette flotte utsiktspunktet som snart ligger foran deg.Her er det bare å sette seg ned og nyte en kopp kaffe el.l. Turen ut hit er like fin hele året, alle årstider har sin sjarm. Dette er en mye brukt tursti, også vinterstid. Som nevnt over ligger 'Trollskogen' rett bak utsiktspunktet. Er du erfaren turgåer, klarer du å finne tråkket som tar deg tilbake og opp på Osbergets høyeste topp. Vi skal ikke dit denne gangen, men følger stien videre mot nord. Noen få meter bak utsiktspunktet er stien sikret med tau ned en liten skrent. Dette fordi at det kan være glatt over dette berget. Når du har kommet ned berget, deler stien seg igjen Vi tar til høyre her. Stien til venstre tar deg ned til bebyggelsen ved Skeide. Etter å ha gått noen meter gjennom skogen kommer du til en lysning. Her er det flott utsikt mot nord, det er også lagt ut en stokk. Denne fungerer som en benk. Her er det nydelig utsikt mot midnattsola, samt solnedganger om våren og høsten. Vi fortsetter østover og tar til høyre ved neste stideling, og krysser en 'myr'/vått område. Her begynner stien å gå ned mot parkeringen. Du står snart ved krysset som fører deg ned til bilen på 'Osnesbrunene' Adkomst og parkering Det er parkeringsplass ved i gata 'Osnesbrunene', for en 4-5 biler. Man kan også parkere ved skolen, eller nede ved 'Blåhuset'. Det er ingen avgifter i Ulstein (2013). Parkeringsplassen på 'Osnesbrunene' ligger i GPX-filen. Det er parkeringsplass ved i gata 'Osnesbrunene', for en 4-5 biler. Man kan også parkere ved skolen, eller nede ved 'Blåhuset'. Det er ingen avgifter i Ulstein (2013). Parkeringsplassen på 'Osnesbrunene' ligger i GPX-filen.

Osnes rundt - Etne

Stad: Etne Turkart: 1:50 000 Etne. Start og sluttpunkt: Turen startar ved Sæbøtunet bygdemuseum. Parkering: Ta av frå E39 vest for Leirvik sentrum på veg skilta til Litlabø. Etter ca. 4.5km  ta til høgre og skilting til Gruvemuseet. Merking: Informasjonstavle ved startpunkt. Skilta og merka med T. Gradering: Grønn tur, lett Høgdeskilnad: 9 - 43 m.o.h Tidsbruk: 5,4 km - 1t Turskildring Ta til høgre ut på Osnesvegen rett ovanfor tunet. Etter 500 m kjem ein til Bekkjavika, ein god plass for fugleliv, særskilt på fjære sjø. Ved Røynesnes opnar Etnefjorden seg. Om lag 800 m derifrå ligg badeplassen Honsvikjo, her er også toalett. området er del av eigedomen til olav Vik-stiftelsen. Herifrå går det sti opp mot bygdeborgen Borgaråsen, siste delen er særs bratt. Halvvegs oppe ligg Gåstein, som er tilrettelagt for klatring (på eiget ansvar). Hovuddelen av friluftsområdet til Olav Vik-stiftelsen ligg om lag 1 km lenger framme på Osnesvegen. Ein kan gå ned i skogstien ved Beinstøvik og ta den ekstra sløyfa langs fjorden, her er mange fine nes og rasteplassar. Ved P-plassen er der toalett og infoskilt. Litt ovanfor avkjørsla til Olav Vik kjem ein til gardstuna på Osnes, her er vakkert kulturlandskap med utsyn over Vågen. Etter å ha passert byggefelta på Osnes kjem ein snart over ein liten topp og ser E 134 på andre sida av dalen. Ta til venstre rett før E134. Siste delen av turen går nordover mot Etne på gang/-sykkelvegen langs hovedvegen.  

