Hopp til hovedinnhold

I aktivitetsparken kan vi freiste med meir enn 1500 meter med klatreløyper, lange zip-lines, hoppepute og hoppeslott.

Parken ligg idyllisk til på eit område langs elva i Valldal, 7,5 km frå sentrum. Vi har montert opp ulike hinder mellom tre og stolpar i til saman 8 klatreløyper på totalt 1500 meter.

Løypene har ulik høgde og vanskegrad. Vi har to løyper for dei aller minste barna der foreldre kan gå ved sidan av, fire familieløyper der to er enkle og dei to andre litt vanskelegare. I tillegg har vi to meir krevjande løyper for dei som likar det høgt og luftig. Ta turen til Valldal Aktivitetspark for ei aktiv og kjekk oppleving.

Kontakt

Adresse:
  • Døvingssida 420
  • 6210 Valldal
Telefon:
+47 480 90 599
E-post:
post@valldalaktivitetspark.no
Nettside:
www.valldalaktivitetspark.no