Denne gatestubben har ei lang og spennande historie. Frå først av var dette den gamle bygdevegen og her vart husdyra jaga morgon og kveld, på veg til beite. Kyrne gjekk her heilt til sommaren 2004. Etter kvart vart det bygd små hus her, og no er dette eit særprega gatemiljø med kyrkjebuer, stover og ein skule, det einaste i sitt slag som er att på desse kantar. I gamle dagar brukte folk som budde oppe i fjelldalane desse kyrkjebuene til å skifte til kyrkjeklede og ete nista si, før dei rodde den lange vegen til Dale kyrkje. Namnet på gata skriv seg frå den gongen det vart drive handel der, m.a. med brennevin frå firmaet Christian Funder frå København. Cognac kom på eikefat, og fjøler med firmanamnet på vart liggjande å slenge i gata. Slik kom den til å heite Fundergata.

Kontakt

Adresse:
  • 6213 Tafjord
Telefon:
E-Mail:
Website:
www.digitaltfortalt.no/show_single.aspx?art_id=110915

Wo ist Fundergata?