Romsdalseggen i solnedgang

Alle går Romsdalseggen på dagtid. Hvorfor ikke gå den om kvelden? Omkranset av majestetiske fjell satser vi på magiske fargespill over himmelen mens vi ser sola gå ned i horisonten. Fjellet er tomt for folk og du får Romsdalseggen helt for deg selv. Det føles som om du konstant «går på første rad» - en helt spesiell følelse. Kveldsmaten tar vi på toppen av eggen, mens vi nyter førsteklasses utsikt til noen av de mest kjente fjella i Norge: Romsdalshorn, Kongen, Dronninga, Bispen og Trollveggen. Nede i dalen ser du elven Rauma slynger seg bortover, med Romsdalsfjorden litt lenger ut. Er det klarvær, kan du se helt ut til Atlanterhavet. Magisk! Område: Romsdalen                                               Type: Fottur Gradering: Krevende.                                              Antall timer: 6-9  Høydemeter: 1000 opp/1250 ned                           Lengde: 10,8 km Møtested: Hotel Aak                                               Tidspunkt: Kl. 15.00 Du må være i god fysisk form og vant til å gå i ulendt terreng, stier med røtter og steinur. Beskrivelse Vi starter i Vengedalen og følger stien oppover lia. Etter hvert flater det litt ut før neste etappe opp steinura til Romsdalseggen. På eggen følger vi en god sti. Noen partier er luftige med litt klyving. Her er det en kjetting som man kan holde seg i. Er det mye vind eller dårlig vær, kan det være mer utsatt og vanskelig. Fra Mjølvafjellet er det 1200 høydemeter ned til byen. Det går gradvis nedover langs den tidvis smale eggen, ned mot Nesaksla. Vi tar oss god tid slik at knærne får behagelig nedtur. Vi anbefaler staver for ekstra støtte. Ved Nesaksla tar vi en pust i bakken ved steinhytta Ottarbu før de siste 700 høydemetrene i et jafs ned mot Åndalsnes. Her går det bratt nedover siste etappe langs Romsdalstrappa, laget av sherpaer fra Nepal. På veien stopper vi ved luftige Rampestreken, et obligatorisk fotostopp! Ta med: Store deler av denne turen er høyt til fjells, over 1000 moh. Det kan være en annen temperatur og vind her oppe enn nede i dalen, derfor må man alltid ha med gode klær etter værmeldingen. Vi anbefaler å ha med dette på ferien om du planlegger Romsdalseggen eller andre turer. - Dagstursekk - Gode fjellstøvler (ikke joggesko) - Vind- og vanntett jakke og bukse - Isolerende plagg: tjukk genser/dunjakke - Ekstra ulltrøye - Lue, skjerf og votter - Flaske(r) som rommer 2l vann (det er lite vann å finne oppe på eggen) - Nistepakke - Gåstaver (kan leies) Inkludert: - Guide - Transport t/r Hotel Aak - Hodelykt Ikke inkludert: - Gåstaver (kan leies) - Reiseforsikring Annet turutstyr du ikke har? Spør oss, så kan vi fikse. Vi møtes i resepsjonen på Hotel Aak. Møt opp i god tid før avreise. Her vil du møte guiden din og resten av gruppa for dagen. Vi organiserer transport fra hotellet.

Ruggå

Hauge-Ruggå-Hauge Alt frå starten av turen har ein imponerande fjordutsikt, og frå Ruggå får ein eit godt overblikk over Valldalen. Ruggå er namnet på den store steinen som ligg på bygdeheia mellom Fjørå og Valldal. Når ein står oppe på steinen, kan ein rugge frå side til side. Steinen er over 3 m3 og har blitt liggande att etter siste istid. Dette er den einaste steinen av slik storleik i dette området. Turbeskrivelse: Vi køyrer fylkesvegen frå Valldal til Fjørå, og i den vesle bygda svingar vi oppover mot Selboskar. På Hauge, 400 moh. kan vi parkere på skilta parkeringsplass. Frå innkøyringa til parkeringa går vi beint opp i tunet ovanfor og fylgjer traktorvegen til venstre mellom husa og løa. Vegen svingar seg oppover den slakke bøen, og der han sluttar, går vi vidare på rås gjennom eit beite. Her kan vere noko myrlendte parti. Oppe på bygdaheia svingar råsa mot høgre, og det siste stykket går vi langs nokre svaberg i lun furuskog fram til turmålet vårt. Ved Ruggå har det vore fast bålplass jonsokaftan fram til 1970-talet. I seinare tid har det kome opp ei grindeløe her. Bygget er ein studie i gamle handverkstradisjonar og er innreidd med bord og benker. Turfolk er velkomne inn, og her takkar vi for gjestfriheita ved å rydde etter oss og late dørene godt att når vi går. Alternativ tilbaketur kan vere å ta til høgre over Ytterlinakkane til Ytterli (2,5 timar) eller ta til venstre til og følgje rås til Nysætra. (Kjelde: Opptur Geirangerfjorden)

