Klassisk cruise i vakre vestlandsfjorder

Stig ombord i M/S Sunnhordland - HSD sitt historiske flaggskip i tida 1947 til 1973. Opplev ei historisk reise i det vakre kystlandskapet i Sunnhordland og resten av Vestlandet. Ombord finn du att den "klassiske cruisekjensla" frå svunnen tid. I skipets intime restaurant får du servert måltid og drikke av ypperste klasse. I skipet sin fullutrusta bar skal det ikkje mangle noko. Her blir det beste frå gamal og ny tid sameina i ei oppleving du aldri vil gløyme.

Skipet kan chartrast for kortare eller lengre turar. Det finst mange alternative reiseruter og spennande stoppestader med moglegheiter for opplevingar av ulik art alt frå unik vikinghistorie til brevandring eller lokale mat- og drikketradisjonar. Skipet har sjølvsagt alle rettigheiter. Skipet har gjerne avgang frå Bergen.

Byggeår: 1943 (USA) Skipets lengde: 56m  bredde: 10m Antall passasjerar: 180 Antall lugarer: 36 Sengeplassar: 77

Dette klassiske skipet vart bygd i USA, som PCE 830 (Patrol Craft Escort Chaser 830) ved Pullman Standard Car Mfg., Chicago, Illinois for US Navy i 1943, og vart utstyrt for å kunna jakta på ubåtar under 2.verdskrigen. Skipet blei utlånt til Storbritannia og heimehamn vart Gibraltar. Båten var eskortefarty og ubåtjagar langs vestkysten av Afrika fram til slutten av krigen.

I 1947 blei skipet seld til Hardanger Sunnhordlandske D/S, Noreg, og blei i 1948 ombygd ved Bergen Mekaniske verksteder til bil- og passasjerferge. 22.juni 1949 blei skipet sett inn i fast rute i Sunnhordland.

Våren 1974 blei skipet seld til Oy Fager Lines, Riistina, Finnland, ombygd til cruiseskip ved Wärtsila i Kotka og omdøypt til MS «Kristina Brahe». Ho gjekk i cruisefart i Finskebukta mellom Helsingfors, Leningrad og Tallinn. I 1984 vart båten seld til Rannikkolinjat Ltd. og ombygd i 1987. ­Deretter blei skipet seld til Saimaan Matkaverkko Ltd, Villmanstrand, og namnet blei endra til MS «Brahe». I sommarsesongane 2011, 2012 og 2013 gjekk skipet i cruisefart på Finskebukta.

 

  • Facebook logo

Kontakt

Adresse:
  • Nattrutekaien 35
  • 5411 STORD
Telefon:
+47 48 11 18 00
E-post:
post@mssunnhordland.no
Nettside:
www.mssunnhordland.no/

Fasiliteter

Toalett:
Sesong:
  • Høst
  • Vår
  • Sommer
  • Vinter

Hvor er Veteranskipet MS Sunnhordland?