Hopp til hovedinnhold

I boka Dei fordømte karikaturaneviser Odd Isungset korleis religiøse og politiske makthavarar i Egypt, Syria, Iran og Qatar brukte karikaturstriden for å sikre eiga makt. I ei dramatisk dag-for-dag-forteljing skildrar han korleis aktørane handla, og resultatet er oppsiktsvekkande. Forfattaren har fått tilgang til fortruleg kommunikasjon mellom Utanriksdepartementet og dei norske ambassadane da krisa råka, og nyttar dokumentasjon som ikkje tidlegare har vore kjent.

20 år etter at teikningane først blei publisert, får vi ei ny forståing av saka og av kven som har ansvaret for at situasjonen spant ut av kontroll. Vi får også ny innsikt i kor hardt pressa utanriksminister Jonas Gahr Støre og Magazinet-redaktør Vebjørn Selbekk var under striden.

Foredrag ved forfattaren Odd Isungset
I samarbeid med Ytringsfrihetsbyen Stavanger

Visninger

22. januar:
12:00

Kontakt

Adresse:
  • Sølvberggata 2
  • 4006 Stavanger
Telefon:
+47 51 50 74 65
E-post:
post@sølvberget.no
Nettside:
www.sølvberget.no

Hvor er Bokprat: Dei fordømte karikaturene - om maktspelet bak Muhammed-krisa