Hopp til hovedinnhold
Bestill

Ei 2-timars introduksjon til livet i Vikingtida.

Bli med oss og opplev korleis livet var i den kvardagslege Vikingtida. Prøv deg på ulike handverksteknikkar og ferdigheiter. Lær om korleis folk levde, kva slags klede dei hadde på seg, kva slags mat dei åt, og om båtane som var eit viktig transportmiddel på denne tida.

Kva er Viking Footprints Experience?

Viking Footprints Experience er eit høve til å gå attende i tid og lære om korleis livet var i vikingtida, og om fotspora vi finn att etter den. Samstundes kan ein prøve seg på kjekke aktivitetar og lære korleis ein kledde seg, kva ein åt på den tida, og ein kan verte kjende med tradisjonsbåten vår, ein trebåt som er bygga på same måte som vikingane bygde sine båtar.

Du kan prøve eigne ferdigheitar som å skyte med pil og boge, spele eit vikingspel eller prøve eit musikkinstrument frå vikingtida. Var dette verkeleg ei barbarisk tid utan lov og orden, eller var samfunnet på denne tida noko meir organisert enn ein skulle tru?

Om det er solskin eller regn, så har vi noko interessant på gang som de kan prøve dykk på, og kanskje få oppleve ei litt annleis vikinghistorie.

Kor finn du Viking Footprints?

Viking Footprints er lokalisert ved Nesvegen i Hyllestad.

Privat guida oppleving

Ønskjer du ein privat halv dags (4-timars) oppleving som handlar om livet i vikingtida? Då kan du lese meir her

Tider

Guida oppleving frå 11. juni - 15. september

Mandag:
Stengt
Tirsdag:
Stengt
Onsdag:
Stengt
Torsdag:
10:00–15:30
Fredag:
10:00–15:30
Lørdag:
10:00–15:30
Søndag:
Stengt

Priser

Vaksen:
NOK 150
Born under 16 år:
NOK 80

Kontakt

Adresse:
  • Nesvegen 58
  • 6957
  • Hyllestad
Telefon:
+47 93 94 24 54
E-post:
contact@vikingfootprints.com
Nettside:
vikingfootprints.com/

Fasiliteter

Guiding tilgjengelig:
Parkering:
Toalett:
Barnevennlig:

Hvor er "Viking Footprints"-oppleving?