Hopp til hovedinnhold

Korleis kan dans gi oss innsikt i korleis vi navigerer livet i samspel med andre?

Vi lever i ei verd som slitast i saumane – prega av konflikt, motsetningar og kaos. Kvart steg framover møter motstand. Kvardagen er ein konstant forhandling, med eit håp for framtida.

I Insight utforskar Heine Avdal og Yukiko Shinozaki det skiftande forholdet mellom individ og fellesskap.

Fellesskapet i Insight er skjørt, fleksibelt og i stadig endring. Dansarane rører seg i eit system som aldri står stille, der oppmerksemd, rytme og relasjon må forhandlast frå augneblink til augneblink.

Framsyninga hentar inspirasjon frå trådleik som ein inngang til å utforske korleis vi opnar og lukkar oss for andre. I trådleik flettast skjøre mønster mellom hender. I Insight ser ein korleis små rørsler er med på å skape ein større heilskap. Resultatet blir til gjennom samspel og merksemd. Dreg ein for hardt, bryt figuren saman; held ein for laust, glip den. Kvar rørsle er med på å forme heilskapen, slik også kvart val i ei gruppe påverkar fellesskapet.

Koreografane kallar dette å røre seg som ein demokratisk kropp – ein praksis der kvar enkelt har tyding i kraft av korleis dei påverkar heilskapen.

Korleis kan ein røre seg utan å øydelegge for kvarandre?

---

Kunstnarleg lag:

Koreografi: Heine Avdal & Yukiko Shinozaki

Komposisjon/ lyddesign:Roeland Luyten

Lysdesign: Heine Avdal & Robert Roespel

Kostymedesign: Indrani Balgobin

Dansarar:

Adrian Bartczak
Aslak Aune Nygård
Brecht Bovijn
Dawid Lorenc
Gaspard Schmitt
Ihsaan de Banya
Iris Auguste
Mai Lisa Guinoo
Nadege Kubwayo
Noam Eidelman Shatil
Ola Korniejenko
Ole Martin Meland
Olha Mykolayivna Stetsyuk
Trine Lise Moe


–––


Varigheit: Om lag 60 minutt framsyning + 20 minutt ettersnakk.


Rullestolar og ledsagarar: Ledsagarar har gratis inngang. Eit avgrensa antal rullestolplassar og ledsagarbillettar kan kjøpast/reserverast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no

Visninger

Oseana kunst- og kultursenter Oseanasalen (Os)
17. april, 2026:
19:00

Kontakt

Adresse:
  • Mobergsbakken 20
  • 5200 Os
Telefon:
E-post:
Nettside:
www.oseana.no/

Hvor er Carte Blanche: Insight – av Heine Avdal og Yukiko Shinozaki