Zum Hauptinhalt

I 1958 skreiv ein 21 år gammal medisinstudent ei bok som blei ein sensasjon i norsk offentligheit: Nihilisme? Eit ungt menneske på søk etter meining. Boka var eit ungt menneske sitt forsøk på å finne eit grunnlag for å leve i ei verd der verken religion eller vitskap kunne gi fullgode svar. I 2008 kåra Dagbladet boka til ei av etterkrigstidas 25 viktigaste norske sakprosautgivingar. Forfatteren, Gunnar Skirbekk, blei ein av Norges fremste filosofar, og spørsmåla i boka har følgt han gjennom heile karrieren – frå debutverket til Religion i moderne samfunn (2021).

Skirbekk er professor emeritus i vitskapsfilosofi ved Universitetet i Bergen, og møter Aslak Hjeltnes, professor i klinisk psykologi ved Universitetet i Bergen, til samtale om Nihilisme? Eit ungt menneske på søk etter meining – og korleis han i dag tenker om spørsmåla som boka tar for seg.

150,–/120,–/60,–

Quelle: Visit Bergen

Vorstellungen

Litteraturhuset i Bergen (Bergen)
November 2026

18. November

19:00 - 20:00Jetzt buchen

Kontakt

Adresse:
  • Østre Skostredet 5
  • 5017 Bergen
Website:
www.litthusbergen.no/program
Buchung:
litthus.ticketco.events/no/nb/e/salong_gunnar_skirbekk_om_nihilisme_og_livsmeining/tellus

Wo ist Salong: Gunnar Skirbekk om nihilisme og livsmeining