Hedda Gabler av Henrik Ibsen er skodespelet som har alt: Ei dramatisk handling, kjærleik, kjønnskamp, begjær og humor (!). 29. januar får eit av verdas beste skodespel premiere hos oss.
Skandalen
Hedda Gabler er kanskje det av Ibsens teaterstykke som snakkar best og mest direkte til vår samtid. Hedda er livredd for skandalen, for andre sine dømmande blikk. Redselen for skandalen held henne tilbake frå å leve det livet ho ønsker å leve. Og som ho seier: Mange gonger synest ho at ho berre har talent for éin einaste ting i verda: Å kjede seg i hel. Bak den perfekte fasaden skjuler det seg eit mørkt indre, som er utmatta av det livet ho lever, med all overflata, maktkampane, det økonomiske stresset og statusspelet.
Heilt frå utgivinga i 1890 har Ibsens Hedda Gabler skapt reaksjonar. Å bryte med det uttalt kvinnelege gjer ein ikkje ustraffa: Ein meldar skreiv at «ingen anstendig familie burde ha boka i heimen sin».
Men Hedda har ikkje late seg kneble av meldarar eller opprørte lesarar. Ho har kome tilbake igjen og igjen, og er i dag meir spelt enn nokon gong, snart 140 år etter at stykket kom ut. Når Det Vestnorske Teateret no gir seg i kast med vår versjon av stykket, får publikum ein oppdatert versjon som talar direkte til vår tid.

