Kurs, konferanser og arrangement i Fjordkysten og Sunnfjord

Legg neste møte, konferanse eller arrangement i idylliske Fjordkysten og Sunnfjord. Vi kan by på eit godt utval av møtelokaler, overnattingsstader og aktivitetar i storslått natur.

Kombiner møtene dine med spennande opplevingar

Arranger kurs og konferanse i Fjordkysten og Sunnfjord og opplev eit opphald som er skreddarsydd etter dine ønskjer og behov. Vi har moderne møtelokaler og konferansesalar i naturskjønne omgjevnadar, og eit stort utval av spennande aktivitetar og opplevingar. Ta gjerne kontakt på mail: vanja@fjordkysten.no for å få tilpassa eit opplegg som passar di bedrift.

Beliggenhet

Fjordkysten & Sunnfjord strekk seg frå breen i aust og til øysamfunna i vest, ein drøy time nord frå Bergen. Det er enkelt å reise til regionen med ekspressbåt frå Bergen, ekspressbuss frå dei største byane i Norge, med Hurtigruten, fly til Florø eller Førde, eller med eigen bil. Du kan lese meir om korleis du kjem deg til og rundt i destinasjonen vår her.

Lokaler til møte, kurs og konferanse

I Fjordkysten og Sunnfjord finn du lokale i alle størrelsar, som passar deg og ditt arrangement. Om det skal vere ei lita team-samling for 5 tilsette i ei bedrift, eller ein stor konferanse eller arrangement, her er det mykje å velje i. Finn lokale til ditt arrangement

Hotell & overnatting

Vi har eit godt utval overnattingsstadar i regionen vår, både større hotel med plass til mange gjestar og mindre gardshotel der du får den meir intime atmosfæren. Sjå overnattingsstadar her.

Aktivitetar

Vi har mange aktørar i regionen som tilbyr aktivitetar som kan passe til ulike typar arrangement. Kontakt oss gjerne for forslag til aktivitetar. Her kan du sjå aktivitetar i regionen

Bedriftsturar

Arbeidsmiljøet er viktig, og det får du ved å pleie forholdet til dine tilsette. Kva med å ta med gjengen på ein tur som inkludera faglig møte, god mat, teambuildingaktivitetar og ein god dose sosialt samvær? Vi kan hjelpe deg å skreddersy det beste opplegget for deg og di bedrift.

Mat & drikke

Vi har eit rikt utval av flinke aktørar som kan servere mat og drikke til ditt arrangement. Sjå oversikt over mat og drikke her.