Ingrid Bjørnov er endeleg tilbake med eige sceneshow – denne gongen i elektrisk utgåve og med eige band. Velkomen til Bjørnov tar det piano, ei heilaftan der musikalitet, humor og overraskingar står i kø.
Frå pionértida med Dollie de Luxe til fem kritikarroste soloshow på landets største scener, har ho vist ei eineståande evne til å begeistre – og blitt ein av Noregs mest folkekjære artistar.
Med vidd, energi og fortruligheit til pianoet skaper ho augeblikk som treff både lattermusklar og hjarte.
No er ho klar til å ta det heile eit hakk vidare.
I Bjørnov tar det piano møter publikum ein artist som er større, råare og meir elektrisk enn nokon gong. Kva som skjer når Bjørnov ikkje berre spelar, men òg dansar med pianoet sitt, gjenstår å sjå.
Éin ting er likevel sikkert: dette blir ei oppleving ingen vil gå glipp av.
Varigheit: ca. 80 minutt
Ingen pause
Teater og scenekunst
Bjørnov tar det piano
Ingrid Bjørnov er endeleg tilbake med eige sceneshow – denne gongen i elektrisk utgåve og med eige band.
Sjøborg KulturhusUlstein
© Backstage og Starworks
Visninger
Sjøborg Kulturhus (Ulsteinvik)
- 02. oktober, 2026:
- 19:00
Kontakt
- Adresse:
- Sjøgata 10
- 6065 Ulsteinvik
- Telefon:
- 70 01 77 00
- E-post:
- kristine.brungot@ulstein.kommune.no
- Nettside:
- www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20250388