Zum Hauptinhalt

Eit Stykke Impro

Impro Rabalder banar vegen vidare for ny, norsk og improvisert dramatikk!
Impro Rabalder vender tilbake til Cornerteateret med ein djerv haustsesong av Eit Stykke Impro – ein improvisert einaktar der publikum er med på å bestemme, og ingen framsyning er lik den førre.
Du sit trygt i salen, men er med på å forme historia.
Løyndommar krabbar fram i lyset. Løfte og hjarte går i tusen knas. Det blir tatt val som ingen kan ta tilbake. Ingen relasjonar er trygge for splid, og det einaste du kan vente deg, er det uventa.
Ei scene. Ein time. Éin sjanse til å oppleve det live.
Det kan bli morosamt, intenst og rørande – ofte alt på ein gong. Ingen veit kvar historia endar. Ikkje eingong dei som står på scena.
Etter framsyninga blir det sosialt på Cornerteateret for dei som vil ta ein prat, møte folka bak showet eller berre henge litt.
Og i desember kjem ei heilt eiga spesialutgåve av Eit Stykke Impro.

Quelle: Visit Bergen

Vorstellungen

Cornerteateret, Søylesalen (Bergen)
November 2026

26. November

19:00 - 20:00Jetzt buchen

Kontakt

Adresse:
  • Kong Chr. Frederiks Plass 4
  • 5006 Bergen
Buchung:
cornerteateret.ticketco.events/no/nb/e/eit_stykke_impro_impro_rabalder/tellus

Wo ist Eit Stykke Impro! (Impro Rabalder)