Hopp til hovedinnhold

Ingrid Bjørnov er endeleg attende med eige sceneshow. Denne gong i elektrisk tapning, og med eige band.Velkommen til Bjørnov tar det piano, ein heilaftan der musikalitet, humor og overraskingar står i kø.

Frå pionértida medDollie de Luxe til fem kritikarrosa soloshow på landets største scener, har ho vist ei eineståande evne til å begeistra - og er blitt ein av Norges mest folkekjære enterteinarar. Med vidd, energi og tiltru til pianoet skapar ho augeblinkar som treff både lattermusklane og hjartet.
No er ho klar til å ta det heile eit hakk vidare.

I Bjørnov tar det piano møter publikum ein artist som er større, råare og meir elektrisk enn nokon gong. Kva som skjer når Bjørnov ikkje berre spelar, men også dansar med sitt piano, gjenstår å sjå.

Éin ting er likevel sikkert: dette blir ei oppleving ingen vil gå glipp av.

–––
Varigheit: om lag 1 t 20 minutt.
Rullestolplass og ledsagerbillett: Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 /
e-post: resepsjon@oseana.no

Visninger

Oseana kunst- og kultursenter Oseanasalen (Os)
30. oktober, 2026:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Mobergsbakken 20
  • 5200 Os
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.oseana.no/

Hvor er Bjørnov tar det piano