Hopp til hovedinnhold

Sunnhordland- ei vandring frå fjord til fjell

I Sunnhordland finn du turar i alle variantar, heilt frå sjøkanten til høge fjelltoppar.

Det finnes over 200 merka og graderte turstiar. Alt frå toppturar på opptil 1426 m.o.h, til lettare vandreturar som passer for heile familien.

Kontrastane er store i Sunnhordland. Alt frå utsikt frå eit av verdas vakraste fossefall til Norges tredje største isbre Folgefonna og ned til det ville havet ved Nordsjøløypa ut mot Ryvarden Kulturfyr.

I Sunnhordland er det 8 kommunar og kvar enkelt av desse kan by på mange fine turar. Her får du eit lite utval av turar frå dei enkelte kommunane.

Tips til 8 turar verdt å få med seg

Midtfjellet vindpark 5419 - Fitjar

Midtfjellet Vindpark er med sine 44 vindmøller ein av dei aller største i sitt slag i Noreg. Med ein framifrå infrastruktur av vegar er fjellet no lett tilgjengeleg for fotturar. Ei av rutene heiter «5419». Namnet kjem av at ruta er nesten av same lengde (meter) som Fitjar sitt postnummer, som er 5419. Turen i Midtfjellet vindpark er veleigna for både gåande, barnevogn og offroad-syklistar. Vegen er universelt utforma.

Kongsen

Kongsen er ein fin og kort tur som kan gåast frå både Bekkjarvik og Selbjørn på Austevoll.

Frå Bekkjarvik følgjer du "N"-merka løype opp via Rosehagen opp til barneskulen og idrettsplassen. Her tek du av til venstre og går forbi barnehagen og vidare opp til Alvamyra byggefelt til du kjem til ein grusveg på høgre side. Følg denne stien til Kongskleiva. Her vil du finne merka løype i variert stigande terreng. Rettar du blikket opp kan du få auge på havørna som leikar seg i vinden, området er og kjent for villsau. Når du når toppen, kan du svinge nedom bua der postkassa står og skrive deg inn i manntalet.

Toppen av Langfoss

Langfoss er det femte høgaste fossefallet i Noreg. CNN kåra i 2011 Langfoss til eit av verdas 10 flottaste fossefall. Den totale fallhøgda er på 612 meter og er godt synleg frå startpunktet.

Stien opp Langfoss startar like ved rasteplassen og fylgjer den gamle setervegen frå Eljarvik og opp til Langfosstølen. På toppen av fossen får du ei fantastisk oppleving med utsikt heile vegen ned til der du starta frå. Åkrafjorden snirklar seg mellom høge fjell på over 1000 meter og bak alt dette vakre kneisar den mektige. Folgefonna i bakgrunnen. Høgdepunktet er kan henda når stien kryssar berget på høgde med utlaupet av Langfossen.

Her er utsikta utruleg! Du ser ned til vegen der turen starta og ut over Åkrafjorden. Vidare ser du over til Mosnes og den freda dalen innover mot Sandvikevatnet på nordsida av Åkrafjorden. Folgefonna kneisar i bakgrunnen.

Bondhusvatnet

Bondhusvatnet har i løpet av dei siste åra blitt ein av dei mest populære turane i Sunnhordland. Turen startar frå P-plassen på god grusveg, Isvegen, til Bondhusvatnet 190 moh. Vegen vart bygd i 1863 for å frakta is frå Bondhusbrea ned til fjorden for eksport til utlandet, og er seinare vedlikehalden som ein uvanleg fin turistveg. Vidare er det sti langs vatnet og opp til Vetledalen 320 moh. der ein kjem nærare Bondhusbrea. For breklatring vert Bondhusbrea ofte nemnt som den flottaste i landet. Bondhusdalen er sentral i Folgefonna Nasjonalpark, og det er ikkje tilfeldig at det var nett her dronning Sonja opna Nasjonalparken 14. mai 2005. Sjå namnetrekk på stein ved Bondhusvatnet. Området har vore som ein magnet på turistar og fjellfolk sidan midt på 1800-talet. Turen er også universelt utforma.

Rullestol
Vegen frå parkeringplassen til Bondhusvatnet har fast grusdekke. Det er fleire grinder på turen, så om du kjem med rullestol er det nødvendig å ha med nokon som kan hjelpe å opne og lukke desse. Godt eigna for motorisert rullestol. Nokre bakkar er bratte og krev kraftig motor.

