I Leirvåg er det friområde med badeplass og toalett. Her ligg òg ein kolerakyrkjegard frå 1849, kjend som «Kirkegården ved havet» etter ein komposisjon av Fartein Valen.

Turen til Leirvåg startar ved Nappabrua og tek om lag 20 minutt på merka sti. Det er lagt ut klopper over våte parti.

Ved friluftsområdet ligg ein godt bevart kolerakyrkjegard. Kyrkjegarden blei vigsla i 1849, då koleraepidemien råka vestlandskysten. Epidemien starta under sildefisket og spreidde seg raskt.

Koleragravplassane ligg ofte langt frå folk og hus. Folk trudde dei døde kunne smitta også etter at dei var komne i jorda.

Kolerakyrkjegarden er kjent som «Kirkegården ved havet» etter ein komposisjon av Fartein Valen. Komponisten Fartein Valen (1887–1952) budde og arbeidde store periodar av livet sitt i Valevåg, og «Kirkegården ved havet» er eit av dei mest kjende verka hans. Diktet «Le Cimetière Marin» av Paul Valery, om den store krigskyrkjegarden i Cette i Frankrike, inspirerte Valen til dette verket, men Valen har og fortalt at tankane hans gjekk til denne vesle gravplassen.

Muren rundt kyrkjegarden blei restaurert i 2014.

(turløype, badeplass, kulturminne, friområde)

Contact

Address:
  • 5554 Valevåg
Phone:
+47 52 77 48 30
Email:
post@frivest.no
Website:

Where is Leirvåg recreation area?