Hopp til hovedinnhold

Soloturné vår 2026

Med si einesteståande stemme, musikalitet og surrealistiske forteljarkunst legg Bjørn Tomren ut på turné med nye og gamle landeplager. Repertoaret spenner frå religiøse folketonar, strupesong, Americana, jazz, middelalderballadar, jodling, psykedelisk protestmusikk, til viser så låvmælt at du først merkar dei på veg heim.

Sidan 2019 har Tomren gjeve ut tre kritikarroste album. Hausten 2021 blei han heile Norge sin favoritt i NRK-konkurransen «Stjernekamp», og blei omtala som «den kulaste artisten i Stjernekamp si historie». Deretter følgde omfattande turnéar med utselde konserthus over heile landet. Den siste tida har han også bemerka seg som skodespelar i NRK-serien «Våre beste år».

Utanfor scena er Tomren eventyrar med verdsrekord i «Norge på langs-turar»; I kajakk, til fots, på ski og i robåt. Han kan også vise til ei kort karriere som klovn. Erlend Loe sa ein gong: «Bjørn Tomren er ikkje berre ein gudbenåda musikar med fantastisk stemme, han kan også sykle på eitt hjul.»

Vi riggar konsertsalen i Fosnavåg konserthus med småbord denne fredagskvelden i palmehelga. Velkomen på konsert!

Visninger

Fosnavåg Kulturhus (Fosnavåg)
27. mars, 2026:
20:00

Kontakt

Adresse:
  • Gerhard Voldnes veg 7
  • 6090 Fosnavåg
Telefon:
911 17 644
E-post:
post@fosnavagkonserthus.no
Nettside:
www.fosnavagkonserthus.no/

Hvor er Bjørn Tomren prøver så godt han kan