Bestill

I den sjuande utgåva av Vi MiNNEST inviterast du til Kulturstova på Ingebrikt Davik-huset, der Arild Remmereit framfører dikt av Dusse til eigne melodiar, som han skreiv seint på 70-talet og 80 talet.

Dusse sine dikt stod på trykk i Nordre, Haramsnytt som avisa heitte på den tida, frå slutten av 1970-talet og utover. Dikta var omgjevne med ein viss mystikk. Det var opprinneleg ikkje kjent for lesaren kven Dusse eigentleg var. Ikkje i den næraste familien eingong visste ein noko.

Det stod stadig nye dikt i avisa som bergtok folk med sin rikdom.
Kven skjulte seg bak kunstnarnamnet Dusse?

Dikta blir framførte med song og piano, av og med Arild Remmereit. Melodiane er pop-aktige i uttrykket, og han lagde dei på 70 og 80 talet. Sjølv om det altså ikkje kan seiast at melodiane er splitter nye, så har de aldri blitt framført tidlegare.

Vi Minnest er ei samfunnsgagnleg foreining leia av Arild Remmereit frå Brattvåg. Han flytta attende hit etter 34 år for det meste i utlandet. Som dirigent leia han opera og symfoniorkester verda over samtidig som han jobba med ulike typer kunst og kulturformidling, t.d. film.

Visninger

Ingebrigt Davik-huset (Brattvåg)
25. mars:
18:00

Kontakt

Adresse:
  • Bernt Hildrevegen 2
  • 6270 Brattvåg
Telefon:
+47 995 06 270
E-post:
post@idhuset.no
Nettside:
idhuset.no/vi-minnest-7-dusse-lg54hn/#tickets

Fasiliteter

Tilrettelagt for bevegelseshemmede:
Parkering:

Hvor er Vi minnest 7: Dusse // Ingebrigt Davik-huset i Brattvåg?

Fjord Norways sekundærlogo