Duoen består av 5 km til fots / på sykkel / i bil, etterfølgt av ein gåtur ved sidan av eller på 2500 luftige trappetrinn. Ein returnerer tilbake til Høyanger sentrum same vegen som ein kom. Om du ikkje ønskjer å fullføre heile kraftduoen kan du heilt fint stoppe turen etter 5 km i enden av dalen, og utelate trappene. 

På denne turen får du oppleve sentrale kraftinstallasjonar i Høyanger, og sjå krafthistoria til tettstaden utfalde seg i landskapet. Ved trappene finn du Eiriksdal kraftverk og K2 (bilde 1 under), to generasjonar med kraftverk der det første erstatta det siste i 2014. På toppen av trappene vil du få utsyn over heile dalen ned mot Høyanger, og vil sjå kraftinstallasjonar som har danna sjølve fundamentet for industrien som tettstaden har hatt som livsnerve gjennom over 100 år. 

Overnatting på Øren Hotel

Last ned meir informasjon

Dag 2

Byvandring i eit kraftsamfunn Langs denne byvandringsløypa får du sjå korleis Høyanger vart bygd opp som eit idealsamfunn av leiinga på aluminiumsverket, og korleis det har gitt utslag i unik industrikultur og arkitektur.

Last ned meir informasjon her

Kontakt

Adresse:
  • Elvegata 14
  • 6993
  • Høyanger
Telefon:
57707600
E-post:
post@orenhotel.no
Nettside:
orenhotel.no/

Hvor er Kraftduoen i Høyanger?