Hopp til hovedinnhold

Landfast øy

Øya Stord ligg midt i Sunnhordland, og er landfast med Bømlo og Haugalandet/Haugesund via Trekantsambandet. I nord går det ferje til Halhjem. Med hurtigbåt eller bil/ferje - du kjem til Stord frå Bergen i løpet av ca 2 timar.

Ein som bur på Stord kallast ein stordabu. Sentrum på Stord er Leirvik, som blant dei lokale kallast Vikjo. Monumentet Storddøra ligg også her. Både på Leirvik og på Heiane er det tilbod innan handel, mat og kultur. Båtturistar kjem gjerne til Leirvik gjestehamn, eller til Sagvåg. Øya Huglo høyrer også til Stord, også her er det gjestehamn.

Stord har fleire hotell, campingplass og tretopphytte. Øya Stord er også kjent for gruvene på Litlabø, som har hatt stor betydning for utviklinga historisk sett.

Det er rundt 19000 innbyggjarar i Stord kommune.

Vandring - også til Stovegolvet - på Stord

Høgaste punktet på Stord er Mehammarsåta, (749 moh), som ligg mest midt på øya. Både her og frå Stovegolvet (703 moh), -ja, det heiter det, er utsikten flott. Det er mange flotte turstiar på Stord, både i fjellet og langs sjøen.

Kommende arrangementer