Hopp til hovedinnhold
  • Søk
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
  • Reiseinspirasjon
  • Fjord Norway logo
    Fjord Norway logo
  • Søk
  • Utforsk kart
    • Destinasjoner
    • Byer og steder
    • Se og gjøre
    • Arrangementer
    • Mat og drikke
    • Overnatting
    • Transport
    • Turistinformasjon
    • Reiseinspirasjon
    • Utforsk kart
Kultur og historie

Voss – kultur og natur

Sist oppdatert: 12.05.2026
En person som står foran Tvindefossen.
Vakre Tvindefossen.|© Paul Edmundson
Vakre Tvindefossen.|© Paul Edmundson

Dei siste fem hundre åra har Voss endra seg mykje. Det store vendepunktet kom med Vossabanen i 1883.

Dei siste tiåra har endringane kome utanfrå, med jazz og ekstremsport som to av stikkorda. Spesielt ekstremsportmiljøa har gjort at Voss i dag er ei svært mangfaldig bygd.

Voss er aktivitetsbygda framfor nokon. Over mange år har reiselivsaktørane jobba målretta for å kunne tilby gjester eit utval aktivitetar og opplevingar. Voss er kjent av mange grunnar og vert gjerne hugsa som vinterdestinasjonen, medaljebygda og ekstremsportsbygda, for vår vakre natur og unike kultur. Vossafjella er sårbare og naturen er svært viktig for bygda. Voss er derfor ein reiselivsdestinasjon som legg stor vekt på eit berekraftig reiseliv.

Voss har ei rik kulturhistorie - og den er heldigvis godt ivareteken. På Finnesloftet får du oppleva ein gildesal frå middelalderen - år 1295! Vangskyrkja frå år 1277 er også å verdt eit besøk. På Voss folkemuseum på Mølstertunet står det eit klyngetun akkurat slik det gjorde då folk budde her og dreiv gardsbruk for fleire hundre år sidan. Eit fantastisk innblikk i historia vår! Historia om korleis Voss vart Voss vert fortalt i utstillinga «Utsyn mot Voss» på Voss folkemuseum, som opna sommaren 2021. Utstillinga dekkjer dei siste 500 åra, frå mellomalderen og fram til i dag. Her finn du mellom anna folkedrakt og fallskjermdress, eldre hardingfelespel og nyare rock, og presentasjonar av femti personar som har prega bygda eller utmerka seg på sine område.

Tre personer utkledd i klær fra middelalderen som står foran Finnesloftet på Voss.
Finnesloftet på Voss | © Sara Finne
Finnesloftet

Finnesloftet

Gildesalen er eit nasjonalt kulturminne frå 1295 og er den eldste profane trebyningen i Noreg.

Voss folkemuseum Mølstertunet

Voss folkemuseum - Velkomen til oss og få utsyn mot Voss

Voss folkemuseum ligg flott til med utsikt over Vossevangen med fjell og vatn.

Om du vil koma tett på naturkreftene anbefaler me å besøkja nokre av fossane som omringar Voss - som Tvindefossen eller Skjervsfossen. Bordalsgjelet er også ein flott naturattraksjon som ligg i gåavstand frå sentrum. Fjella i Vossaregionen er eit eldorado for både korte og lange fjellturar, og mange av turane har panoramautsikt mot isbrear, fjordar, fjellrekkjer og innsjøar. Med Voss som utgangspunkt har du mange moglegheiter - alt frå turar på nokre få timar til turar over fleire dagar med overnatting i hytter eller telt.

Tvindefossen

Tvindefossen

Den 110 meter høge fossen er ein svært populær turistattraksjon.

Bordalsgjelet

Bordalsgjelet

Bordalsgjelet er ein spektakulær naturattraksjon i gangavstand frå sentrum.

Det går tog til Voss både frå Bergen og Oslo. Det er også mogeleg å kome seg hit med buss eller eigen bil. Voss stasjon er navet for kollektivtrafikk i bygda. Her kan du leige el-sykkel frå VossaBike, lokale bussruter har utgangspunkt ved togstasjonen, her finn du også Voss Gondol som tek deg opp til over 800 m.o.h. på nokre få minutt, og på gatenivå finn du Voss Turistinformasjon.

Gondolbilletter

Gondolbilletter

Gondolbanen på Voss tek deg opp til Hangurstoppen på 820 moh. Gondolen startar på Voss stasjon. Du kan altså gå rett frå toget eller bussen, og om bord i gondolen som tek deg til fjells på under ni minutt. På toppstasjonen har du flott panoramautsikt til fleire av fjella som omkrinser Vossabygda, og eit flott område for rekreasjon og aktivitetar. Om sommaren er det fokus på vandring, sykling og paragliding, og på vinteren tek gondolen deg rett opp til skisenteret Voss Resort. Her finn du også skiskule og skiutleige.

  • Bildebank
  • Kurs og konferanse
  • Bransje
Fjord Norways sekundærlogo
Om Fjord NorgeOfte stilte spørsmålPersonvernRegistrer arrangement