Nordsjøløypa Mølstrevåg

Turen går frå Mølstrevåg på ein 2 km lang grusveg, gjennom kupert terreng med lynghei og gammalt kulturlandskap til Ryvarden. Frå det høgste punktet omlag midtvegs på turen er det storslått utsikt mot m.a. Sletta, Stord, Bømlo, Utsira og sørover mot Byheiane i Haugesund. Frå steingarden som avgrensar Ryvardsneset, kan ein følgja Nordsjøløypa gjennom marka til Lyngholm (1,5 t.).

Ved ein avstikkar frå vegen rett før ein kjem ut til fyret, står monumentet over dei 16 som omkom då hurtigbåten ”Sleipner” gjekk ned like ved Ryvarden i 1999.

Etter at fyret vart automatisert og fråflytta i 1984, har dei gamle bygningane fått nytt liv som Ryvarden Kulturfyr, med mellom anna galleri, kafe, overnattingsplass og atelier for kunstnarar.

Tysnessåto (752 moh)

Viste du at Haaheim Gaard ligg ved foten av Tysnessåto?Tysnessåto er ein 752 moh fjelltur som du kan gå frå Haaheim Gaard, herfra går turen på ein godt oppmerka sti. Ein går også forbi stølsgrendene Buldo, Huldestølen og Gjerstadstølen på vegen opp. På toppen kan ein nyte nistepakken med heimebaka brød fra kjøkkenet på Haaheim.

Du kan også ta turen frå Solheimsdalen. Her finn du en sti opp mot rasteplassen , "Olavskvile", i ei ur. Her har ein fin utsikt ned mot Dalsætervatnet og sørover mot søre del av Sunnhordland. Du passerer på vegen Malkenesdalen og Såterfjellet. På toppen har du flott utsikt i alle himmelretningar. Søre del av Sunnhordland mot sør, ut mot havet i vest, Bjørnefjorden og nordover, Fonno, Kvinnheradsfjella, Etlådnefjellet og Hovlandsnuten i aust.

Siggjo

Siggjo har til alle tider vore eit viktig innseglingsmerke som ein kan sjå langt til havs. Fjellet er eit populært turmål, og mange tusen besøkjer det kvart år. På denne turen er det viktig å ta seg tid til nokre stopp undervegs, og nyta utsikta etter kvart som ho opnar seg. Frå Siggjo er det ei fantastisk utsikt i alle himmelretningar. Her vil du kunna sjå heilt frå Lyderhorn ved Bergen til Haugesund. Folgefonna ligg i aust som eit glinsande kvitt teppe, og i vest kan du sjå utover storhavet så langt auga rekk. Ein kan sjå Bømlo med sine meir enn tusen øyar og skjergarden i heile Sunnhordland.

På toppen er det merkt stig til ryolittbrot. Her kan ein sjå spor etter fleire tusen år gammal steinbryting. Ryolitt-varianten som finst på Siggjo, er særmerkt og lett kjenneleg, med ein mørk grønleg botnfarge og lysare årer og spetter. Ryolitten frå Siggjo var i bruk frå kring 4000 til kring 2000 år f.Kr. Det meste av Siggjo-ryolitten vart brukt i Hordaland. Dette området har stor verneverdi, så respekter dette og ikkje ta med stein herfrå.

I lange, lange tider har Siggjo vore vêrmerke og vêrvarslar:
- Tek Siggjo på seg hatten, er det varsel om vatten.
- Tek Siggjo på seg kåpa, på godvêr kan du ikkje håpa.
- Tek Siggjo på seg beltet sitt, vert det sol, men det skyar litt.
- Står Siggjo naken og klår, er det om godvêr ho spår.

Sherpatrappene opp til Kattnakken

Dette er ein tur som startar ved inngangen til Heio/ved bommen opp mot TV-masta på Stord. Ein fylgjer vegen forbi bommen eit lite stykke, før ein tek til venstre opp sherpatrappene og Fossabrekko. Langs vegen har ein god utsikt over deler av Sunnhordlandsbassenget mot Huglo, Tysnes, Kvinnheradsfjella, Halsnøy og Borgundøy. Det er også mogleg å sjå Folgefonna. Det er ca 500 trappetrinn til du er på toppen av Fossabrekko. Undervegs er det laga til ein stad med benkar ein kan ta ein rast på.

Frå toppen av Fossabrekko kan ein gjerne kombinere turen med vandring til Stovegolvet.