Det er enkelt å reise til regionen med ekspressbåt frå Bergen, ekspressbuss frå dei største byane i Norge, med Hurtigruten, fly til Florø eller Førde, eller med eigen bil.

Sjå entur.no for rutetider for offentleg transport.

Ekspressbåt til og frå Bergen

Å reise med ekspressbåt langs kysten er ein komfortabel måte å reise gjennom det vakre kyst- og fjordlandskapet. Måndag - fredag går det ekspressbåt til og frå Bergen 2 gongar dagleg. Laurdag og søndag går båten ein gong dagleg. Båten har følgjande stopp:

For informasjon om billettar og rutetider, sjå norled.no

Lokalbåt- og ferjeruter

Lokalbåtar og ferjer går langs FjordKysten og Sunnfjord til byar, tettstader - og til store og små øyer. Du kan enkelt kjøpe billett om bord i fartøyet. Enkelte av stoppa er "stjernestopp" som betyr at dei må tingast på førehand. Sjå entur.no eller ring Visit FjordKysten på 577 43 000 for meir informasjon. Ein båttur er ein ypparleg moglegheit til å ta ein kvil i bakken medan du nyter det vakre landskapet som glir forbi.

Lokalbåtar og ferjer kan frakte deg desse strekningane:

Kinn

Florø - Veiesund - Askrova - Stavang - Svanøy

Florø - Batalden - Rognaldsvåg - Kinn (kveldsruter)

Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy - Rognaldsvåg - Kinn

Florø - Barekstad - Batalden - Fanøy

Florø - Rognaldsvåg - Kinn

Måløy - Smørhamn - Florø (Kystvegekspressen)

Oldeide-Måløy

Stårheim-Isane

Solund

Hurtigbåt

Eivindvik - Mjømna - Mastrevik - Nåra

Gulen -Ytre Solund

Gåsvær - Midtre Solund - Hardbakke

Hardbakke - Nåra - Mjømna

Hardbakke - Kolgrov - Utvær

Saltskår - Hersvik

Ferje

Daløy-Haldorsneset

Rysjedalsvika-Rutledal-Krakhella - OBS! I høgsesongen og i helgene bør du vere merksamd på at det kan vere mykje trafikk på ferga om ettermiddagen.

Askvoll

Ferje

Askvoll-Fure-Værlandet

Askvoll-Gjervik-Fure-Askvoll

Bil

FjordKysten og Sunnfjord er eit eldorado for deg som reiser med bil. Her er hundrevis av merka turløyper, idylliske bygder og småsamfunn, koselege byar og øyar, og spanande historiske stadar.

BERGEN

Viss du kjem frå Bergen er den vanlegaste vegen å følge E39 nordover til ferjestrekninga Oppedal - Lavik. Ønskjer du ei anna rute med mindre trafikk og meir ope landskap vil vi anbefale å køyre nordover langs kysten. Ta av i Knarvik, og køyr mot Lindås, og vidare til ferjestrekninga Leirvåg - Sløvåg. For ferjeruter, sjå entur.no

OSLO

Vanlege køyreruter frå austlandet er å køyre via Hemsedal og Lærdal, eller via Hamar, Lom og Strym. Køyrer du via Lærdal kan du om vår, sommar og haust køyre til Balestrand og over Gaularfjellet. Køyrer du via Lom kan du om sommaren køyre Sognefjellet eller gamle Strynsfjellvegen, som alle er nasjonale turistvegar.

For meir informasjon om veg og køyreforhald, sjå nettsidene til Statens Vegvesen, eller ring tlf 175

ÅLESUND

Vanleg køyrerute frå Ålesund er via Nordfjordeid. Herfrå kan du anten køyre vestover til ferjestrekningen Isane - Stårheim, eller følgje E39 til Lote - Anda til Skei.

Ekspressbuss / Fjordekspress med NOR-WAY

Å reise med NOR-WAY sin ekspressbuss er ei behageleg og god oppleving. Frå Bergen har du dagleg avgang til Førde. Det går buss frå Ålesund til Førde med Vy.

Til regionen med Hurtigruten

Hurtigruten har vert ein del av norskekysten sidan 1893. Den har daglege avgangar som binder kystsamfunna saman. Hurtigruten er ein livsnerve for dei som bur langs kysten.

Hurtigruten har to stopp i FjordKysten og Sunnfjord regionen, Florø og Måløy. Dette er dei to første stoppa etter Bergen for nordgåande båt, og dei to siste stoppa før Bergen for sørgåande båt. På kvart stopp stoppar hurtigruten to gonger i døgnet. Ein gong på nord, og ein gong på sør.

Hurtigruten signaliserer vanlegvis sin ankomst med fløytesignaler. Nordgående signal er eit langt, eit kort, og eit langt støt i fløyta (moresignal for bokstaven K). Sørgåande signal er to lange, eit kort, og eit langt støt i fløyta (moresignal for bokstaven Q). Omkring 5 minutt før avgang varsles passasjerar og gjestar med eit kort støt i fløyta. Når to hurtigskip møtes i leia helsar dei på kvarandre med fløytesignal om dagen og lyssignal om natta. Nordgåande helser alltid først.