Zum Hauptinhalt

Nybegynnarkurs i dyrking av østerssopp med Erlend og Helene frå Hella Sopperi og Anne Lill frå Stene Matglede.

Kan ein verkeleg dyrke matsopp heime? Ja! På dette kurset lærer du korleis du enkelt kan dyrke din eigen østerssopp utan dyrt eller avansert utstyr.

Gjennom ein kombinasjon av teori og praktisk arbeid får du lage din eigen dyrkepose som du tek med heim. Du kan velje mellom blå eller rosa østerssopp, og etter kurset vil du ha kunnskapen du treng for å dyrke sopp til eige bruk.

Men dette er meir enn eit dyrkekurs.

Anne Lill frå Stene Matglede deler tips og idéar til korleis du kan bruke soppen på kjøkkenet, frå enkle kvardagsrettar til smakfulle smårettar. Undervegs blir det servert smaksprøver som viser kor allsidig og god østerssopp kan vere.

Program for kurset:

Litt om Hella Sopperi
Introduksjon til soppdyrking og dyrkeprosessen
Praktisk dyrking del 1
Smaksprøver og prat om bruk av østerssopp i matlaging
Praktisk dyrking del 2
Korleis passe på soppen heime
Tips til vidare dyrking og utstyr

Kurset varer ca. 2 timar
Maks 15 personar

Kl. 18–20

1100 kr per person

Kurset inkluderer:

Dyrkepose med valfri blå eller rosa østersopp
Råvarer og utstyr som trengst
Rettleiing frå Hella Sopperi
Tips til bruk og tilbereding frå Stene Matglede
Smaksprøver laga med sopp frå Hella Sopperi
Dyrkepose som kan gi om lag 1 kg sopp

Dette kurset kombinerer praktisk soppdyrking med matfagleg inspirasjon, slik at du både lærer å dyrke soppen og får idéar til korleis du kan nyte den når den er klar til hausting :-)

Quelle: Visit Bergen

Vorstellungen

Støvå Pop Up (Bergen)
Oktober 2026

15. Oktober

18:00 - 20:00Jetzt buchen

Kontakt

Adresse:
  • Rogagaten 26
  • 5055 Bergen
Buchung:
stenematglede.ticketco.events/no/nb/e/matkurs_soppdyrking_med_hella_sopperi_og_stene_matglede_okt_26/tellus

Wo ist Matkurs: Soppdyrking med Hella Sopperi og Stene Matglede okt 26