I Januar 2019 starta Visit Sunnhordland arbeidet mot å verta sertifisert som Berekraftig reisemål og fase 1 vart godkjent i juni 2019. Dette med støtte frå tidelegare Hordaland fylkeskommune. Sunnhordland fullførte og vart godkjent som Berekraftig Reisemål sommaren 2021.
I arbeidet med berekraftig reiseliv vil ein arbeida for at turismen skal ivareta miljø og lokal kultur, med mål om å sikra en positiv innverknad og utvikling for lokal befolkning, reiselivsbedrifter og turistar.
Merket er eit verktøy for å hjelpe alle i reiselivsnæringa til å samarbeide om å styre reiselivsutviklinga i rett retning. Dette er med på å ta vare på naturressursane våre og sikra gode, trygge arbeidsplassar.
Les meir om berekraftig reiseliv her.