Rundtur i Skånevik via bøkeskogen og postvegbrua

Stad: Skånevik. Turkart: Etne 1:50.000. Start- og sluttpunkt: Ved minnebautaen i hotellparken. Parkering: Offentlege P-plassar på kaiområdet og ved Helsesenteret. Merking: Infotavler, retningspiler, natursti i bøkeskogen. Gradering: Grøn. Lett fottur. Høgdeskilnad: 100 m. Tidsbruk: 45 minutt - 1 time (3 km) Gode råd: Stort sett tur på private grusvegar. Ver vennleg å ta omsyn til landbruk og ev. beitedyr. Turen kan utvidast etter behov, t.d. ved å gå innom bøkeskogen (delvis på skogsti) eller halde fram på postvegen vestover nedanfor Tjedla gard og ta hovudvegen tilbake til sentrum. Sistnemnte om lag doblar lengda på turen. Turomtale: I alt er dette ein lettgått og variert rundtur i kulturlandskapet sør for Skånevik, med vakker utsikt utover fjorden og mot Kvinnheradsfjella. Den kjende kunstmålaren Lars Hertervig (1830-1902) let seg inspirere av den same utsikta då han målte i Skånevik på 1850-talet. Kopiar av måleria er utstilt på fjordhotellet, inkl. motivet frå Rullestadjuvet i Åkrafjorden. Turen startar oppover forbi Skånevik skule. Etter 350 m, ved gardsdammen på Milja, tek ein til venstre, kryssar elva og tek så til høgreettersagbruket. 600 m lenger opp kjem ein til bøkeskogen. Her kan ein gå ein kort ekstrasløyfe i naturstien, som har infotavler om skog og økologi etc. Hovudturen går rett fram til enden på grusvegen, der ein tek til høgre på skogsveg til postvegbrua 100 m lenger framme. Kryss brua og gå den gamle postvegen vestover forbi Tjedla gard. Dersom ein ikkje ønskjer ekstraturen vidare mot vest i postvegen, held ein fram rett nedover tilbake til sentrum via Dørfabrikken og Milje gard.

Rute 4 Saurdal- Balestrand (via rute 9-7 Fagradalen- Kreklingen)

Praktisk informasjon  Startpunkt:                       Ved infotavla i Saurdal (Euref- koordinat:  x518190 y365640) Sluttpunkt:                        Ved infotavla ved Kreklingen (Euref- koordinat:  x678820 y366988) Parkering:                           Ved enden av Saurdalsvegen Tilkomst:                             Saurdal ligg 14  km frå sentrum, først ca 7 km  langs rv 55 før du svingar av mot Saurdal og fortset i ca 7 km oppover Merking:                             Stien er merka med skilt og raud T på steinar og tre Kilometer:                          12 km ein veg Gradering:                         Tung Høgdeskilnad:                  620-1136-80 moh Berekna tidsbruk:            7 timar (gangtid ein veg) Turen startar ved infotavla i Saurdal, ved enden av Saurdalsvegen. Stien går på ei moderat til lett rute gjennom fjelldalar, vassdrag og til fjelltoppar Heile ruta er godt merka med raude merke på kvite steinvardar. Først går stien langs rute 5 mot Munkeggi (nb, ikkje ta av mot Hanevikelvi) til ein møter skilt mot Hanevikstølen. Frå skiltet tek ein inn på den gamle stølsvegen innover Saurdal. I utløpet av Målsnesvatnet fortsett stien over brua og mot Hanevikstølen, ein støl som var i drift fram til 1955. Vidare frå stølen fyl ein stien oppover mot fjellplatået mellom Storevarden og Bukkaberg. Her kan ein velje å ta ein avstikkar opp til Storavarden. I Fagradalen møter ein rute 9 som tek deg vidare til Spenane (1136 moh) og Raudmelen, og derfrå vidare på rute 7 ned til Balestrand Ein kan sjølvsagt også velje å gå attende til Saurdal Heile vassdraget i Saurdal, med vatn, stryk og elvar,  er svært godt eigna for stangfiske. Særskilt i Oddmundsvatn har aurebestanden blomstra opp dei siste åra. Gode Råd :  I Saurdal og under raudmelen kan det vere noko våtlendt så ta gjerne med gode sko og eventuet sko/sokkeskift