Bestill

Tittelen 20 ½ kjem av at dette er kunstnaren si separatutstilling nummer 21, der brøken indikerer at utstillinga er ein pågåande prosess; utstillinga er ikkje klar før den har hatt eit samspel med publikum.

Maleria er del av ei gruppe arbeid med tittelen «vekster fra det underbevisste», der minnet speler ei viktig rolle og berre titlane syner til koplinga arbeida har til planter. Blant maleria finn me arbeider som Gullstjerne (Gagea lutea), Løvetann (Taraxacum offecinale) og Rosenrot ( Rhodiola rosea).

Arbeida er laga ved hjelp av transparente lag av fargar som kan oppfattast som monokrome, men fargene som har blitt nytta er delvis synlege i ytterkantane av maleriet og avslører at det har blitt lagt lag på lag med maling.

I stallen syner Tinglum serien Nytt alfabet. Den består av tresnitt av dei 29 bokstavane i det norske alfabetet. Éi tyding av ordet bokstav er bøkestav og kunstnaren har difor valt tre som materiale for trykka.

Tresnittet har blitt konstruert ved at så lite som mogleg blir fjerna frå ei form, til at det likevel indikerer ein bokstav.

Gerd Tinglum har dei seinare åra stilt ut i Kunstnerforbundet, Galleri Dropsfabrikken, Stavanger Kunstmuseum, Randers Kunstmuseum, Kunstnernes Hus, Nord-Trøndelag Kunstmuseum, Trondheim Kunstmuseum, Sølvberget galleri, Nasjonalmuseet for arkitektur kunst og design, Gallery QB, Brands Klædefabrik i Odense blant andre.

Ho har realisert permanente arbeid mellom anna i den Norske ambassaden i New Dehli, OUS Mortensrud, Asker og Bærum politistasjon Halden fengsel, Bærum sykehus og Ullevål sykehus.

Tinglum sine arbeid er representert ved Nasjonalmuseet for arkitektur kunst og design, Trondheim Kunstmuseum, KODE, Telenor kunstsamling, Oslo Kommune og Trondheim Kommune.

Gerd Tinglum var professor ved institutt for Farge ved Kunsthøgskolen i Oslo, og professor i maleri ved Fakultet for Kunst musikk og design UiB der ho også var rektor og seinare dekan. Kunstnaren bur og arbeider i Oslo.

Gerd Tinglum er utdanna ved Tokyo University of Fine Arts i Japan, Statens Kunstakademi i Oslo og Hochschule für Bildende Künste i Hamburg i Tyskland.

Tider

Åpningstider fra september til mai

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
11:00–15:00
Onsdag:
11:00–15:00
Torsdag:
11:00–15:00
Fredag:
11:00–15:00
Lørdag:
12:00–17:00
Søndag:
12:00–17:00

Åpningstider fra juni til august

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
11:00–17:00
Onsdag:
11:00–17:00
Torsdag:
11:00–17:00
Fredag:
11:00–17:00
Lørdag:
12:00–17:00
Søndag:
12:00–17:00

Kontakt

Adresse:
  • Håvegen 347
  • 4365
Telefon:
51791660
E-post:
post.hgp@ha.kommune.no
Nettside:
http://www.hagamleprestegard.no

Hvor er Utstilling: Gerd Tinglum på Hå gamle prestegard?