Bård Tufte Johansen har sidan tidleg nittital laga ei lang rekke humorprogram, m.a. «Lille Lørdag», «Åpen Post», «Uti vår hage», «Team Antonsen», «Tazte Priv», «Tre brødre som ikke er brødre» og «Brille» for å nemna noko.
Er som dei fleste no veit fast programleiar i «Nytt på Nytt» på NRK og var sist å sjå på scenen i «12 Gode Råd» i lag med Atle Antonsen.
Etter supersuksessen med debut-soloforestillinga, «Bård Tufte Johansen – Mann (44)», som hausta seksarar og femmarar på anmelderterningane, er han no altså klar med den etterlengta oppfølgjaren.
Alt var kanskje ikkje betre før, men det var iallfall annleis. For ting forandrar seg, både i kroppen, i forholdet og i samfunnet.
Men det er ingen vits i å stritta imot endring, ein kan like gjerne akseptera den. Så Bård Tufte Johansen vel å vera positiv!
Eller, han prøver å vera positiv.
Hjartans velkommen til ein forsøksvis positiv humorkveld!
Teater og scenekunst
Bård Tufte Johansen - Prøver å være positiv
Stand Up Norge AS presenterer: BÅRD TUFTE JOHANSEN - PRØVER Å VÆRE POSITIV!" Endeleg er Bård Tufte Johansen tilbake med eit nytt standup-show!
Stord KulturhusLeirvik
@StordKulturhus_BårdTufte
Visninger
Stord Kulturhus (Stord)
- 04. september, 2026:
- 19:00
Kontakt
- Adresse:
- Kulturhuset, Hamnegata 1
- 5401 Stord
- Telefon:
- E-post:
- Nettside:
- stord.kulturhus.no/bard-tufte-johansen-prover-a-vaere-positiv-r2t7ko/#tickets