Hopp til hovedinnhold

Folk er høgt oppe blant tema vi snakkar mest om: kjentfolk, familiefolk, sure folk og stortingsfolk. Mannfolk, kvinnfolk og mediefolk. Og finansfolk, fjellfolk, urfolk, askøyfolk og influensarar. Du skjønar greia.

Når ein av landets morsomaste standupfolk snakkar om andre folk, blir det mykje å le av – og mykje å kjenne seg igjen i. Denne gongen har Dagfinn med seg ein av sine absolutte favorittfolk, nemleg musikar og bestevenn Bjarte Jørgensen. For nokre fine folk!

Vi gler oss stort til at folk igjen skal få oppleve eit nytt show med folkekjære Dagfinn.

«Det er så gjenkjenneleg at heile salen brøler av latter.»
– Aftenposten
«Dagfinn Lyngbø er framleis ein av norsk humors aller beste komikarar.»
– NRK
Dagfinn Lyngbø har hatt stor suksess med framsyningane Ka e’ vitsen? (2005), Evolusjon (2008), Stereo (2012), Supersmud (2017) og Kjøreregler i forbindelse med koloniseringen av Mars (2020). Til saman har dei seldt over ein halv million billettar og vunne heile åtte Komiprisar – noko som understrekar posisjonen hans som ein av landets mest populære komikarar.

Éin ting veit vi heilt sikkert: Når Dagfinn lagar show – då kjem det folk!

Visninger

Sjøborg kulturhus (Ulsteinvik)
12. februar, 2026:

Kontakt

Adresse:
  • Sjøgata 10
  • 6065 Ulsteinvik
Telefon:
70 01 77 00
E-post:
Nettside:
www.sjoborg.no/kulturprogram/KUL20250427