Når nettene blir lange og vinterfrosten legg eit rima slør over mørkelandet, er det lite som varmar som tonene frå dei tre høgt elska tenorane i Nordic Tenors og deira virtuose pianist Torgeir Koppang.
«Christmas with Nordic Tenors» er meir enn ein julekonsert. Det er ein frydfull oppleving både for auge og øyre, ei fullt ut gjennomarbeida estetisk framsyning med musikk og vokalprestasjonar frå øverste hylle. I over 20 år har tenortrioen reist landet rundt med ein førjulsstund fylt med varme og humor, med eit variert julerepertoar bygd på høgtid og tradisjon, ei framsyning som garantert vil setje deg i den gode julestemninga.
Nordic Tenors består av tenorane Jan-Tore Saltnes, Nils Georg Nilsen og Espen Solsbak. Gruppa har tidlegare vunne Komiprisen, vore kongelege toastmasterar, åpna den nye operaen i Oslo og har vunne publikums hjarte over heile landet. Gled dykk til hjarterørande julemusikalske opplevingar, helsebringande mosjon for lattermusklane og himmelsk balsam for lydhøre øyre!
–––
Varigheit: Om lag 1t 25 min.
Rullestolar og ledsagarar: Ledsagarar har gratis inngang. Rullestolplassar
og ledsagarbillettar kan kjøpast/ bestillast i resepsjonen eller ved å kontakte oss på telefon: 917 50 231 / e-post: resepsjon@oseana.no
